Presteskapet i Rusland.


(Etter Brøndstedi dansk Morgenbladet).
 
 
Tzar Peter den store sette upp den Grunnsetningi, at kvar Mann skulde tena Staten paa si Vis: dei adelege som Offiserar i Heren elder paa Floten elder som borgarlege Embættsmenn, Poparne¹) som Religionens Tenarar og dei lægre Klassar som Soldatar, Matrosar elder som Skattegjevarar. Av desse tri Klassarne var Poparne dei, som hadde den lettaste Byrdi aa bera, og mange Adelsfolk og Bønder vilde gjerne hava teket Prestekappa paa, dersom ikkje Styringi hadde murt so vel inn Prestestandet, at det var umogelegt for nokon annan aa trengja seg inn der.

Det at Prestarne vart eit Stand for seg sjølve med sine eigne Sermerkje, sine Sedar og Mynster, hadde ein laak Innverknad paa Prestarne. Men det var ikkje berre det. Kasten økslad seg paa naturleg Maate langt snøggare, enn det var Embætte aa faa, so Talet paa Prestar og Hjelpeprestar vart snart langt større enn som trongdest. Soleids vart der i Rusland ei Mengd med fatige Prestar og dei drog til Byarne, som Fatigfolk vanlegt gjerer. Til Faanyttes forbaud Styringi Poparne aa forlata Heimen sin og for med dei, som ikkje lydde etter dette, som dei skulde voret Landstrjukarar og Flygtningar, til Faanyttes prøvde Tzararne aa minka Talet paa Poparne ved aa draga Vaapentrøya paa dei. I Moskva, St. Petersborg og alle store Byar kann ein enno høyra Ropet: Dei kjem, naar dei kvar Morgon i store Flokkar sankar seg utanfor dei store Kyrkjurne for aa tinga seg til aa lesa Messur i Kyrkjurne aat dei adelege. Denne Tingingi millom Poparne og dei adelege sine Tenarar, som vart utsende til aa leiga Popen, gjeng likso kvikt som Handelen paa Torget millom svikfulle Kaupmenner og tiglande Husmødrar.

Dei Poparne, som vert verande i Landsbyen, hev det ikkje stort betre, for dei er likso mykje i Magti aat Godseigararne som Bønderne. _ Ein Landsbypope fortalde meg, korleides han til Moro for Godseigaren og Gjesterne hans vart duppat ned i ein Brunn, og eg hev sjølv voret Vitne til, korleides dei haddeein Pope inni ei Tunna og let henne trilla nedyver ein Haug ut i Elvi, fordi han ikkje hadde teket Hatten av, daa han gjekk framum huset aat Godseigaren.

Prestesøner som ikkje er so heppne aa faa seg eit Presteembætte, hev det endaa verre. Dei maa anten tena som Skrivekarar elder lægre Embættsmenner i Kantor, der dei vanleg ved Mutegaavor elder Utsuging gjerer den vesle Løni si større. Dei, som ikkje eingong kann driva det upp til ein slik Post i Samfundet, lyt daa for ikkje aa svelta ihel, ty til Forbrjotarvegen og endar som oftaste i Fangehol elder i Sibiria elder paa Vegen dit. For aa kunna døma rett um det russiske Prestestandet, lyt ein naturlegvis ogso taka med den Retningi, som i Hundradtal hev voret raadande i den græsk-katolske Kyrkja _ eg meiner den store Hug Prestestandet hev til aa leggja Vigt paa det seremonielle i Religionen. Raa og udana Folk er allstad og alltid tilhugade til aa halda Religionen for ei Rad av løyndomsfulle Fyreskrifter, som eig Trolldomskraft til aa halda burte det vonde i denne Verdi og skaffa Sæla i hi.

Den russiske Aalmugen hev det og paa same Maaten, og den ryske Styringi styd av all Magt Kyrkja, for at Folk framleids skal hava denne Uppfatningi, og ikkje faa Religionen i Samband med den aalmenne Moralen. Herav kjem det, at ein Røvar plundrar ein Ferdamann, men ikkje røyver Kjøtet, som han fann i Vogni, avdi det daa just er ein Fastedag, elder at ein Mordar, fyrr han myrdar, gjeng inni ei Kyrkja og bed Heilagmenni um Hjelp til si Gjerning. Popen hev difyr aldri nokon moralsk Innverknad paa Kyrkjelyden sin. Det, dei ventar og krev av honom, er, at han nokot so nær rett og greidt utfører det, som Kyrkja eingong hev fastsett: døyper, vigjer og gravlegg Folk. Gjerer han det utan Utsugingar, so er Kyrkjelyden fornøgd. Det er strengt forbodet honom aa gjera nokot til Folkeupplysningi si Framhjelp; det kjem ikkje honom ved, til det hev Styringi lønt Lærarar, som nokot so nær stend paa same Steg som Aalmugen sjølv. Kvifor Styringi gjerer so endelaust litet for Folkeupplysningi er ikkje vandt aa skyna, daa Soga lærer oss, at Hardstyret fell med Folkeupplysningi. Ein Mann av dei lægre Klassar i Rusland, som kann meir enn A-B-Ca si, ser difyr Styringi paa med mistrugne Augo, og prøver han paa aa gjeva andre Folk nokot av sin Lærdom, daa vert han utropt og aatfaren med som ein Nihilist elder Nedrivar.

Den Russaren, som eg fekk dei fleste Upplysningar av um det russiske Presteskapet, var ein Landsbypope. Det var ein stor før Kar, paalag fyrti Aar gamal; han hadde eit døkkbrunt Skjegg og langt glattkjembt Haar, som laag nedyver Okslerne hans. (Prestarne i Rusland fær ikkje skjera Haaret sit). Klædi hans var ei brun Kappe av grovt Ty, som var ihopknytt høgt uppmed Halsen, og som naadde til Jordi, ein breidbrautad Hatt og eit Par svære, store Styvlar.

Av honom fekk eg vita, at nokot av det vigtugaste, Biskopen hev aa gjera, er aa gifta Poparne, naar desse skal inn i Embætti sine. For Saki er den, at Presteenkjur i Rusland ikkje fær nokon Pensjon, og for at det daa ikkje skal verta for mykje prestelegt Fatigfolk, gifter Bispen dei med Ettermannen. Døyr Kona til ein Pope, so leitar Bispen ut ei ny Kjering aat honom, og som oftaste vert det daa Einkja etter einkvar Popen. _ Det er praktiske Folk, dei Bisparne.

Bisparne (Metropolitarne) og Klosterforstandararne maa liva ugifte, og hev difor ikkje nokor Syn for, kvat det lægre Presteskap mest treng um. Sjølve tek dei dei beste Embætti og yverlæt det harde Arbeidet til Landsbypoparne. Men desse hev so altfor smaae Løner, at dei lyt vera dyre paa Arbeidet sit for aa liva, difor vil dei korkje døypa elder gravleggja nokon, utan dei fær god Bitaling for det. _ Daa Bønderne er fattige og hev store Skattar, hev dei ofte vondt for aa greida seg; men for Poparne sine hev dei liten Vyrdnad, daa desse er likeso fatige som dei sjølve.

Endaa det er aalment kjennt, kor tronge Kaar Landsbypoparne liver i, er det likevel faae Folk, som med Aalvor tenkjer yver det. Under den fyrre Styringi, daa Folk var uppglødde for Umbøter, brydde dei seg litet um kyrkjelege Ting, og enno mindre no, daa Likesæla er raadande hjaa alle.


¹) Lægre Prestar.