Skal ein læra aa skriva


god Norsk, so er det greidaste og lettaste Vegen aa læra aa tala god Norsk fyrst.

Det duger lite berre setja seg til med Ordbok og Maallære og til aa granska Ord og Stavemaatar. Det er inkje det, som er det fyrste. Det er ein jamn god Tone og eit greidt Lag i det heile, som det gjeldst um, og det fær ein aldri Grip paa, berre med di ein ser det fyri seg. Um ein freistar og balar og skriv ogso og tem seg til so myki ein vil, det vert ingen full Mun i det. Ein kann væl kanskje faa ei Slag Gjerd paa det med det au, men det vert inkje den rette. Det kann væl koma til aa falla utruleg aat Augom og gjelda for god Norsk aat dei. Men eit Maal, det er noko, som er aat Øyrom det; det er der det hev Domaren sin. Difor er det Talen, som er det rette Maalet; finnst det inkje god Tale, so finnst det inkje godt Maal hell, um dei driv og skriv aldri so myki, det vert inkje betre for det, for det er umogelegt, at Maalet kann verta betre paa Skrift enn det er i Tale.

Det er aldri aa fara etter, den som vil læra aa skriva fullgodt _ korleids det vert fyrisagt som jamnast med Stilingi, at ho skal hava sine serskilde Reglar, som inkje kjem Talen ved det Slag og inkje jamt tek Grunnarne sine der hell. For Stilemeistrarne jamnast hev lite sjølvstendig Sans, dei hev so liti Greide paa, korleids eit Maal skal vera laga, at dei endaa gjeng etter det Latinske, som er so ulaglegt Maal aa læra etter, som det væl kann finnast. Det tykkjest berre vera gjort for Augom det, inkje kann daa eg tenkja meg, at Romarfolket tala plent so, som me no les det, daa vøre det rett stive og ulaglege Folk, og langtifraa, at me kunde finna noko Mynster hell Rettleiding større for Maalsansen vaar i dei.


e.