Fraa Elverom.

 

Daa me hadde hatt 17de Mai, tenkte eg aa skriva ei Melding ifraa Bygdi vaar aat deg, men det vart ikkje av for Skuld Vaaraanni. Det skal ei Tid til aat alt, og i Aannetidi gjeng det nok ofte so for ein Smaabonde daa, at det ein tykkjer ein bør gjera, lyt ein leggja burt for det, ein nøydest gjera.

 

Det vert nog eit gamalt nytt aa telja um 17de Mai no, daa det alt byrjar verta Vikur sidan me hadde 9de Juni. Eg skal difor freiste aa fara yver det med ein Haralabb, som me segje.

 

Det var ein overlag stor Fest i Legeret _ paalag midt i Bygdi _ paa dei gamle Festtufter med ein stor Folkefest paa ”Kristiansfjeld” Festning og ei Eftasamling i Huset aat ”Elverum Privatskole” Folkevang dei kallar. I Festferdi var det truleg yver 1000 Menneskje, og i Fyreenden gjekk Musikken, so ei Mengd med Smaagutar, som hadde kvar sitt _ paa eit Par Undantak nær _ reine Flagg. So kom det 2 større Flagg boret taa vaksne. Det eine var unionsmerkt, og det andre ikkje. Skjyttarlaget ”Fremad” og ”Elverum Privatskole” hadde au møtt fram med Fanarne sine. Paa Folkefesten var det ingen Slag Varting med korkje Mat hell Drikka, so ein kann nokk ratt kalla den Festen ein Avhaldsfest; men Folk trøytte nokk Tidi likevæl, for det var Talar aa høyre og Smaagutøvingar aa sjaa. Lidt Dans var det au aa faa paa den grøne Vollen, og so _ imillom det her nemnde og Laaten fraa Hornmussikken og Dunderen fraa Kanonarne _ høyrdest eit lite Stykkje ifraa baate Lurblaasing og Trilling paa Bukkehorn.

 

Eftassamlinga var som slike plagar vera, det som kunne vera vert aa nemna her er, at Pyntingi i Romet med Flagg og Kransar var gjort baate med Smak og Vit.

 

Her som annarstad skjilde Høgre seg ifraa, endaa dei vart bodsende um aa vera med i Festutvalet desmeir. Høgremennerne vart nokk ikkje utan Fest um dei ikkje vilde samlast med annat Folk paa 70 Aarsdagen. Nei, dei hadde tvo Festar for sjølve seg dei.

 

I Hernes hev dei for nokre Aar sidan sett upp eit Festhus, og der samla seg au ”Interessentskabet” i Aar den 17de Mai. Kvat dei gjorde der i Aar veit eg ikkje; men ifjor skulde dei hava dansa, drukki og gledt seg i dei badenske Vimplar, ein taa dei hadde skaffat dit aat Festen. Orsaka meg! dei hadde au haldet ein stutt og greid Tale og drukki ei lang og greid Skaal for Kongen, men so var det nok ikkje meir.

 

I Heradsbygdi var dei hepne no lel. Øvrigheiti slog seg med dei. Skrivaren hadde nok haldet Festtala og fulla andre Talar me og Fruura hans hadde spelat aat dei paa Pianoforte. Kven som tala, og kvat kvar sagde, vil eg ikkje segja um for Romet si Skuld. Berre lite Grand. Ein hadde sagt, at Stortinget hjaa oss ikkje var nokot ”Udtryk for Folkeviljen” slik som Parliamentet i England var det.

 

Ein annan hadde bode ei Skaal for Stortinget, men det var ”Stortinget som Statsmagt” han meinte, og ikkje slikt som det no var hjaa oss. Ein gamal nesten utlivd Serjant som hev havt ei liti Etterløning (Pension) i lange Tider, var au, som ventande kann vera, med i Høgreflokken, og denna Gongi vilde han au freista seg i aa tala for Folket. Men stakkars Mann; han hadde nær vortet ille likat taa dei han vilde halde Lag med. Han byrjad telja um ein Draum han hadde hatt, og den var paalag slik: Han hadde gjenget etter ein Veg, og der hadde han møtt tvo Gjentur, som kom strævande og meinte leide ein sint Okse millom seg. Om Draumaren daa hadde vorti rædd og diltra taa Vegen veit eg ikkje, men eg vonar den gamle Militæren ikkje gjorde det. Nok er det, paa Vegen hadde han trast bortanfyre møtt ein Mann og honom hadde han spurt, kven som hadde voret so leid aa erta den Oksen han hadde møtt. ”Jau, det hev Stortinget gjort”, svarar Mannen honom. Men daa vart Sersjanten ille kommen. Lensmannen saag paa Skrivaren, og Skrivaren paa Lensmannen og alle saag dei vondt paa den Syndaren som paa Talarstolen stod; ja nokre vilde til aa riva honom ned; men det vart hindra som Lukka var for Sersjanten, for no fekk han Høve til aa gjera godt att Mistaket sitt. Han slog trast inn paa aa rosa Øvrigheiti, og ingen kunne vera gjævare hell Skrivaren vaar meinte han. _ Eg laut minnast ”Kjeringi i Vargstoga”.

