Fraa Skulesoga.


(Ved Matias Skard .)
 
(Framhald.)
 
(Del 4 av 7. Fyrste delen.)
 

X.


Kjære Ven.

Ved sine Freistnadar paa Nygard hadde Pestalozzi lært, at han hadde ikkje Smeds Hender; men difyre vart han ikkje mindre viss paa, at han hadde Smeds Augo. Aldri var eg fullare yvertydd um, at mine Synsmaatar og mitt Stræv var verdfulle, enn i den Tid, daa dei i det ytre gjekk reint til Grunns. For det var heile hans Livs Kjærleik, hans Liv det galdt. Alt lenge, aa! fraa mine Ungdomsaar bruste mitt Hjarta som ein veldig Straum eine og aaleine mot det Maal aa stadna i Osen den Vesaldomen, som eg saag Folket rundt umkring meg var sokket ned i.

Eg segjer det no (skriv han 20 Aar seinare) med indre Upplyfting og med Takk til Forsynet, som styrer meg: daa eg sjølv var i Naud, lærde eg Folket si Naud og deira Mødor altid djupare aa kjenna og soleides som ingen i Lukka kjenner deim. Eg leid det Folket leid; og Folket synte seg fyre meg, som det var og soleides som det ikkje synte seg fyr nokon annan. I ei lang Aarrad sat eg millom deim som ei Kattugla millom Fuglom. Men midt i Haanlatteren av dei Menneskjom, som vrakade meg; just medan dei ropade høgt til meg: Din Stakkar, du er ikkje sopass i Stand til aa hjelpa deg sjølv som den laakaste Arbeidsmann, og du meiner, at du kunde hjelpa Folket? _ midt under desse hædeleg flirande Tilrop, som eg las paa alle Lepar, sluttade aldri min veldige Hjartestraum aa stræva eine og aaleine mot det Maal aa stoppa Uppkoma til den Naudi, som eg saag Folket rundt umkring meg sokket ned i, og fraa ei Sida vaks altid mi Kraft. Mi Ulukka lærde meg meir Sanning fyre mitt Maal. Det som ikkje daarade nokon, det daarade altid meg; men det som daarade alle, det daarade ikkje meg meir. Eg kjende Folket soleides, som ingen umkring meg kjende det. Gleda yver det, dei tente paa Bomull, deira stigande Rikdom, deira kvitmaalade Hus, deira store Avlingar, ja enndaa det at nokre av Lærarom deira sokratiserade, og Leseselskapet aat Lensmannssønom og Bodberarom det daarade ikkje meg. Ut av denne djupe Kjærleik til Folket og denne Dugløysa naar det galdt aa gjera den um til Liv _ spring so 1780 Pestalozzis fyrste Bok Kveldstundi aat ein Einbu. Det er berre Tanke- stubbar, som ero sette der laust ved Sida aat kvarandre. Men alle ero dei sprungne ut av den same djupe Hjartegrunn og peika difyre ogso mot det same Maal _ undarleg fagert samhøvande i alle sine Deiler. Her berre nokre Utdrag. Menneskja _ so byrjar han _ Menneskja slik som ho er seg sjølv lik paa Trona og i Skuggen av Lauvtaket, Menneskja i sin Grunn _ kvat er ho? ... Det som Menneskja treng, det som lyfter henne, det som set henne ned, det som gjerer henne sterk og det som gjerer henne veik _ det er det Folkehyrdingarne trenga, det er det Menneskjorna trenga i dei laagaste Hyttom... Alle reine Velsigningskrafter fyre Mannaætti ero ikkje Gaavor av Kunst og Tilfelle. Djupast i Naturen hjaa alle Menneskjor liggja dei i alle Grunndrag. Utdaningi av deim er den aalmenne Trong hjaa Mannaætti... Vill fører all den Skuledaning, som ikkje er bygd paa Menneskjedaningi sin Grunnvoll... Heile Mannaætti er i sin Grunn seg sjølv lik og hev berre ein Veg til aa verta velnøgd... Den som ikkje er Menneskja, i si indre Kraft utviklad Menneskja, han vantar Grunnlaget fyre Utvikling til sitt nærmare Kall og si serlege Stilling, og detkann ingi ytre høg Stilling gjera honom skuldlaus fyre. Millom Faderen og Fyrsten, millom den fatige under tunge Næringssorger og Rikmannen som sukkar under endaa tyngre Sorger, millom den vankunnige Kvinna og den vidspurde Mangvitar, millom den daude Sovar og Stor-anden, som med si Ørnekraft verkar um all Verdi _ millom deim er der Skilnad. Men naar den eine i si Høgd vantar det reint menneskjelege, so vilja myrke Skyer leggja seg um honom, medan det utdanade menneskjelege utstraalar fraa seg reint, høgt og glad Menneskjeverd. Soleides tyrstar ein Fyrste i si Høgd etter vise og rettferdige Lovar... Utan menneskjelegt, reint Fadersinn er Talen um upplyste Lovar Klangen av Næstekjærleik i Munnen paa hjartelause Menneskjor. So langt er du Fyrste, kannhenda burte fraa Velsigningi av den Sanning, som du søkjer. Og samstundes taka Feder i Moldi under dine Føter sine leide Søner viselege. Fyrste, lær i deira taarefyllte Nattevaka og i deira mødefulle Dagstræv _ lær der Visdom fyre dine fangade, og giv din Rett yver Liv og Daude til Menner, som paa denVeg søkja Visdom... Menneskja, Fader fyre dine Born, dreiv ikkje deira andelege Kraft langt ut paa Vidderna, fyrr den heve vunnet Styrke ved Øving paa det, som ligg