[Tidender.] Grekarland.


Daa Kong Georg kom attende til Athen (fraa Danmark) vart det eit fælt Staak i Gaturne. Mykje Folk var paa Beini, og daa Kongen kom so langt som til Slottet, sette heile Mugen i eit Skrik. Sume vilde ved det tolka sin Samhug med Styringi og andre Motviljen sin mot henne. Nokre skreik: Leve Trikupis! (Fyrsteministaren) og andre ropad: ned med Trikupis! ned med den Mordaren! Og lidt etter lidt vart det ein heil Gatekamp millom dei tvo Partarne. Det ringde med Kjeppar og andre Handylve, og Nevarne vart brukte mest av dei, som mest vann. Eit Pistolskot vart og høyrt no og daa. Mange fekk stygge Skraamur og store Saar; bland dei var ein av Tingmennerne fraa Athen. Han fekk tvo Sabelhogg yver Bringa.

Striden var endaa i full Gang, daa Kongen med Dronningi og Krunprinsen paa venstre Sida og Trikupis paa høgre Sida kom ut paa Uttrevet for aa tala til Folket. Men daa Folket fekk sjaa Trikupis vart det Leven for Aalvor. Venerne hans klappad i Henderne til Tekn paa Samhug; men dei andre rettad Knyttnevar upp mot honom. Kongen laut no i 5 Minuttar standa og sjaa paa, korleids Folket prylte kvarandre. Tvo Gonger vilde han ganga inn att; men Dronningi fekk honom til aa vera. Han freistad paa aa tala til Mugen; men det var Uraad. So um eit Bil vart det nokorlunde rolegt. Folk vart forvitne etter aa høyra, kvat Kongen hadde aa segja; og baade Partarne trudde, at han vilde halda med dei. Men Kongen talad berre um Slotsbranden og gav Borgararne Godord, fordi dei hadde voret so hjelpsame med aa sløkkja Elden. Men daa vart baade Partarne sinte tilgangs, fordi Kongen inkje vilde halda med dei, og Kongen fekk snaudt segja alt han vilde, fyrr Slaastingi og Skrikingi tok til att. Dei fekk daa halda paa med det, til dei vart trøytte og keide; daa skiltest dei og gjekk heimaat av seg sjølve.