 

Korleids eg hev fenget so god Greida paa Festen deira skal eg nok telja um. Høgre totte truleg dei vann ”for faa” og so gjekk dei stugumillom og truga paa Folk aat Festen. Sjølve hadde dei lagt mange Kronur kvar, men desse Armingarne skulle faa vera med for ei halv Krone, og dest dei totte, dei ikkje ville endaa, skulle dei faa gaa fritt. Detta høyrdest gjildt og nokre beit paa; men dei vart nok nøgde vonom fyrr. Daa Halvkrona deira var fari laut dei staa og sjaa paa at dei store tura midt imillom dei, for dei hadde nok aa tura av dei. Eg tykkjer dei maatte faa ei Kjenning av, at det ikkje er for Sporvar aa ganga i 
Tranedans; no er det taa Vinstremenn som var paa Festen deira, eg hev høyrt, kvat eg hev skrivet og meir til.

 

Eg nemnde 9de Juni. Me var ikkje rolege daa helder i Elverom, endaa Høgre hev sagt oss so ofte at Dagen ikkje hev nokot Verd, og at det snart vil verta slutt med den Gleda.

 

I Heradsbygdi paa Vestsida aat Glaama er det ei Grend dei kallar Hagagrendi. Der hev Grendi skotet ihop Kronur og Øyrur, so dei hev kostat seg eit reint norskt Flagg. Stongi er reist i ein Aspelund paalag midt i Grendi tett med Skulehuset i Krinsen. Tett nedanfyre ligg ei lite Tjønn med dyrkat Aaker og Eng rundt ikring. Berre ei liti Rand rundt Tjønni hev ikkje Plogen røyvt, og der stend no liksom ein Krans av kvitlegga og lauvrik Bjørk og lyser Fred yver Prydnaden aat Grendi.

 

I den Lunden under sit eiget Flagg heldt Grannarne _ og andre au _ ein Fest no den 9de Juni. Det skulde fyrst og fremst vera ein 9de Junifest, men attaat vart det au liksom ei Vigsle taa Flagget og Festtufti med. Det var ikring 150 Menneskje paa Festen, og alt gjekk koslegt og vent til. Paa ei Slette med Flaggstaangi var Ponsbordet sett med eine Enden mot den, og med andre Enden paa Bordet var Talarstolen (ein Stein med 2 reine Smaaflagg hangande paa kvar Sida).

 

Ein Bonde tala for Dagen. Han meinte Dagen hadde eit stort Verd, og at det maatte eingong ha komet ein slik Dag, dest Grunnloven av 17de Mai skulde verta livandes i Folket.

 

Til Slutt las han upp fyrst eit Stykkje tor Fedraheimen fraa 12te Juni 1880 der A. Garborg skriv um, kvat Verd, han daa trudde niende Juniavgjerdi hadde og vilde faa, og so las han upp Tidendi i ”Dagbladet” um dei gode Voner med ”Kompromis” me no hev. Her meinte han aa kunna visa dei fyrste Frukter taa niende Juniavgjerdi.

 

Læraren i Krinsen heldt ein vakker Tale um Flagget. Det siste var, at han ynskte, at Flagget maatte verta eit Samlingsmerkje fyrst for dei einskilde Grannarne og sidan eit Merkje, som Grendi møttst med det heile Folk i, baate dei, som no liver og dei, som hev livt. Mange Talar vart haldne, for Fedralandet, Stortinget, Johan Sverdrup, den norske Arbeidar, Bjørnson, Jaabæk, Sverige o.m.fl. Daa dei 5 fyrste Talarne hadde gaatt spila Musikken til 
Dans litet Grand, so dei som vilde fekk seg ein Sving, so samlast me um Ponsbordet att og høyrde paa dei andre Talarne, ropad Hurra og drakk Skaaler. (Dei mange Avhaldsmenn som var med, drakk anten Mjølk hell Mjød). Daa Kl. var 11 ½ um Kvelden varsla 3 Kanonskot oss um, at no for 4 Aar sidan gjekk Stortingsmenn fraa Stortingsbygningen etter den aalvorsfulle Gjerdi. No gjekk me inn i ei stor Stugu tett med Plassen som høyrde Grannmannen til. Her aat me Smørebraud og drakk Mjølk og Kaffe, og daa me vart ferduge med det, kastad me Bordi ut, og so dansa me til Kl. 3 um Morgon.

 

I Legret hadde dei hatt ein liten 9de Junifest. Det var nok ikkje fullt so mykjet Folk der; men skaut gjorde dei, og det so ein diger Kanon rivna. Ingen vart raakat taa Bitarne, som vel var.

 

 

Elverom den 19de Juni 1884.

 

G.

 

Frå Fedraheimen 28.06.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum