Framstiget og Arbeidet.


Det hev voret ille i so Maate hjaa oss, at heile Politikken vaar hev samlat seg berre um Brigde og Umstøypingar i Lovverket. Skuldi for det ligg hellest inkje hjaa Vinstre.

Det juridiske hev fenget for stor ei Vegt, Framvokstren av sjølve det, som skulde gjeva Riksskipnaden Innhald, gjeva Landet Velstand, gjeva Folket Dugleik og Hugnad, det hev teket for liten ein Mun.

No heretter er det inkje umogelegt at det lagast tvo Flokkar, ein som vil at me framleides skal fara Skjott fram med Lovbrigde og Umstøypingar, og ein annan som vil halda seg meir til det praktiske, som meiner, at me fyrst maa dyrka upp væl det Jordet me hev, fyrr me tenkjer paa aa flytja ut Skidgarden og brjota upp Nylende. Folk som vil at me helst skal leggja oss etter aa hjelpa upp Næringsvegjer og faa meir Daning og Kultur paa alle Leider, og at alle Spursmaal um Forandringar fær drygja til dess at Livet sjølv fær veksa seg fram so sterkt, at dei gamle Lovar og Reglar vert Mein, som stengjer Vegen for aa koma fram, og difor aa kalla brigdest av sjølve seg.

Tvo frilynde Flokkar, som væl kann kallast Vinstre og Høgre. Vestlending imot Vinstresida, Austlending imot Høgre. Og av dei gamle Bakstrævarar kjem væl daa ein Del til aa halda seg med Høgre og ein Del, dei som er dei villaste, med ytste Vinstre, etter den gamle Rigel, at Utendarne møtest. Bønderne kjem væl helst til aa ganga med Høgre og Embættsmenn¹) og Byfolk og Handverksfolk og Arbeidarar med Vinstre.

Men for det fyrste vert det vist inkje slik skarp Partistelling og slike harde Basketak seg imillom som det hev voret fyrr. Det vert meir aa kalla eit Byte av Arbeidet, so at den eine Flokken meir kjem til aa halda seg til Utsida og Formerne, den andre meir til Innsida, gjeva Innhald og Næring til det nye Liv og jamna av alle Yvergangar.

Og soleids vil baate Vestland og Austland koma til sin Rett, dei vil arbeida saman og utfylla kvarandre, til Bate for Framgongen i Landet.


V.


¹) At Storhopen av Embættsfolk kjem til aa gjeva upp Bakstrævarpolitikken er væl no
sjølvsagt; dei vil altfor gjerne vera Vener med Regjeringi slike.