Nytt Motord


Eg ser ein liten n er ute med eit Par Motord i No. 20. Han er nokk kje Kar te fordøie Stykket mitt um det folkelege Framstig og Konstablarne paa Horten. Han hev nokk skral Magje, stakkars Krok, so han toler nokk kje sterk Kost. _ Aaja, um vesle n er utolig inni Magjen so er kje de so mykje bry seg um, for det er jamleg dei smaa hev Beigir der; men naar han tek te gruste seg te aa vil skræma meg med Omdøme aa slikt daa tykkjer eg han er hoste vønen. Eg skal fortelja liten n. at eg vyrder meg sjav somykje at eg inkje bryr meg eit Grand um hans og hans Likars Omdøme. Aa naar han tilslutt segjer eg var utrygg dersom det var Straff for aa skriva Lygn, vil eg beda han syna meg naar eg skreiv Lygn? Gjer han kje det, fær han sjav standa som den som skriv Lygn. Hellest maa ein no kje undrast for mykje paa liten n um han vrid seg for aa bruka Sanningi, han er væl rædd for han kunna lorta den ut.

S. Aa