Tidender.


Kristiania, den 15de August.


Høgsterett. Som fyrr nemnt, so bevilgad Tinget 40,000 Krunur til Hjelpedomarar i Høgsterett. Justitsdepartementet trudde det var best, at Saki vart ordna paa den Maaten, at Retten fekk nokre Hjelpedomarar, som vart lønte slik, at dei kunna ofra all si Kraft og all si Tid i Retten. Høgsterettsassesorarne hev no gjenget inn paa det, og Styringi skal alt hava ferdugt Framlegg um, at det vert utnemnde 5 Hjelpedomarar med ei aarleg Løn av 7200 Kr. Skulde nokon av dei nye Hjelpedomararne hava Embætte fyrr, so skal Styringi syrgja for, at det vert styrt, so lengje han sit i Høgsterett.

Med den Arbeidshjelp, som Høgsterett no kjem til aa faa, hev dei Von um, at han skal verta ferdug med dei Saker, som no ligg og som i den næraste Tidi kjem til aa koma, paa tvo Aar.


I Maalselvi hev dei haldet eit Folkemøte. Der var uppreist Æreportar og mange Stader flagad dei. Av Flagi var flestalle utan Unionsmerkje. Albert Jacobsen, Lækjar Eng, Koth, Maursund, Tollefsen og fleire talad Vinstre si Sak. Prest Landmark heldt med Høgre; men han laut vedgaa, at Høgre hadde boret seg uvitugt aat fleire Gonger.

Um Kvelden var det Folkefest, og Talar vart haldne for Kongen, Styringi, Stortinget, Sverdrup, Jaabæk, Jacobsen o. fl.


Kongenhev voret ein Snartur i Frankrike. Han vitjad President Grevy som snarast.


Statsministar Sverdrup er i Danmark endaa. Han hev vitjat den danske Utanriksministaren, og Utenriksministaren hev vitjat Sverdrup. Den norsk-svenske Ministar i Kjøbenhavn, Baron L. Beck-Friis hev og voret hjaa Statsministaren.


I Trondheimsfjorden fiskar dei Sild. Ute ved Hevne gjorde dei eit Steng paa inkje mindre enn 1000 Tunnur. Sorten skal vera god.


Knust Andlit. For litt sidan var det ein Mann burte ved Hougsund, som skulde sjaa etter, um Skoi laag godt under ein Hest. Hesten var gamall og snild, so Mannen inkje trudde det var nokon Faare ved aa nærma seg honom bakfraa. Han lagde seg ned paa Knei; men i det sama han tok i Hestebeinet, slog Hesten attyver. Slaget raakad Mannen yver Nosi og Augo, og Andlitsbeinet vart aldeles knust. Det segjest og, at Slaget skulde vera so hardt, at nokot av Heilen skvatt ut. Dei fekk Tak i ein Lækjar, og han trudde inkje, at Mannen vilde liva lenge.


Paa Skjotarbanen ved Kraakerøy vart Guten, som stod ved Skiva raamad i Hovudet av ei Kula. Ein Lækjar vart hentad, og han meinte, at Guten snart skulde verta frisk att.

Fraa andre Kantar er det og komet Meldingar um, at Folk hev vortet fordervaskotne. Folk lyt sjaa til aa agta seg, naar dei brukar Rifla.


Paa Sunnmøre skal hava voret mykje Ferdafolk i Sumar. Serleg skal dei hava haldet til i Ørstavik, daa dei derfraa inkje hev so lang Veg til ein ven Fjølltopp, Veirahaldet elder Saudehornet, som sume kallar honom. Det vil vonleg verta fleire og fleire, som kjem til aa vitja Sunnmøre um Sumrarne, daa baade Fjølli og Dalarne er overlag vene der.


Utsendingar fraa Vetoforeningarne Landet rundt skal halda Møte her i Byen 25de August.


Pastor O. L. Kirkeberg hev tenkt aa byrja ein Folkehøgskule i Sandsvær.


Keisaren av Rusland skal vera tenkt paa aa gjera ein Snartur til Stockholm næste Maanad.


Danmark. Riksdagen vart opna no um Torsdagen. Folketinget valde Berg til Formann.


