Umbot i Rettsvæsenet.


(Del 2 av 3. Fyrste delen.)

(Framhald.)


Der Retts-Væsenet er, som det skal vera, vil Aalmugen tykkja, at han hev ei god Vern i Domstolarne. Men eg trur knapt det er slik hjaa oss.

Me hev ikkje so sjeldan set Domar, som hev voret so undarlege, so embætsmanns-pedantiske, so reint etter Bokstaven og mot Tanken i Lovarne, so Aalmugen ikkje hev kunnat finna nokor Rettferd i Domarne. Og difyr hev det ender og Gong hendt, at einkvar, som visste han hadde Urett, hev lagt Sak mot ein Motstandar, fyr di han tenkte, kannhenda den eine kunne vinna likso godt som hin og at det var som eit Lotterispel. Og endaa tidare hev det hendt, at Folk hev tott dei var best bergjad, naar dei hadde so litet som mogelegt med Domstolarne aa gjera; og difyr let dei helder nokot litet av Retten sin ut or Henderne helder enn aa vaaga seg ut paa det uvisse. By-Juristar, som litet hev kjennt Tenkjemaaten millom Aalmugen, hev dømt etter Bokstaven i Lovar, som fyr ein stor Deil skriv seg fraa Einvaldstidi og er ei Etterlikning etter eit framandt Lands Lovar.

Soleids hev den norske Rettskjensla voret kuat helder enn fenget Framhjelp, som ho trengde so hjarteleg væl til, og Folkelynnet hev teket Skade av det.

Det hev til den seinaste Tidi voret avsagt Domar her i Landet, som Aalmugen hev bisnat paa og spurt seg sjølv: kann slikt vera Rett?

Stundom kann det hava hendt, at Domaren ikkje forstend Landsmaalet og soleids kjem til aa døma rangt. Naar Domaren forhøyrer eit Vitne og ikkje forstend, kvat han segjer, og spyrr, um det er slik og slik han hev meint, og so Bonden svarar, kvat han hev meint og Domaren endaa ikkje skynar det og held paa og spyrr, um ikkje det er so og so han meinar, so gjev sistpaa Bonden seg reint yver og segjer ja berre fyr aa faa ein Ende paa det, jamvæl um han slett ikkje skynar, kvat Domaren hev meint. Naar slikt hender, er det ikkje aa undrast paa, um Domen stundomtil kann høva ille. Og slikt skal hava hendt, allvisst i eldre Tider, daa Bonden var mindre upplyst.

Korleids ein Dom kann vera rett etter Bokstaven mein beint imot alt Folkevet, høyrde eg eingong nemna eit kostelegt Døme paa.

Dei fortel, at under Thranekrigen var det i ein av Smaalensbyarne samlat ein Hop, som slo ut Ruturne einkvar Staden. So var det ein Glasmeistar, som hadde voret ute i godt Lag, han kom framum og fekk sjaa detta Staaket, og so sagde han: Det er rett, Ruturne ut og Glasmeistaren inn. Andre fortel, at han sagde: Det er rett Gutar, det tener Glasmeistaren paa.

Meiningi aat Glasmeistaren var den: De er nokre store Naut, som slær ut Ruturne, for det hev de ingen Bate av, det er berre eg, som tener paa det. Men etter Bokstaven hadde han eggjat upp til Upprør. Mannen kom paa Tugthuset.

Eg vil ikkje gjera vaart Stell verre enn det er; reint ut sagt, slikt kann henda i andre Land og. Fyr nokre Aar sidan var ein Engelsmann klagad, fyr di han hadde forfalskat Portvin og selt, skuldad dei han fyr. Men Mannen førde fram Vitne paa, at det hadde ikkje voret ein Drope ægta Portvin i den Vinen, han hadde selt; soleids hadde han ikkje forfalskat nokot. Mannen vart frifunnen. Hadde det soleids voret nokot ægta Vin uppi Blanda hans, soframt det hadde voret litet Grandet Ærlegdom hjaa denne Mannen, so hadde han vortet dømd; men daa han var ein Skarv all igjenom, so vart han etter Bokstaven i Loven frifunnen.

Slik Dom gjer mykje Skade paa Samfunds-Moralen; det er som ei daud Mus i ei Mjølkeringje.

