Skuggsjaa.

 
Som eg fyrr hev sagt, so er det mangt, som fell meg undarlegt og utrulegt; men eg vil helder inkje paa nokon Maate nekta, at det er mangt, som eg finn baade rimelegt og naturlegt. Eg er no inkje større Faaviting helder. Og um nokot, som fell meg trulegt, skal eg røda fyrst no idag.

Bladi hev fortalt, at Leschly-Hansen no hev sluttat med aa vera Politiinspektør. Han hev reist ein Stad burt paa Vestlandet for aa vera Landsdomar der. Denne Leschly-Hansen var ei Tid ein ukjend Mann, men seinare vart han kjend so mykje meir.

Eg tenkjer flestalle av oss minntest det Uppstyret, som nokre Arbeidarar her i Hovudstaden gjorde for nokre Aar sidan. Den Gongen var Leschly-Hansen med, og det var daa, han vart ein kjend Mann. Det hende seg nemleg, at han etter aa hava smurt Ryggen aat mangein brav Arbeidar, kom forbi eit Portrom, der tvo fredsæle Kristianiamenn stod og rødde saman um Ver og Vind. Men Politiinspektøren tenkte paa, kor mykje godt Klubba hans hadde verkat baade den Dagen og fyrr, difor tenkte han, at desse Kararne og kunna hava godt av aa smaka henne. Han gav seg difor til aa smyrja dei upp, so godt han vann. Men dei Toskarne hadde inkje Vit paa sit eiget beste, difor gav dei seg til aa gjera Styr av Saki, og paa denne Maaten gjekk det til, at Leschly-Hansen vart kjend av andre enn Politimenn her i Byen.

Bland dei, som fekk høyra gjetet honom var og Ministeriet Selmer, og det likad Framferdi hans so godt, at det tok og gjorde han til Landsdomar, so fort det let seg gjera. Ein Spottefugl sagde ved det Leitet, at Styringi skynad av Framferdi hans den hin Kvelden, at han vilde koma til aa verta ein dugande Mann til aa smyrja Folks moralske Rygg, og at ho difor gjorde han til Landsdomar.

Um Spottefuglen hadde Rett elder inkje i det, skal eg inkje kunna segja, og det var helder inkje det, eg nærast hadde tenkt aa skriva um no.

Bladi fortel vidare, at daa han tok Avskil med sine Kammeratar og undergjevne, fekk han

en særdeles smuk og værdifuld Gave bestaaende af et hos Juveler Thune forarbeidet Kaffeservice av Sølv.

Kaffeservice!

Var det fyrste Gongen eg høyrde, at ein av Statens Tenestemenn fekk eit Kaffeservice?

Slett inkje.

Sovidt eg minnest, so hev eg set, alt fraa eg tok til aa lesa i Bladi, at naar ein Embættsmann vart flutt til ein feitare Grasgang elder tok Avskjil, og det var nokon, som vilde syna, at dei sette Pris paa honom, so gav dei honom eit Kaffeservice. Var han Prest elder Fut elder Landsdomar elder Politiinspektør, elder i det heile ein av dei store , so fekk han eit av Sylv, men var han berre Klokkar elder Skulemeistar elder slik, so fekk han hjelpa seg med eit av Sylvplett.

Men fekk han nokot, so kunna du vera stød paa, at det var eit Kaffeservice.

Altid eit Kaffeservise.


Eg veit, eg grunnad i lange Tider paa, korleids det kunna hava seg, at altid, naar Folk vilde heidra ein Embættsmann, so skulde det gjerast ved eit Kaffeservice.

Fannst det daa ingen, som kunna finna paa nokot annat? Var det ingen Embættsmann, som hadde gjort seg fortent til aa faa nokot, som paa ein meire aandrik Maate kunna minna baade honom sjølv og andre um alt det gode, han hadde gjort, og kor taksame Folk hadde voret for det?

Eg spurde ofte meg sjølv um dette fyrr; men no, daa eg hev lært Tid og Folk betre aa kjenna, no finn eg, at det nett er, som det skal og bør vera.

Eg sagde difor og ved meg sjølv, so snart eg fekk høyra, korleids Politiinspetøren var vorten fagnad:

Slik skal det vera. Mannen hev havt tvo Ting aa gjera. Den eine hev voret aa tene Staten og Komunen med Klubba si, og for det hev han fenget Løn af Staten og Kommunen, den andre hev voret aa drikka Kaffe saman med Vener og Kjenningar, og for det fekk han eit Kaffeservice av Venerne og Kjenningarne.