nær... Den kunstige Skuleveg, som alstad driv Ord-Stellet framum den væntande, langsame Natur, danar Menneskja til kunstig Glans, som løyner Bresten paa indre Kraft og er tillags aat Tider som vaart Aarhundrad... Den reine Sans fyre Sanning danar seg i dei smaa Kringar... Fadersinn gjerer Styrarar, Brodersinn Borgarar; baade tvo skapar Orden i Hus og Rike... Mannaætti sine huslege Livshøve ero Naturens fyrste og fornemste Høve... Difyre er du, Faderhus Grunnlaget fyre all rein Naturdaning av Mannaætti. Faderhus, du Skule fyre Seder og Stat. Menneskja, fyrst er du Barn, dernæst lærer du fyre dit serlege Kall... Den som vik av fraa denne Naturordning og unaturleg trengjer fram Stats-Kalls-Herre- og Tenarutdaningi, han bøygjer Mannaætti fraa det aa faa godt av dei mest naturlege Velsigningar og ut paa Sjoen full av Skjer. Sjaa de det ikkje, Menneskjor, kjenna de det ikkje, Jord-Søner, korleides dykkar høgare Stand i si Daning tapar sine indre Krafter. Ser du ikkje, Mannaætt, korleides dei ved aa vika av fraa Naturens vise Ordning føra tom og aud Usigning inn millom seg sjølve og derifraa ut i Folket? Kjenner du det ikkje, Jord, korleides Menneskjeætter vika burt fraa den reine Velsigning i sine huslege Høve og alstad trengja seg ut paa den glimande Skodeplass, so dei kunna spegla sin Kunskap og kisla si Æresjuka. Langt ute paa Vidda vimrar Mannaætti i Villa. Gud er det næmaste Høve fyre Mannaætti... Aa tola Vald og Grav og Daude utan Gud, til det heve din mildt, godt og kjenslerikt danade Natur ingi Kraft. Gud som Fader til dit Hus, som Upphav til di Velsigning _ Gud som din Fader; i den Tru finn du Ro og Kraft og Visdom, som inkje Vald, ingi Grav kann brjota ned i deg... Tru paa Gud, du er inngravi i Mannaætti sin Grunn liksom Sansen fyre godt og vondt, liksom den usløkkjande Kjensla fyre Rett og Urett _ so uriggeleg fast ligg du som Grunnlag fyre Menneskjedaningi djupast i vaar Natur, ... Tru paa Gud, du er ikkjeVerknad og Utslag av danad Visdom... Gud er Mannaætti sin Fader. Guds Born ero udøyande... Trui paa Gud er Upphavet til alt reint Fader- og Brodersinn i Mannaætti _ Upphavet til all Retferd... So er Folketrui paa Guddomen Upphavet til all rein Folkedygd , all Folkevelsigning og all Folkekraft... Vantrui hjaa dei høgste er: Upphavet til Ulydnaden hjaa dei lægste. Faderhjartat og Fadergaavorna hjaa dei høgste plæntrar og tryggjer Lydnaden hjaa dei lægste... Og Upphavet til Rettferdi og all Velsigning i Verdi, Upphavet til Kjærleiken og Brodersinnet i Mannaætti, det kviler paa Religionen sin store Tanke, at me ero Guds Born, og at Trui paa denne Sanningi er den trygge Grunn fyr all Heimsvelsigning. I denne store Tanke i Religionen ligg altid Anden til all den sanne Statsvisdom, som søkjer den reine Folkevelsigning; for all den indre Kraft til det sedelege, til Upplysningog Visdom kviler paa denne Grunn: Mannaætti si Tru paa Gud... Mannaætti sitt Tap av Barnesinnet mot Gud er Heimsens største Ulukka, for det gjerer all Guds Faderuppdraging umogeleg, og Nyreisningi av det tapte Barnesinn er Utløysingi av dei fortapte Gudsborn paa Jordi. Den Guds Mann som med Liding og Daude nyreiser i Mannaætti den aalmenn tapte Barnesinns-Kjensla mot Gud, han er Heims-Utløysaren, han er Herrens ofrade Prest, han er Millommannen millom Gud og den gudgløymande Mannaætt. Hans Læra er rein Rettferd, danande Folkefilosofi, den er Gud Faders Openberring til den fortapte Ætt av hans Born. Og snart skulde han vidare paa den bokskrivande Vegen, enndaa han slett ikkje trudde seg dugeleg til det, og som han sjølv fortel, snaudt kunde skriva ei Rad feilfritt. Det var Maalaren Füszli, som kom til aa sjaa eit litet Skalkestykke, han hadde morat seg med aa skriva. Maalaren fann, at det vitnade um stor Dug, og paa hans Ord gav Pestalozzi seg i Kast med aa skriva ei Bok, enndaa han ikkje sjølv visste, kvat det skulde vera. Den rann meg av Pennen, eg veit ikkje korleides _ fortel han _ og den utviklade seg av seg sjølv, utan at eg hadde det minste av Plan til den i Hovudet. Den Boki er Lienhard og Gjeirtrud. Ei Bok fyre Folket. Det er ei Forteljing fyre Folket, og i Sanning ei folkeleg Forteljing, reint Upphavsboki i so Maate. Det er ei Bondeforteljing, der kvar Rad andar glødande Kjærleike til det menneskjelege, serlege det menneskjelege i dei ringe Kaar. Boki er heilt sprungi ut av og stend i Tenesta hjaa hans Livs Tanke: han syner oss, korleides eit Hus, ei Bygd, eit Land vert nyreist til eit godt Menneskjeliv, nyreist ved Hjelp av Moderi. Moderi og Heimen _ det er fyre Pestalozzi Hjarteroti i all menneskjeleg Daning.