Riksdagsvalet i Stockholm skal haldast 26de September.


I Rumæniahev dei fenget ein ny Lov um Skreppehandelen, og denne Loven hindrar Jødarne baade fraa aa driva Handel og Haandverk der i Landet. Inkje ein Gong aa senda Industrivarur, som dei hev tingat burt, fær dei Lov til. Mange tusen Jødar hev ved denne Loven vortet reint fatige; men likevel hindrar Styringi dei fraa aa forlata Landet. Dei slepp inkje burt, utan dei lovar, at dei aldri skal koma dit meir.

For aa lindra Naudi aat Jødarne i Rumænia, hev Folk lagt saman Pengar, for aa senda til Amerika so mange av dei som mogelegt. For ein Maanad sidan vart inkje mindre enn 150 paa den Maaten sende yver Hamborg til den store Fristaten. Men no er der i Amerika ein Lov, som segjer, at Folk, som er sjuke elder udugelege til Arbeid, inkje skal hava Lov til aa koma i Land der, og inkje mindre enn 49 av dei 150 Jødarne vart paa Grunn av denne Loven sende attende til Hamborg. No veit dei inkje si arme Raad. Komunestyret bryr seg inkje um dei, og Jødarne, som bur i Hamborg, hev ingen Stad aa gjera av dei. Til desse hev dei voret umbord i Skuta, som dei kom attende med. Korleids det kjem til aa gaa dei, stakars Folk, er inkje godt aa vita.


Frankrike. Dei er ferduge med Grunnlovsendringi no. Det vart, som baade Tingi var
samde um fyreaat.

Bladet Figaro hev teket Ordet for eit fransk-tysk Samlag. Bladi i Tyskland likar Tanken godt; men dei hev liti Tru um, at Franskmennerne vil ganga inn paa nokot sovoret.

Av Kina kravde Franskmennerne fyrst 250 Milionar Franks i Skadebot, men no hev dei sleget av til 80 Millionar. Kina hev ingen Hug til aa bitala, difor hev Franskmennerne no teket Byen Ke-Lung paa Formosa, og dei rustar seg til aa taka andre Byar og.


England. Gladstone og dei andre Styresmennerne skal no vera samde um, korleids dei skal bera seg aat for aa faa den nye Røysterettsloven fram. Det er slik i England, at Statsministaren kann gjera Lordar av kven han vil, og sosnart ein er vorten Lord hev han Sæte i Yverhuset. No skal Gladstone vera tenkt paa aa nytta denne Retten. Dei trur, han kjem til aa utnemna so mange frilynde Menn til Lordar, at Styringi fær Fleirtal i Yverhuset og.


Ægypten. Det er framleides litet aa retta seg etter det, ein fretter fraa Ægytpen. Sume segjer, at Madhien hev havt god Framgang og at han no hev eit stort Rike. Det segjest, at Landet hans er 30,000 Kvadratmil stort og hev 4 Milionar Ibuarar. Han hev delt Riket sit i fem Jarledøme. Ved Sida av Jarlarne stend Skattekrevjararne. Heren hans er delt i Fotfolk og Hestfolk, og kvar Mann, som er fulle 17 Aar gamall er pliktug til aa gjera Krigsteneste. Han skal no vera tenkt paa aa taka Ægypten.

Andre Tidender segjer, at Madhien er reint motlaus og at det inkje skal mange Soldatar til, for aa møta han.

Engelskmennerne hev sendt Gordon 10,000 nye Soldatar.


Rusland. Det er Kreturpest paa ymse Stader i Landet. Det er særleg Hestarne, som sturtar. Ved sume Byar er det inkje sjeldan aa sjaa, at Bønderne sjølve kjem dragande med Lassi, daa dei anten hev mist Hestarne sine elder hev dei heime av den Grunn, at Styringi hev forbodet Folk aa koma til Byarne med Hestar elder andre Husdyr fraa dei Trakterne, der Sjuken gjeng. Soleids saag dei for nokot sidan 12 Bønder koma dragande med eit Lass Mjøl paa 700 Kgr. Desse Stakararne hadde reist 40 Verster for aa faa 40 _50 Kgr. Mjøl kvar til Husbruk. Stundom kann ein og sjaa heile Huslydar koma fraa Byen kvar med ein Mjølpose paa Ryggen.