Hjaa oss hev det nokk voret helder mykje av forunderlege Domar, som Folk ikkje hev kunnat skyna Meiningi med. Eg vil ikkje leggja nokot større ut um det, som hev hendt no i det sidste _ at Jon Hol vart sett i Myrkestova som ein annan Brotsmann, fyrdi han uppmodad til aa verja um Grunnloven, ifall dei gjorde Statskupp, elder at Thomesen vart klagad, fyr di han drog fram, at A. B. Rustad hadde spottat Religionen, elder at ein som spottar Kongen elder Kongemagti fær 60 Dagar Fengsel, men Rustad, som hadde spottat Gud-domen, slapp med ei Bot paa 40 Krunur, for i slik politisk Baaregang, som no hev voret, er det liksom mange kjem ut or rette Tankevegen.

Her er nok med andre Ting aa leggja ut um. Verst hev det voret med slike Saker, der Folk hev brukat Nødværge. Her trengst det ei heil Umbot i Retts-Tanken.

Slik som det er no, so lyt ein, naar ein vert ute fyr Yverfall, fara so lekkert med Mordaren og Røvaren, som det var Glas i han. For Gud naade deg, slær du so hardt til han, at han nauar nokot.
 
Vil du vera heiltupp trygg, so lyt du fyrst lata deg slaa ihel og so taka Vitne paa, at du er ihelslegen, og so er det daa berrsynt, at det hev voret Livsfaare, og so kann du hugheilt slaa fraa deg att. Men ikkje fyrr.

Men naar ein ikkje er ute fyr Yverfall, so kann det nokk henda ein fær taka ein Manns Liv strafflaust.

Fyr ei Tjug Aar sidan kom det ein Nattelaupar til ein Kapteinsgard. Kapteinen skaut han. Det er ei kjend Soga, der var ingen Faare fyr Kapteinen, Mannen bad fyr seg, Kapteinen stod med Byrsa i Handi, han var vand til aa handsama Byrsur, han skaut Mannen og vart frifunnen.

Storesunde sprøytad dei kaldt Vatn paa i 3 Kvarter, trur eg mest det var. Mannen døydde, og dei som hadde gjort det, vart frifunne.

Men naar det er Nødværge?

Fyr nokre Aar sidan gjekk det ein fredeleg Arbeidsmann i ein av Smaabyarne; ein full Slusk gauv paa han. Arbeidsmannen slo fraa seg, som rimelegt kunne vera, og raakad under Hoka paa Kulten. Fyren var ikkje stød paa Beini, og, daa han fekk Slaget, kantad han, slo Nakken i ein Stein og døydde. Arbeidsmannen fekk Straff.

Undarlege Greidur. Loven set ikkje Straff fyr aa vera full elder skjenkja ein Mann full. Den, som er skikkeleg, han skal lata seg yverfalla og taka mot Juling, og er han rettugt bergsterk og slær den fulle Mannen, so skal han halda Handi under han, naar han dett, so han ikkje slær seg. Og so etterpaa, naar den fulle Mannen legg seg til aa sova i Kulden um Veteren paa berre Marki, so er du skyldig til aa hjelpa han, so han ikkje frys ihel, um du so skal gaa halve Mili etter Hest fyr aa faa han i Hus.

Sigler han i Fylla Baaten yver Hovudet paa seg, skal du vaaga Livet fyr aa bergja han.

Forbryt den fulle Mannen seg, so skuldar han berre paa det, at han var so full, at han ikkje visste, kvat han gjorde, og det vert daa reiknat fyr formildende Omstendigheder.

Fyllebytta er reint Kjælebarnet. Men den, som vert yverfallen, lyt agta seg.

Det er ikkje so mange Aar sidan det hende i Nordland, at det var ein Bumann, som fekk sjaa 4 Finnar kom burtetter Jordet inn aat Garden; væpnad var dei. Nordmannen tok Hagla si, for han var ein mot fjore, bad Finnarne stadna, elles vilde han skjota, sagde han. Men Finnarne kom næmare og næmare. Sistpaa vart Nordmannen rædd, sigtad etter Beinipaa dei og skaut, men han raakad den eine lenger uppe, so han fekk Banesaar. Nordmannen fekk Straff.

Men Kapteinen, som drap Nattelauparen, som ikkje var væpnad, og dei, som sprøytad paa Storesunde, gjekk fri.

Det er ikkje mi Meining aa klandra Retten, fyr di han frikjende desse; kannhenda var det best so. Men kvifyr straffa hine? Kvat tenkjer Aalmugen um slikt?


( Meir.)