Tidender. [Det nye Ministerium.]


Kristiania, den 30te Mai.


Det nye Ministerium.


Det hev alt vortet gamalt, og endaa veit me ingen Ting um det.

Ingen Ting hev dei sagt og ingen Ting hev dei gjort, ein skulde tru dei hadde somnat burt og yverlatet til Stortinget aa greida Saki, ja for der hev det verkeleg voret Arbeid, der er det væl dei hev fenget saarast kjent kvat det hev paa seg aa vera forutan Regjering aa kalla for.

Me hev daa sovidt set at Regjeringi inkje er reint emnelause.

Dei er inkje maallause:

Lars Dahll hev synt at han kann svara nokso kjapt paa Præsidentenes Spursmaal, allvist naar det inkje gjeng utom det skrivne.

Aubert var uppe i Eidsvold den 17de Mai og gav or seg eit Nødraab efter Forsoning, som Morgenbl. kallar det.

Dei kann daa ogso gjeranokot:

Ja inkje nettupp gjera nokot nytt, men dei hev daa gjenget inn paa det som stod fraa dei fyrre Raadarne, og lagt noko attaat, dei hev skrivet upp eit nytt Høgbrot paa Syndelista hans Bjørnson.


Og no skal dei ogso driva paa med aa tenkja:

Dei skal halda paa med aa stydja upp med Grunnar det kongelege Ynskje um at Høgbrotssakerne skal endrast; det som dei raadde til for nokre Vikur sidan skal dei no finna paa nokon Utveg til aa telja fraaatt. Dei skal binda ihop tvo motsette Ting, dei skal sona ja og nei.

Sanneleg, kann dei greida det Stykkjet, so maa ein kalla dei for Meistars Folk.

Det er inkje undrande paa, at Morgenbl. er so stillt um Dagen, det veit at slikt er eit vanskelegt Arbeid, som krev Tid og Fred og Umtanke.

Ein trengde aldri vera rædd for annat enn at eit slikt Ministerium fekk nokk aa gjera, for dei kunde halda paa i alle Ævur med slikt; ein Dag gjera nokot so hadde dei Arbeid for tvo, tri Dagar med aa gjera det umatt. _Kven kunde daa klaga yver at dei inkje arbeidde? Eit slikt Ministerium var sikkert paa aa verta namnspurt; dette her hev alt lagt Grunnsteinen til sitt Ry.

Men det vert no ført meir og meir upp i Høgmælom, at dette ministeriet, som aldri nokon hev trutt stort um, dei skal hava for seg endaa større Tankar, dei skal vera tenkt paa Gjerningar so store, at Maken inkje skal hava voret spurt. Dei skal vera tenkte paa aa gjera sitt Namn større enn nokot Ministerium hev havt det før, gjera sitt Namn større og bjartare enn Selmers, han som fekk sitt Ry gjetet i alle Land _ fordi han vart dømd av Riksretten.

Kvat er det daa, som kann gjera ein norsk Ministar meir kjend enn dette aa verta dømt av Riksrett, kvat er det som er endaa meir sjeldsynt og som vert meir namnspurt enn dette?

Jau det er sagt at det Ministeriet Schweigaard er tenkt paa er aa:

ganga av.

Var det kanskje med ein Baktanke um aa vinna eit uvisnelegt Namn i Noregs Soga, at De gjekk inn i dette Ministerium? Var det kanskje etter ein Fyrisetnad hjaa Dykk dette, at De vilde tegja Dykk og halda Dykk i Ro for det fyrste for aa gjera Folk vare paa Dykk og faa dei til aa bisna, De vilde berre leika med Smaakunster for Folks Augo til so lenge (slikt som aa sona og samanbinda ja og nei) for at dei skulde koma i Ov-under yver Dykk _ og so fyrst skulde den fyrste rettelege Regjeringshandlingi koma, stor, og braaklumsande alle Folk? Og me som tenkte, at De hadde komet inn for aa vinna Dykk ei Martyrkrune?

Ja gjere De det, lat den fyrste Regjeringshandlingi fraa det nye Ministerium vera aa ganga av _ so skal me reisa Minnesteinar, so skal me skriva inn i Soga med Gullskrift Namnet paa det beste og visaste Ministerium, som Landet hev havt.

Kongen skulde koma i Braahast til Byen fortalde Morgenbl. um Torsdagen. Og Bladet spaadde at straks yver Pinse vilde eit Ministerium med Broch til Fyrimann verta utnemnt. _ Han hev no nyleg komet til Byen.

Vinstreforeiningi si Magt er inkje til aa standa imot lenger, sagde Morgenbl. det stend berre igjen aa setja det kongelege Seglet paa.