Det skal ellest inkje vera so greidt aa vera Dyrlækjar mange Stader i Rusland. Folk ser paa honom med Hat og Motvilje, daa dei er altfor faavituge til aa skyna, kvat han hev aa gjera. Soleids tok nokre Bønder midt paa ljose Dagen og drap ein Dyrlækjar fordi han slagtad nokre Kreatur, som han trudde var sjuke.

No for eit Bil sidan, var ein Del av den russiske Floten ute paa Øvingar. Flagskipet var i Fyreenden, og eit annat kom etter i Kjylvatnet. Paa det atterste Skipet fall ein Mann over Bord. Kapteinen der heisad straks det Flaget, som vanleg brukast i slike Tilfelle; men daa Veret var stilt, var det ingen paa Admiralskipet, som vart det var. I det sama gav Admiralskipet Kommando til full Fart framover, og han, som var Høgstemann paa det andre Skipet, vaagad inkje annat enn aa fylgja etter. Mannen, som var fallen over Bord kom soleids til aa drukna. Daa Admiralen fekk høyra, kor til var gjenget, gav han Undermannen sin Skrub for Framferdi hans.

Slik ser det ut i Rusland.


Belgia. Dei frilynde er svært harme for dei Avgjerderne, som Styringi hev teket mot Skularne. No for nokot sidan møtte i Brüssel inkje mindre enn 200 Utsendingar fraa Komunerne Landet rundt, og alle var dei samde um, at det var eit Feilgrip av Styringi aa tyna Skularne. Dei sagde, at dersom Kongen samtykte i den nye Skuleloven, som var ventande, so vilde dei retta seg etter den; men dei vilde samtides gjera alt mogelegt for aa faa den Styringi, dei no hev, av Vegen. Sundag var baade Høgre og Vinstre til Kongen med Adressur. I Fyreenden for dei liberale gjekk Borgarmeistaren i Brüssel, Buls.

Styringi kom med Framlegg um, at Belgia skal hava ein Sendemann hjaa Paven. Vinstre sette seg imot; men Høgre er i Fleirtal. og Framlegget vart godkjendt.


Spania. Misnøgjet med Høgrestyringi aukar Dag fraa Dag.

Sume segjer, at Kong Alfons hev fenget Strupetæring, og at han inkje vert frisk att; men andre segjer, at Halsvondet hans inkje var faarlegt.


Kolerasjuken hev gjort fraa seg det verste i Marseille og Toulon, ser det ut for; men han er i ei Mengd av Landsbyar i heile sydre Luten av Landet. Til Italia og er han komen, og inkje so faa hev døyt av honom der. Det er Ferdafolk fraa Marseille og Toulon, som hev dreget Sotti med seg. Baade i Italia og Frankrike gjerer dei fremleides alt det dei vinn for aa hindra Sotti fraa aa koma vidare.


Ein Mann i Jylland hev voret gift tri Gonger og hev no inkje mindre enn 28 Born.


Engsprett-Fuglen.I Tokajerbergi i Ungarn hev det synt seg Fuglar av eit ukjent Slag. Det er so stor ei Mengd av dei, at dei paa 24 Timar skulde kunna øydeleggja alle Plantningar paa ei Bergsida. Folk er difor rædde for, at dei skal koma til aa gjera stor Skade i Vinhagarne. Til dessa hev Fuglarne ikkje skadt Druvurne nokot, men Folk er rædde for, at dei vil taka til med det, naar Druvurne vert mogne, liksom dei hev gjort med all Frukti paa Morbærtrei i Vesle-Tokaj. Denne her Fuglen er so stor som ein Sporv og hev ein rustbrun Nebb, graat Hovud og svarte Fjører, men er mykje djervare enn Sporven. Naar ein skyt etter deim i eit Tre, so flyg dei nokk til eit annat, men kjem strakst att til det fyrste. Dei hev skrikande Maal, og Eggi sine legg dei i stor Mengd i djupe Skard i Vinbergi. Desse Fuglarne, som Folki der kallar Engsprett-Fuglar, saag dei for fyrste Gong i fyrre Vika, daa det var so varmt.