Ei Stormannsstyring


er god aa hava for oss no. Men det kjem seg an paa kvat Slag Storingar det er, som slepp til.

Nokon Tanke um Høgre-storingar er det inkje lenger, derifraa hev me ingen Ting aa ottast. Det er Vinstrepartiet sjølv som Folk no maa til og granska.

Det er slett inkje sagt, at me treng dei same Fyrigangsmenn no heretter, som me hev havt fyrr. No er det Fredstider, som hev byrjat, og ein veit inkje um det er altid so, at dei som er gode Kjemparar i Krig er likeso gode til aa byggja Landet i Fred. Ein tarv inkje binda seg det Slag etter slikt, som kvat ein skuldar den og den. Eit Folk hev ingi Pligter mot sine Menn um dei er aldri so store, utan daa aa berga dei fraa Sveltihel, men det hev Pligter imot seg sjølv. Men ein stor Mann hev faae Pligter mot seg sjølv, han skuldar alt aat sitt Folk.

Det er greidt aa skyna, at i slike Ufredstider hev me havt Bruk for ymse Slag Karar; det kann vera mange, som kann hava havt eit godt Mæle, Mot og Djervskap til aa agitera, vekkja upp Folk og manna dei til Strid og dei kunde sjølve inkje vera rædde for ein heit Bardage, men dei kann treffa til aa hava litet av den Dugleik og Kraft og moralske Stødleik, som det norske Folk no fyrst og fremst maa krevja.

Eg meiner inkje paa nokon viss; men det fylgjer av seg sjølv, for i alle Samfund vert det jamt misnøgde Folk med nokso gode Hovud, som tykkjer at dei inkje hev naatt fram til den Stelling i Samfundet, som dei kunde ynskja seg, hell som paa einkvar Maaten hev forskiplat si Utvikling hell sin Moral.

Slike som inkje nokot hev aa tapa, men kanskje kunde raaka til aa faa Vinning, plagar jamnt aa slutta seg til Opposisjonen, og naar daa denne sigrar, vil dei sjaa til aa nytta Sigeren for seg paa alle mogelege Maatar. Gjeng det so inkje der, vil dei snart forandre Signaler og finna att Plassen sin i den nye Opposition, og strida for dei Tankar, som dei fyrr hev voret imot.

Attaat denne Flokken fraa eiget Parti vil det ogso koma nokot laust Folk fraa Motpartiet, Yverlauparar, som vil helst vera med den som hev Magti.

For desse Flokkarne gjeldst det daa fyrst aa taka seg ivare. Og det gjer ein best paa den Maaten, at den som Folk hev nokon Otte for i so Maate, honom let dei berre i Fred og Ro so lenge og inkje vyrda honom med Tillitspostar og slikt nokot, til des at nokre Aar hev fenget prøvt Ærlegdomen og Truskapen hans og Dugleiken hans til aa laga Aatferd og Arbeid etter dei nye Høve.

Det kann vera mange framifraa duglege og fedralandskjære Menn, som sit stilt og umerkt heime i Bygd og By, Menn som hev havt liten Hug paa Strid, men som var høvelege Arbeidsfolk for den Tid, som no kjem. Slike maa me no gjeva meir Gaum etter og føra fram, for no er det tenksame, rolege Folk me treng, slike som hev Kjennskap og Dugleik kvar i sitt Yrkje, gode Jordbrukarar, Fiskarar, Arbeidarar, Fabrikkmenn, Maalmenn, Skulemenn o.s.v.

Fyrr hev Hovudsaki voret aa samla Folk i ein stor Ring, og me hev difor havt Brukfor Menn med vide Tankar og store Ord, men no er den Ringen so heil og sterk, at Smaaringarne og dei serskilde Arbeid og Hugmaal igjen kann taka seg fram.

Me treng inkje slike, som berre Fridomsordet ligg fremst paa Tunga hjaa, og me hev hell inkje no so mykje Bruk for dei store Aander og Sjeniar til Hovdingar for oss. Dei vert nedflutte til aa vera berre raadgjevande Magter.
Dette meiner eg vil hjelpa oss fram til Utvikling av heil Sjølvstyring, at me kann faa til Hovdingar Folk som er minder og minder store og framande for oss, meir og meir heimalne, so at til Slutt treng me ingi aa kalla, men vert alle mynduge Styresmenn. Inkje so som sagt, at me forskyt dei store Tankar og store Menn, men me tek imot Tenesta deira, og er Husbønder sjølve.


V.