Fraa Ulvik.



(Brev til Fedrah.)


Hr. Bladstyrar! Her i Ulvik hev me eit Vinstresamlag med 133 Medlemar. No hev me teket til aa ordskiftast um det Programforslaget, som Styret for Noregs Vinstresamlag sende ut for eit Bil sidan.

Den 25de d. M. hadde me Møte, og daa var og Vinstres Program framme. Han, som innleidde Samtalen meinte, at Upplysningi er det sikraste Vernet for Fridomen, og han heldt sterkt fram, at Lese- og Lærebøker laut vera paa norskt Maal, for ellest kom Vedtaket um, at Bygdemaali skal brukast i Skulen, aldri til aat treda i Kraft elder gjera si fulle Nytte.

Nedanstaa-ande Uttal vart vedtekne samrøystes:
  1. Nummer 1 paa Vinstres Program for komande Tingval bør hava sodant Innhald:
    Folkeskulen bør faa meire Sjølvstyre, Læregreinurne vidkast, og godkjende Lære- og Lesebøker paa norskt Maal innførast i alle Landsskular.
  1. Samlaget gjev Styret det Paalegg aa senda Søknad til Kyrkjedepartementet um, at det dreg Umsorg for, at Lære- og Lesebøker for Folkeskulen vert utgjevne paa norskt Maal og godkjende av Styringi.