[Tidender.] Gamal Skikk


I Byen Dundov i England hev det voret den Skikken, at naar Ektefolk hev voret viljuge til aa sverja paa, at dei minst eit Aar og ein Dag hev voret samde og glade i kvarandre, so skulde Folket gjera Fest for dei og gjeva dei ei Fleskeskinke i Præmie. Sidan 1855 er det ingen, som hev voret verdug til aa faa Fleskepræmien. No i Aar er det nokk eit Par, som trur, at dei med frelst Samvit kann sverja paa, at dei i eit Aar og ein Dag inkje so mykje som eit Minut hev angrat, at dei fekk kvarandre, og dei skal faa den vanlege Præmie.

Den Festen, som vert halden ved slike Tilhøve er ofte snaal nokk. Dei, som Festen er gjord for, køyrer i ei gamaldags Vogn, og etter fylgjer ei Folkerad med Fanar og Musikk. Paa ein av Fanarne stend uppskrivne Namni paa dei, som hev fenget Fleskepræmien fyrr. Heile Folketoget gjeng fyrst til Raadhuset, so derfraa til eit gamalt Kloster. Ved Klosteret hev Domararne, Raadsherarne og Kommunestyret møt upp, og her fær dei fredsæle Fleskeskinka.

Denne Skikken er gamal og skal vera uppkomen i det 13de Aarhundradet. Det skulde nemleg henda seg daa, at eit Par gamle og fattige Ektefolk kom til Jomfruklostret i Dundow. Dei knælte ned og takkad Gud for, at dei eit heilt Aar og ein Dag hadde livt saman einugt og i Gleda. Daa dei gjekk ut av Klosteret, møtte dei Klosterkokken, som kom med ei Fleskesida paa Oksli. Den heilage Klosterfadern gav no denne Fleskesida til dei fredsæle gamle Ektefolki som Løn for Truskapen deira. Men no synte det seg, at det inkje var Fatigfolk, som var komne til Klosteret, men den rike og megtige Reginald Fitzwald og Kona hans. Reginald gav no store Eigedomar og andre Gaavur; men Klosteret laut lova, at kvart Ektepar som kom og fortalde, at dei hadde livt einugt eit heilt Aar og ein Dag, skulde faa ei Fleskeskinka av Klosteret.

Segni er fraa det 12te eller 13de Aarhundradet; men Klosteret vart nok inkje bygt fyrr i 1604.