Og likedan er det med flestalle av Embættsmennerne vaare. For det, at dei døyper Born, vigjer og jordfester Folk, preikar i Kyrkja, dømer den skulduge (og stundom den uskuldige med) til Bøter elder til Fangeholet, lærer Borni aa lesa, syng i Kyrkja, og i det heile gjerer det, som Loven krev av dei, for at dei kann halda seg i Embættet, fær dei si visse aarlege Løn.

Dersom no nokon av dei Kararne hadde Syn for nokot annat Aandsarbeid, som t. d. aa skriva Diktarverk elder Bøker um Uppfostring, Landbruk, Nasjonaløkonomi o. s. b., elder dei arbeidde for aa faa Lovarne vaare meir i Samhøve med Tidi, og so Folk vilde syna dei, at dei sette Pris paa dei for det, so vilde dei sikkert faa nokot, som kunna minna baade dei sjølve og andre um det gode, dei hadde gjort mot Land og Folk. Slik er det i Utlandet. Her i Noreg hev og Sverdrup fenget ein 9de-Juni-Medalje og Wollert Konow eit reint norsk Flag, og me veit alle, kvifor dei fekk det.

Men den, som skuldar Embættsmennerne vaare for, at dei gjerer nokot til Landsens Framgang, han gjerer større Synd, enn han kanskje sjølv trur. Det er nokot, som me alle veit, at det treffer sjeldan, at ein norsk Embættsmann skriv ei Bok, og treffer det, at han skriv ei, so er det ingen, som bryr seg um aa lesa henne, daa ho jamnaste berre hev utskjemde Tankar fraa fyrre Aarhundradet aa bera fram. Likeeins hev Embættsmennerne voret i Politikken. Hev det treft, at nokon av dei hev voret med der, so hev han arbeidt paa aa faa det utlivde og raae i Høgsetet, og vituge Folk hev berre lætt aat honom for det.

Som sagt, so hev inkje Embættsmennerne vaare stor Greida paa det Aandsarbeidet, som inkje nettupp trengst for at halda seg i Embættet, det vil segja halda seg i so og so mange hundra Dalar um Aaret; men det er andre Ting, som dei skynar seg godt paa og serleg daa den Kunst og drikka Kaffe og slaa ein Kaffeslabras.

Og skal dei hava nokot for det, so maa det vera eit Kaffeservice.

Men det er ein Ting, eg hev undrat meg mykje paa, og det er, at Embættskjeringi aldri fær nokot. Me veit alle, at Kjeringi hev stor Innverknad paa Mannen, og eg hev den Trui, at me mangein Gong kann takka Embættskjeringi for, at Mannen hennar er so lugum i Kaffeslabrasen, difor synest eg, at det inkje var meir enn rettferdugt, at ho fekk ei Kaffekvenn elder ein Kaffebrennar elder nokot slikt, naar ein tenkte paa Mannen med nokot. Eg rødde um det til ein; men han svarad flirande, at flestalle av Embættskjeringarne vaare er so like ei Kaffekvenn, allvist i Mælet, at det inkje var naudturvelegt aa gjeva henne ei av Tre og Jarn.

Men eg veit inkje, um han hadde Rett i dette.

Det er ellest ein gamall Skjikk hjaa oss denne Embættsmannsløningi.

I gamle Dagar var det slik, at naar ein Prest gjorde nokot, som inkje var paabodet i Loven, som t. d. aa lata ein Gap standa høgst paa Kyrkjegolvet, so kom Mor aat Guten ruggande med eit Smørspann elder Faren med eit Nautelaar. Gjorde han nokot, som streid mot Loven, som t. d. aa sleppa fram ein Faaviting elder gøyma undan ein, som skulde tena Kongen, so laut no jamnaste Storstuten elder Bjøllekyri av Baasen.

Men no i vaare Dagar slepp inkje ein Embættsmann til aa gjera nokot, som strider mot Loven, og daa han inkje duger til nokot Aandsarbeid utanum Embættet, so slær han seg paa Kaffedrikking og Kaffeslabras.

