[Tidender.] Dømd for Maning.


Eit litet Bil fyre Jul ifjor miste ein Bonde paa Ørlandet ½ Tunne Sild or Naustet sitt. Daa han fortalde dette for Husfolket sitt, meinte Dotter hans, at det var best han gjekk til ein Smed i Nærmunom og spyrgja honom til Raads. Mannen so gjorde. Fryst sagde Smeden, at han ingi Greide hadde paa, kvar det var vortet av Sildi; men um eit Bil sagde han, at han viste so mykje, at Tjoven hadde sleget sund Botnen og dei øvste Bandi paa Tunna, og vil du no som eg, sagde han vidare, so skal eg vera Kar for aa skikka deg Sildetunna di. Bonden spurde, kvat han skulde hava for det Arbeidet, og Smeden vilde vera nøgd, dersom eit av Syskjenborni hans fekk Ja-kvædet paa aa bruka ein Plass, som Bonden aatte. Manen gjekk inn paa det, dersom han kunde faa att Sildi. Femte Joledag kom Smeden til Bonden, og baade tvo gjekk dei ut i Kjøkjet. Smeden tok daa og hengde eit Lakan for Glaset, og ein stor Kniv lagde han paa Omnen. So gav han seg til aa mana fram Tjoven. Han tok eit Bosbrett og lagde paa Gruva, og daa høyrde Bonden den eine Smellen etter den andre og Brettet kom farandes heilt fram paa Golvet, han var fælande rædd og ventad alt i eit paa, at Tjoven skulde koma. So tok Smeden ein Kopp med Vatn og sette eit Lampeglas ned i; men i Lampeglaset hadde han sett eit Bilæte. So bad han Bonden sjaa etter. Jau, Mannen fekk sjaa eit Bilæte av Peter V., og daa han fortalde det, sagde Smeden, at no skulde dei ganga ut paa Tunet, for no var Tjoven der. Og daa dei kom ut, stod Peter V. der, med ei Tunna med nokot Sild i paa Ryggen. Smeden tok Tunna, og dei fekk og vita, at Smeden hadde fenget Peter V. til aa møta fram i Tunet med ½ Sildetunne nett paa den Tid, han hadde Bruk for honom. Sidan vart Smeden meld for Fusk og Fantestykke, av di at han vilde nytte ein Manns Faavit til aa faa istand ei Husmannssemje, og vart dømd til 5 Dagar paa Vatn og Braud. Men no hev han søkt aat Høgsterett, trulegt for, at so mange som mogelegt skal faa vita um, at det endaa i 1884 er Folk til, som trur paa Kunsten aa gjera etter.