[Tidender.] Eit uhyggelegt Hende.

 
Son aat Præsidenten i Mexiko, ein ung Officer, Fernando Gonzalez, skulde reisa med Jarnvegstoget fraa Tacubaja til Hovudstaden. Han hadde tvo Vener med seg paa den atterste Platform attmed Konduktøren. Med det same Toget tok til aa gaa, riste det so, at Gonzalez kom til aa støyta til ein som sat ved Sida hans. Han bad straks um Orsaking, men den andre brukad Munnen og vart sistpaa so arg, at han drog fram ein Dolk og gav Gonzales eit stygt Saar i Auga med honom. Daa ein av Venerne hans, Kaptein Garza, saag det, ropad han til Fyren, at han maatte styra seg, og at det var Son aat Præsidenten, han hadde teket paa. Det skil ikkje meg, svarad berre hin og for laus paa Garza med Dolken sin. Denne tok fram ein Revolver og skaut Mannen midt i Brjostet, saa han laa daud paa Flekken. No kom ein av Kammeratarne aat den fallne til og treiv Garza i Halsen og vilde tyna honom. Men daa skaut Garza paa nytt og drap den andre Motstandaren sin og. Daa Toget kom til næste Stasjonen, vart alle, som hadde voret med i Striden førde burt av Politiet. Retten skal no avgjera Saki; men dei trur, at Garza vil verta frifunnen, daa han brukad Vaapni sine berre til aa verja seg med. Gonzalez kjem til aa missa det eine Augat sit.