Fraa Hamburg


(Brev til Fedrah.)

Ein liten Stubb fraa Das grosze Vaterland hev Fedraheimens Lesarar truleg inkje nokot imot. Me hadde Val til Riksdagen her i Byen igaar, og det var no serleg det, eg hadde tenkt aa røda lite vetta um.

Valet tok til Klokka 9 um Morgonen og var fraa seg gjort Klokka 7 um Kvelden; paa Lag ein ½ Time etter fekk me vita Utfallet. Telegrafen hev truleg meldt, at Sosealdemokratarne sigrad i dei tvo fyrste Valkrinsarne; i den tridje Krinsen lyt dei halda Umval millom Sosealdemokratarne og dei nasjonalliberale. For aa verta vald lyt ein hava so mange Røyster som dei andre Flokkarne tilsaman. So stort Røystetal naadde ingen i 3die Valkrins, og Umval vert truleg haldet midt i November. Dei Nasjonal-liberale kjem vel daa til aa verta ved Sigeren, daa ein tridje Fylking, dei tysk frisinnade, truleg kjem til aa stydja dei, so Hamburg kjem til aa senda tvo Sosealdemokratar og ein nasjonal-liberal til Riksdagen.

Valet gjekk rolegt av; men um Kvelden, daa Folk fekk vita, korleids det hadde gjenget, vart det nokot Staak og sume vart sette i Fangeholet.

Folk flest paa desse Kantar bryr seg jamnaste litet um Tingvalet, og det er truleg dette, som er Grunnen til, at Agitasjonskomitearne dreiv alt dei orkar fyre Vali for aa faa Folket med seg. Soleids var det denne Gongen og. Store Plakatar med Namnet aat det elder det Tingmannsemne for det elder det Parti vart borne um i Gaturne all Dagen, Røystesetlar vart trykte i Handi paa Folk kvar dei gjekk, og Sosealdemokratarne hadde maalat Namni aat sine Tingmannsemne paa Husveggjerne her og der. Ein nasjonalliberal Kaupmann, som hadde skrivet eit Valupprop i Avisurne fekk Veggjerne og Inngangsdørerne sine utmaalade med: Vel Bebel! (ein av Sosealdemokratarne sine Tingmannsemne). Aa draga Samanlikningar millom dei politiske Fylkingar her og der heime læt seg inkje so like til gjera. Det norske Vinstre kom i so Fall til aa standa næst det nasjonalliberale Parti her. Her i Hamburg hev me inkje fleire enn dei tri Fylkingarne, som eg nemnde ovanfyre; men ellest i Tyskland er det ein 6 _8 serskilte Fylkingar, like fraa dei argaste Bakstrævarar til Rotrivararne. Røysterett hev kvar ulastande Mann paa 25 Aar, naar han hev Bustadsrett og inkje hev spilat upp.

Noreg ligg for Tyskaren i eit Slag ægyptisk Myrker. I det politiske reknar dei vaart Fedraland til ein Provins under Sverike. Denne Provinsenhev mange Serretter og stor Fridom, segjer dei; men Provins er det no like væl. _ Og stort onnorleids kann ein helder inkje venta det, naar me hev ein Konge, som fyrst og fremst er ein svensk Konge, og derattaatt ein Representasjon i Utlandet, som representerar Heilstaten Sverike-Noreg paa sama Maaten som Austrike-Ungarn. Til det kjem, at me hev eit Flag, som med sit Unionsmerkje er ein Tolk for, at dei tvo Laandi er gjengne upp i kvarandre, so me kann inkje undrast paa, at Utlendingen tenkjer som han gjer. Eit sjølvstendugt og hevdat norskt Maal hev me helder inkje aa syna fram. For nokot sidan skreiv dei i Avisurne her um Henrik Ibsen, og daa skreiv dei um den danske Diktar Henrik Ibsen. Me kann korkje harmast elder undrast paa slikt so lenge me sjølve talar og skriv dansk.

Til Slutten endaa nokre Ord um Flaget. Kor faae det er som kjenner det og som veit, at det norske Flag er det trifargade Flag utan Unionsmerkje , og at me berre i det Tilfelle, at me ynskjer Hjelp av Konsularne vaare er pliktuge til aa smyrja svenske Fargar i dette Flaget! Kor mykje meir praktisk og eit fritt verdugt vilde det inkje vera, um me inkje turvte smyrja dei framande Fargarne paa, men berre bruka vaart eigjet alle Stader.


29de Oktober 1884.
Tryggve.