Tidender.

 
 
Kristiania, den 4de November.


Krigen i Sudan. Mahdien hev vunnet no i det siste. Khediven i Ægypten hev sendt Telegram til Styringi i England um, at Khartum er teken og General Gordan fangad.


Tyskland. Det hev no voret haldet Tingval. Endaa kjenner me inkje so nøgje til, kor sterk kvar Fylking er; men so mykje kann me sjaa av dei Vali, som no er kjende at Folket inkje hev stor Samhug med Bismark. Den Fylkingen, som hev havt mest Framgang er Sosealistarne. Dei kjem i Aar til aa møta meire mannsterke i Riksdagen, enn dei hev gjort nokor Sinn fyrr. Elsas-Lotringen hev vald fransklynde og Nordslesvik dansklynde Tingmenn, so det ser inkje ut til, at dei tvo Landslutarne vil gjera Tyskarar av seg so snart.


Rusland. Hardstyret aukar kvar Dag i Rusland, og difor aukar og Misnøgjet. Høgskulen i Kjeff er stengd, med Bladi er det strengt Ettersyn, sjølv gamle Aargangar, vitenskapelege Tidsskrifter og Bøkar er beslaglagde, so ein i Leigebiblioteki no inkje kann faa stort annat enn Skarvebøker, som det inkje er verd aa lesa. Det kryr av Polititenarar alle Stader, inkje berre i Storbyarne, men i Landsbyarne og paa Bygderne med. Styringi trur, at ho paa slik Maate skal stagge Fridomsrørsla i Landet; men ho gløymer, at sama Framgangsmaaten hev voret brukt av mange hundra Styringar fyrr, og at det hev voret nyttelaust. Den Tidi, daa Rusland kjem til aa freista det sama, som Frankrike freistad for snart 100 Aar sidan, kjem kanske snarare enn mange trur, dersom inkje Styringi tek til Vitet.


Japan. I Japan er det no innført Truesfridom fullt og heilt. Bladi der kunngjer eit Brev fraa Mikadoen (Keisaren), som var skrivet den 11te August d.a. og i det stend, at Budhismen og Schintodyrkingi inkje skal vera Statstrudom lenger elder staa under nokot Verjemaal av Staten. Kvar Japanesar skal faa Lov til aa hava den Trudomen, som han likar best. Baade Budhaprestarne og Schintoprestarne kjem no til aa velja seg Hovudsmenn (Bispar) sjølve; men desse Bisparne maa likevæl verta godkjende av Styringi. Bispe- og Prestelønerne skal takast av Tempel-innkomurne. Mikadoen, som til dessa hev voret den høgste av Budhaprestarne hev soleids no av fri Vilje gjevet Avkall paa denne Vyrdnaden sin.


Tilstandet i Rusland. I eit av dei siste Møti, som Helseraadet i St. Petersburg heldt sagde Livlækjaren aat Keisaren bland annat: Naar ein ser, kor mange, som døyr paa Sjukehusi vaare og spør etter Aarsaki, so vert Svaret det, at Stordelen av Sjukingarne svelt ihel. Kvar Sjuking fær 14 Kopekar (paa Lag 22 Øyro) til Dagen i Matpengar, men det er inkje eingong nok til aa kjøpa so mykje Uksekjøt for, so det rekk nokon Stad. Til det kjem, at Sjukepassararne, som hev lite Løn, stel av det vesle som er, naar dei kann koma til det.

At Økonomarne ved Sjukehusi vert rike, avdi dei stel snart fraa dei sjuke og snart fraa dei, som hev Arbeid ved Sjukehuset, nemnde Lækjaren inkje nokot um, truleg fordi alle kjenner til det fyrr.


Slaveriet i Afrika. Paa eit Møte i Manchester gav Stanley no for nokre Dagar sidan Upplysning um Slaveriet i Afrika. Det var langt ifraa, at dette Ustellet var staggat endaa, sagde han. I Portugals Nybygder dreiv dei Slavehandelen no som fyrr. Fyrre Aaret trefte Stanley nokre Folkerøvarar fraa Arabia ved Kongo, 1200 engelske Mil inne i Landet. Dei hadde plundrat mange Landsbyar, drepet Mennerne og teket Kvinnfolki og Borni med seg. Han hadde aldri set nokot so stygt fyrr. 300 Mann heldt 2,300 uttærde nakne Kvinnfolk og Born i Handjarn og Lekkjer. Det var eit Syn, som kunna faa Folk til aa ropa: Hemn yver Illgjerdsmennerne! Stanley hadde den Voni, at Folkemeiningen vilde nøyda Styringi til aa faa Ende paa Raaskapen.


Eit stort Vintre. I Garta, Portugal, er der eit stort Vintre, som er vidspurt baade for sin Storleik og Alder, og for den Mengd med Druvur, som det hev boret. Sidan 1802 hev det boret store, blaa Druvur og Stamma er inkje mindre enn tvo Meter i Tvermaal. I 1874 gav Treet 823 Liter Vin, i 1875 763 Liter, men i 1883 gav det likevæl inkje meire enn 374 Liter Vin.


Aa du heilage Zsar. Politiet i Petersburg hev gjevet Paabod um, at Bilæti aat Keisarparet skal takast burt fraa alle Skjenkjestovur og Matstovur. Grunnen er den, at Gjestarne inkje altid hev synt Vyrdnad nok for Bilæti.


Den største Petroleumskjelda, som finst i Verdi, er i Thorn Creek i Amerika. Ho hev gjevet inkje mindre enn 2000 Fat um Dagen. For nokot sidan borad dei Kjelda 2 ½ Fot djupare og Dagen etter gav ho 3240 Fat. Dette gjorde, at mange, som med ein Gong vil verta rike, hev reist til Thorn Creek og kaupt seg Land, for der aa grava etter liknande Oljeaarar. Kjelda hev voret i Gang berre nokre Maanadar, og Staden som fyrr var øyde hev no fleire Hotel, Skjenkjestovur, Kraambuder og mange Spilhus.


Kirgisararne i Austluten av Rusland er eit urolegt og raatt Folkeferd. Det er ingen, som vaagar seg til aa reisa aaleine gjenom Landet, og altid lyt ein sjaa til aa hava gode Vaapen paa seg, daa ein ingen Stad er trygg. Kirgisararne fer ikring i ridande Flokkar paa ein 20 Mann og plyndrar og røvar den framande Ferdamannen kvar dei treffer honom. Det er mange, som hev klagat for Styringi, og det er aa vona, at ho snart set ein Stoppar for slik Framferd.


Kretursotti hev faret hardt fram i Sibiria iaar. Berre i Guvernementet Tomsk døydde 131,528 Kretur fraa 1ste Januar til 1ste Juni. Sotti gjer mest kvart Aar ein Svip inn i det evropeiske Rusland, og dei hev reknat ut, at Skaden paa Lag er 47 Milionar Rublar um Aaret.


Udaad. I Palermo stend eit Hus, som ingen hev butt i paa mange Aar, daa Folk hev sagt, at det spøkte der. For nokot sidan flutte ein Mann og baade Sønerne hans inn i det, for dei trudde inkje nokot paa Spøkriet. So var det ei Nott, Faren var sjuk, at det tok til aa rigna og Vatnet draup gjenom Taket og nedi Sengi. Gutarne gjekk daa upp aa Loftet for aa sjaa um det kunna gjerast nokot ved det. Dei fekk daa sjaa 3 Lik liggjande ved Sida av kvarandre burte i Kraai. Gutarne vart reint forfælte og sette i eit Skrik. Faren kom upp; men daa han fekk sjaa Liki vart han so redd, at han datt daud ned. Politiet leitar no etter Illgjerdsmennerne.


Verdensutstelling i Paris 1889. Dei skal halda ei stor Verdensutstelling i Paris 1889 til Minne um den store Revolusjonen for 100 Aar sidan.


Ein olm Ukse drap tvo Menneskje no nyleg burte ved Dublin (Irland). Ein Gardeigar, Mulvihill, møtte fyrst Stuten, og Stuten gauv paa honom, drap honom og reiv Kroppen hans i Betar. Daa det kom Bodsending um dette til Garden, var det ingen annan heime enn Tenestgjenta. Ho tok ein Spade og gjekk av og skulde jaga Uksen, som framleis dreiv med aa riva sund Kroppen aat Husbonden hennar. Ho tok til aa slaa Stuten med Spaden alt ho vann; men det varde inkje lenge, fyrr Stuten hadde teket henne paa Horni og rivet henne like so sund som Husbonden hennar.


Kollsigling. Ein Baat med tvo Mann i kollsiglde for nokre Dagar sidan ute paa Botnefjorden. Mennerne heldt seg faste til Baatkolvet til dei vart bergad av ein annan Baat; men nokre Potetsekkjer, som dei hadde teket med seg heimanfraa, vart burte.


Nokre Bankrøvarar i Las Vegas hev det inkje for godt. Dei grov seg ein Gang under Jordi til ein Bankkjellar. Dette fekk Banktenararne Greide paa, difor heldt dei Vakt, og den fyrste Røvaren, som sette Hovudet inn i Bankkjellaren, fekk ei Kula i Skolten, so han inkje dugde til nokot meir. Samtidigt hadde Banktenarare sett Vakt ved den andre Utgangen og, so Røvararne inkje slapp ut att. Men no er det det leide ved Tingen, at Banktenararne vaagar seg inkje ned til Illgjerdsmennerne, daa dei er godt væpnad; men Røvararne vaagar seg helder inkje fram i Dagsljoset, daa Banktenararne og hev det, dei skal gjera med. Likevæl maa det vera verst for dei, som lig nede i Jordi.


Fra Diakonissehuset No. 11 er utkomet; i det stend:

Bøn for Kvindeforeninger. Af Gustav Jensen.  _ Diakoniets Aand.  _ Sjælepleie hos Syge og Fattige.  _Adventstræet. Kort Forklaring over Adventstræets Bibelsprog. (Sluttes i næste No.)  _ Samaritanforerningen i Kristiania.  _ Foredrag over Sygepleie for Damer.  _ Diakonissehuset.  _ Til Abonnenterne.