Klokka.



(Etter Iwan Turgeniew. )
 
(Del 13 av 13. Fyrste delen.)
 
(Slutten.)


XXIII.

Me snudde oss alle, og framfyri oss stod Latkin, klædd som daa eg saag honom sist, lang, bleik, som eit Spøkje.

_ Høyr paa meg _ sagde han endaa eingong _ Gud hev straffat. Eg vil finna Vassilj, nei, nei, Raissa vil eg finna, mi kjære vesle Raissa. Kvat Vinning hev eg meir aa venta i Verdi? Eg ligg snart i Moldi, kvat treng eg so meir?

Raissa gjekk stilt aat Far sin og tok honom under Armen.

_ Kom Dotter mi _ du ser, at her er det inkje Folk for deg. _ Men Maalet hans klang, han kunde bruka Tunga si fritt igjen.

_ Kor er Heilagbilætet? _ sagde han _ eg vil beda, eg vil sona for mine Synder. _ Han kinkad med Hovudet, og Augo for rundt umkring. Endeleg seig han ned i ein Krok, gjorde Krossteiknet, slog seg for Bringa og mullad: Hav Medhug med meg Herre, Herre hav Medhug.

Far hadde vortet standande hoggande still ifraa den Stundi Latkin kom inn i Romet, og inkje sagt eit Ord; no gjekk han burtaat honom, stelte seg ved Sida hans, og krossad seg. So bøygde han seg fyr Latkin, og sagde: Martin Gavrilitsj, tilgjev du meg? So lagde han Henderne sine paa Okslerne hans. Latkin svarad inkje, han berre gav honom ein Kyss. Daa snudde Far seg aat oss, og sagde med ein Tone, som eg aldri hadde høyrt det av honom: Gjere det, som De vil, far aat, som De sjølv finn det rett. _ Og med di gjekk han ut av Romet.

_ Hav Medhug med meg Herre _ mullad Latkin att for seg sjølv _ hav Medhug med meg, er eg daa berre eit Menneskje.

_ Liv væl David _ sagde Raissa, tok Far sin under Armen og gjekk ut med honom.

_ Imorgo vil eg sjaa deg att _ ropad David etter henne. So vendte han seg, so Andlitet kom mot Veggen og sukkad: Aa kor trøyt eg er; eg vil sova.


XXIIII.

Andre Dagen stod David upp, som ingen Ting var. Den Dagen var det tvo store Hendingar, i Middagsstundi døydde gamle Latkin og um Kvelden kom Far til David. Han hadde inkje skrivet, det var ingen, som viste um honom, han kom braadt paa oss som fyrste Snjoen um Hausten. Far var reint som forstyrat; han viste slett inkje, kvar han skulde leggja den kjære Gjesten; men i all Ansemdi hans, saag ein, at han inkje hadde fullgodt Samvit, det var, som nokot trykte honom. Farsyst heldt seg stiv og kald, ho heldt endaa Farbror for eit faarlegt Menneskje. Eg tykte han var plent slik, som David hadde skildrat honom for meg. Det var ein stor breidskuldrad Mann med faste, gode Andlitsdrag.

So glad som David vart daa han trefte honom att! Heile Andlitet skein av Sæle og Augo lyste.

Fyrste Notti sov Farbror paa sama Romet som Son sin. Daa hadde dei vel talat mykjet saman. Andre Dagen merkte eg, at han saag paa David med slik ei Tillit; han var stolt av Sonen sin. David var med honom til Likferdi etter Latkin; eg var ogso med, Far min forbaud meg det inkje.

Raissa var merkjeleg roleg, ho var bleik, og ein merkte, at ho inkje hadde havt Svømn paa Augo um Notti; men ho felte inkje ei Taare. Eg saag so vel paa Farbror, at han likad henne godt. Det er ei vitug Gjente, sagde han sidan, det vert ei ferm Kona av henne.

Som eg høyrde, hadde Latkin somnat inn mildt og stilt. Han var ved Samling til det siste. Far var ogso med; han gjekk med smaae Stag bak Kista og bad stilt og lenge.
Daa dei kastad att Gravi kom det braadt ein Graat paa Raissa, ho seig radt aat Marki, medan den vesle Systeri sprang millom Graverne og litet skynad av det, som gjekk for seg.

Dagen etter sagde Farbror, Jegor, som nok inkje var komen tomhend attende, at han inkje vilde bu her i Byen, men vilde draga til Moskwa med David og slaa seg ned der. Far freistad so smaatt og skulde telja honom fraa det; men det var ingi varme Fyretolur. David nemnte han inkje eingong. Men eg vart tung um Hjarta, daa eg tenkte paa det, at eg skulde skiljast fraa David.

Farbror reiste, tok med seg inkje berre David men ogso _ Raissa og den vesle Syster hennar. Daa Farsyst høyrde det, krossad ho seg, kallad honom for ein gudlaus Villturk, og annat Namn hadde ho inkje paa honom til sin døyande Dag.

Eg vart aaleine, reint aaleine. Det var ingen, som brydde seg um meg.


XXV.

Slik var Soga um Klokka. No hev eg berre det aa fortelja, at 5 Aar etter vart David gift med Svartlippa.

Sidan den Tid hev det ronnet myket Vatn i Elvi. Eg hev aatt mange Klokkur, jamvæl gilde og dyre Gull-ur; men i ei løynd Skuffe i Skrivebordet mit gøymer eg paa ei gamal Sylvklokke, som dei maalad ei Rose paa Talskiva aat. Eg kaupte ho av ein gamal Jødekræmar, daa eg totte ho var so merkjeleg lik den, som Godfar min hadde gjevet meg. Stundom, naar eg er aaleine, tek eg henne fram, ser paa henne og minnest min Ungdom, mine gamle Kjenningar og dei Tider, som er lidne og som aldri kjem att meir.