Men me er komne so langt i Folkeskjikk no, at me alle skynar, at det er nokot uhøvelegt i aa gjeva honom ein Okse elder ein Saud for det, difor læt me honom faa nokot, som paa ein høveleg Maate kann minna honom um, kvar Styrkjen hans ligg. Me læt honom faa eit Kaffeservice.

For det gjeng framover med Kulturen her i Landet og.

Eg hev ofte tenkt ved meg sjølv, at Tinget gjorde Rett i aa gjeva ein Lov um, at alle slike Eignelutar etter avlidne Embættsmenn skulde samlast i eit Hus for seg sjølve, so seinare Ætter kunna faa sjaa, kvat for slags Karar som var Noregs Tenestmenn i vaar Tid.

Naar so Folk gjekk inn i eit slikt Kaffe-service-Musæum, so er det trulegt, at dei vilde undra seg og segja:

Jau, i gamle Dagar var det Kaffeheltar bland Embættsmennerne i Noreg.

Og dei vilde segja sandt.

Morgenbl. tok no ein av Dagarne upp eit Stykkje etter dansk Dagbl. I det stend det nokot um

det livskraftige norske Høire.

Eg veit inkje um den danske Bladskrivaren nokon Tid hev set paa, at Hovudet vert krast paa ein Orm, og at Ormen endaa ei Stund etter vrir og vender seg, som han var Livs livande. Hadde han set nokot slikt, og so set vel paa det norske Høgre, so skulde det undre mig, um han inkje vilde finna Livskrafti like stor hjaa dei tvo.

Eg tenkjer mest det.


Bland det undarlege, som eg inkje hev havt godt for aa skyna, er Høgres politiske Logikk.

Eg minnest soleids, at Høgrebladi i Vet ein Dag kunna trengja mange Spalter for aa visa, at Statskup var det einaste vituge, som Styringi kunna taka seg til. Det vilde vera eit Utslag av Fedrelandselsk og Frisinn; det var like til Styringi si Plikt aa setja Loven til Sida. Noregs Æra og Framtid kravde det, og Styringi var inkje nokot tess, dersom ho inkje vaagad det Spranget.

Ja slik kunna eit Blad tala ein Dag; men næste Dagen kunna det trengja likso stort Rom for aa visa, at Statskup var nokot so raatt og ulovlegt, at ingen skjikkeleg Nordmann vilde vera med paa det. Ein dag vart det sagt, at Statsraadarne inkje hadde nokon moralsk Rett til aa retta seg etter Riksrettsdomen, og ein annan Dag, at me var i eit lovlydugt Land, og Domen laut ein respektere.

So vart det Tale um ei Semja millom Kongen og Folket. Daa skreik Høgre i høgan Skjy og sagde, at slikt var ingi Semja. Vinstre vilde faa fram alt sit, 9de Juni vilde faktisk verta godkjend av Kongen, slikt vilde vera Kapitulasjon, slikt kunna kjorkje Kongen hell Høgre ganga inn paa.

Men Semja kom istand kor illhervelegt dei skreik, og Høgre tok med ein Gong Skeidi i ei onnor Haand. Det varde inkje lengje, fyrr eit Høgreblad kom med den Læra, at no hadde Vinstre faktisk uppgjevet 9de-Juni-avgjerdi, og heile Flokken tok til aa syngja paa sama Visa. Høgreredaktørarne sette det inn i Bladi, og Høgremenn utyver Landet likad dette so godt, at dei skreiv det av og sende det attende til Bladstyret, so det enno ein Gong kunna sleppa inn i Bladet. Paa den Vis hev det komet til aa standa i eit og sama Bladet Gong etter Gong.

Som sagt, eg tykkte, det var ein undarleg Logikk i dette, at eit og det sama ein Dag kunna vera ein god Gjerning og den andre Dagen berre eit Skurkestrik. Likeins tykkte eg, det var undarlegt, at Vinstre ved Semja skulde vinna alt, og so, naar dei hadde vunnet dette alt, so hadde dei i Grunnen likevel tapt. Eg braut mangein Gong Hovudet mit med, korleids dette kunna hengja saman, og korleids Heilen dog kann sjaa ut i sume Folk, naar dei ein Dag kann prova eit og ein annan Dag slaa denne Provingi ihel og baade Gongarne sverja paa, at dei meinar det, dei segjer.

