[Tidender.] Fraa Maalvenarlaget ved Stord Seminar.


Det lakkar til Endes med dette Skuleaaret no, og Maalvenarlaget her hev ogso sluttat si Gjerd fyr iaar og havt Val paa nytt Styre til næste Skuleaar. Men, naar me tenkjer attende paa, kvat me hev gjort i det framfarne Aaret, maa me segja, at me hev inkje komet so langt, som me gjerne vilde. Nokot stort hev me no inkje ventad paa aa faa gjort, daa me hev so myket annat Arbeid og maa stræva med Maalarbeidet so aldeles paa eigi Hand. Kjem so derattaat, at ein høyrer Mesteparten Dansk fyre seg, leser danske Bøker, skriver danske Stilar og jamvel maa læra ei Bok, som heiter Norsk Grammatik, men som me tykkjer er reint litet norsk so er det inkje godt aa berga seg fyre Dansken dessmeir, sjølv um ein gjerne vil reiknast til disse her Maalmændene.

Trongen til aa faa litet Retleiding vert daa alt større hjaa oss Maalvenar, etterkvart som me fær Augo upp fyr, at det maagjerast nokot fyre Maalsaki. Ein kann au tykkja, at norsk Maallæra inkje er paa orette Staden paa ein Skule, der norske Bondegutar bli upplærde til Skulemeistarar aat norske Bondeborn. Fær ein inkje Uppøving i Bondemaalet der, kann det helder inkje vera godt i Skularne utyver Landet aa læra Borni upp i Modersmaalet.

I Von um, at der vil bli gjort nokot fyre denne Saki, er det, at me vaagar oss til aa koma med Bøn um, at der paa Seminararne maa verta Tilhøve til aa faa sovel munntleg som skriftleg Undervisning i norsk Maallæra.


Stord i Juli 1884.
 
Fyre Maalvenarlaget
Peter K. Engesæt.
(f. t. Fyremann).