Litt um Talemaal og Skriftmaal og dei rette Autoritetar.


Maalet vaart det munar fram Stig for Stig. Men um mange Muner er gjorde, so er det daa nokk att aa føra fram likevæl, for til fleire me vinn undan, til fleire øygner me fyri oss.

Fyrst er det no aa faa det fram all Stad der det høver og heve Rett for seg. Og naar det er dit komet, daa kjem det nye Muner, som legst til. Me tarv inkje vera rædd for aa sprengja oss i den Tanken, at me skal taka Auken fraa dei, som etter kjem. Det norske Maalet er so ungt og heilt, at det hev Magt utgjenom mange Ætter til aa kveikja Samhugen og Arbeidet aat seg.

Maalet kom fyrst upp som ein Tanke i kloke Manns Hovud. So kom det ut og vart med i Arbeidet. So er det Utslaget som er det tredje og det siste.

No hev me mona oss igjenom det fyrste. Me hev fenget det ut av Hamsen og ut paa fri Jord, aa ja inn i kvar Manns Hus, og atte stend det aa lata Frukterne faa veksa og sankast saman.

Fyrst for dei med aa sanka saman Ord og Former fraa all Stad og finna Einskap og Samanheng i desse mange Brigde, som tottest vera so flokutte, at mest ingen visste um, at det var eit norskt Maal her i Landet. Det sette Undring i Folk, daa Ivar Aasen kom fram med denne Generalnævner for Dialektbrøkkene, som Vinje kallad Landsmaalet.

Sidan var det sume, som totte ein slik Einskap maatte bli for stiv og for blodlaus, han vart som eit avkola Tre, utan Liv og Ljo, og Bygdemaali serskilt vart framdregne. Det var det Maalet, som Folket talar, dei helst vilde hava. Mange skreiv berre paa Bygdemaal og vyrde inkje anna; soleids Fjørtoft paa Sunnmørsmaalet og andre kvar paa sitt. Det kom mange Bøker paa Bygdemaal; mest er det daa Telemaalet og Valdres- og Hallingmaalet, som det er skrevet paa.

No igjen er det komet som inn i eit nytt Far. Det er inkje anten Landsmaal hell Bygdemaal visst, men det er baade Delanne. Landsmaalet fær berre Rett og Bruk, solangt det kann lata Safti og Krafti i Bygdemaali faa fritt røra seg. Og Bygdemaali vert vyrde berre daa, naar dei inkje vik for langt av fraa det aalgjengde.

Det hev liksom samt seg ihop no meir og meir, dei møtest paa Halvvegen Bygdemaal og Landsmaal, dei gjer det dei kallar Kompromis med kvarandre. Soleids vil det gaa, so Striden millom Einfeldskapen og Mangfeldskapen i det norske Maalet vil jamne seg av seg sjølv. Talen um dei uppsette Landsmaalsformer vil falla burt, og dei motstridande Bygdemaalsformer vil gjeva seg inn under det større, so at det med Tidi vert eit samanvokset Maal, som det no alt er paa so god Veg til eit Maal, som kann verta likeso heilstøypt og formfagert som det beste Landsmaal, ein kunde laga, og likeso livande og rikt som det beste bygdemaal, som hev vortet tala.

Skulde det vera so, at eit Maal berre er det, som vert skrivet, so var det nok lange Voner til, at det kunde verta nokor slik Jamning. Men no er Lykka den, at det er berre Maalet, so som det vert talat, som er det sanne Maal, Skrifti er berre som ei Avstøypning hell Framsyning av Talen, ei Rettleiding, so den som inkje høyrer, kann ved Syni gjerast før til aa eigna det til eg paa nokonær den same Vis, som um han hadde sansa det med Øyra.

Difor er det Talemaalet, som gjeng fyri, Skrifti maa koma etter i den same Leidi. Det er daa Talemaalet og dei Vegjer, som det tek, som er det, ein skal fara etter og som eg tek mi Von ut or um Semjingi og Jamningi ihop til eit Maal, der Skrivemaatar mest kvitter eit.

Naar eg legg Vegti so mykje paa Talen, so fær heile Maalsaki aa kalla for ein annan
Sveip. Det som spørst um daa, er inkje so mykje Beingrindar, Laging og Legging med Ord og Former, det skal alt slikt sjølv renna or si eigi Kjelda, det er som eit Utslag, som det stend til oss berre aa faa Greide og finna Samanhenget paa og som ingen kann snu hell vrida, som han vil. Men au denne Kjelda, sjølve Talen, den er au berre eit Utslag av noko anna, det er av Mannen sjølv. Der er det alt Maal hev si naturlege Rot, der er det Vegti ligg.

Mannen sjølv er det, som ber Maalet. Maalet er den beste Maaten han hev til aa syna seg sjølv fram.

Daa gjeldst det so um det norske Maalet aa hava det greidt for seg, kva Slag Folk det daa er, som helst ber det upp, som er den reinaste Kjelda, som er dei beste Maalmenn.

Mange trur, at det er dei, som mest driv med Maalet i Blad og Bok og i Umtale, som er dei beste. Men det er inkje so. Den er ein midels Maalmann, som berre hev lært seg til eit Maal og inkje kann tala det eingong. Desse er berre Læresveinar. Inkje hell alle, som talar Norsk, er fullgode. Nei dei verkelege Autoritetar i Maalvegen er berre dei, som talar det so godt og fritt og sjølvstendigt, at alle som høyrer det, fær det Inntrykk, at han er Herremann og brukar Husbondsrett i Maalet, gjeng Frikar for alle Lovar og Reglar, hev Maalet fritt som ei Leike i si Haand, brukar det som sin private Eigendom, og gjeng inkje paa Leige anten for Bokskrivarar hall for Bygdeskikk; men alle andre maa falla mjukt for Føterne hans og berre godkjenna og konstatere, soleids som han gjer det. Ei onnor Sak er det, at Maalet vert det mest regelrette og lovbundne, som han brukar, for han bryt inkje ned Loven, men han stend yver den, difor er det han hev Makt yver den.

Det er den, som er Herre i dette Rike, vilde Kunstmaalet segja, som best kann leggja sin Individualitet fram i det. Daa fyrst vert eit Maal det, som det skal vera.


e