Som eg ein Dag grunnad paa dette tok eg fram Fader Holberg. Han hev meir ein ein Gong voret ei Kvild for meg, naar eg var trøyt og ei Hjelp, naar eg stod fast for eit eller annat, og han sveik meg inkje no helder. Eg slog upp paa Maa og Faa, og var det inkje nett som den Holberg-skalken viste, kvat eg trengde og hjelpte meg til aa finna det. Det fyrste Augo mine trefte var dette:

Montanus. Jeg kand disputere paa got Latin om hvilken Materie det skal være: Vil een sige, at dette Bord er en Lysestage, saa vil jeg forsvare det; vil een sige, at Kjød eller Brød er Straae, vil jeg og forsvare det; det har jeg gjort mangen ærlig Gang. Hør, Farlille! vil I troe det, at den, som drikker vel, er lyksalig?
Jeppe. Jeg troer snarere, at han er u-lyksalig; thi man kand drikke baade Forstand og Penge bort.
Montanus. Jeg vil bevise, at han er lyksalig. Qvicunq; bene bibit, bene dormit - - - Ney det er sandt, I forstaaer ikke Latin; jeg maa sige det paa Dansk. Hvo som drikker vel, sover gjerne vel; er det ikke sandt?
Jeppe. Det er sandt nok; naar jeg har en halv Ruus, sover jeg som en Hest.
Montanus. Hvo som sover vel, synder ikke; er det ogsaa ikke sandt?
Jeppe. Ja det er sandt nok; saalænge man sover, synder man ikke.
Montanus. Den, som synder ikke, er lyksalig.
Jeppe. Det er og sandt.
Montanus. Ergo den, som drikker vel, er lyksalig, Moerlille! jeg vil gjøre jer til en Steen.
Nille. Ja Snak, det er end mere konstigt.
Montanus. Nu skal I faae det at høre: En Steen kand ikke flyve.
Nille. Ney det er vist nok, undtagen man kaster den.
Montanus. I kand ikke flyve.
Nille. Det er og sandt.
Montanus. Ergo er Moerlille en Steen.

Nille græder.

Montanus. Hvorfor græder Moerlille?
Nille. Ach jeg er saa bange, at jeg blir til Steen; mine Been begynder alt at blive kolde.
Montanus. Giv jer tilfreds, Moerlille! jeg skal strax gjøre jer til Menneske igjen. En Steen kand ikke tænke eller tale
Nille. Det er sandt. Jeg veed ikke, om hun kand tænke; men tale kand hun ikke.
Montanus. Moerlille kand tale.
Nille. Ja Gud skee Lov, som en stakkels Bonde-Kone kand jeg tale.
Montanus. Got. Ergoer Moerlille ingen Steen.


Og seinare kom eg til Trætta med Per Degn.


Ergoer Moerlille en Steen, ergoer Moerlille ingen Steen, ergoer Per Degn en Hane, ergo er Per Degn ingen Hane, ergo er Statskup ein god og rettferdug Ting, ergoer Statskup eit Skarvestrik, ergokjem Kongen til faktiskaa ganga inn paa 9de-Juni-avgjerdi, (og daa Kongen hadde gjevet etter heilt) ergohev Vinstre faktisk gjevet upp 9de Juni.

Jau, eg fann, at Montanus og det norske Høgre er merkjeleg like i Maaten aa prova (bevisa) paa. Det er greidt, at den eine hev lært av den andre, og daa Montanus er eldst, so maa det vera Høgre, som hev lært av honom. Og i det sama eg tenkte dette, rann det upp eit Ljos for meg: her maatte Høgres Program, som det er spurt so mykje etter, vera.

Montanus hadde til Program aa bevisa alt, og vore Høgremenn likeeins.

At dei hev fenget eit slikt Program maa hava gjenget til paa den Maaten, at ein Høgremann av Vanvare hev fenget Tak i nokre Blad av Holberg, og so hev han funnet Montanus aa vera slikt eit Ideal, at han hev tykkt, at Høgre burde taka Arbeidet uppat, der han slapp. Og det hev dei gjort, no hev dei eit Program.

Og eg tvilar inkje det minste paa, at dei ved eit slikt Program vil gagna Land og Folk. Ved det Programmet vil dei paa Lag gjera likeso mykje godt i Noreg no, som Erasmus Montanus gjorde i Danmark paa Holberg Tid. Dei kjem til aa hjelpa oss eit godt Stykkje paa Vegen, og for denne Hjelpi skal dei hava Takk.


_ r _