Maaten


Høgre talar Saki si paa baade i Ordskifti og Blad syner so framifraa godt, at dei sjølve ikkje hev nokor stor Tru paa hennar Livsmagt og Framgong. Nokon Uppgløding merkjer ein ikkje det minnste til. Dei kann nokk vera uppglødde; men det er kje den same Slags Uppgløding, som ein t.d. so godt kann merkja, naar gamle Sverdrup reiser seg i Tingsalen og tek Ordet. Det vert Liv i Gamlingen daa, um han hellest er berre klein med Helsa.

Høgres Uppgløding visar seg ofte i Bladi deires. Morgenbladet kann stundom vera so uppglødt, at det snaut veit, kva det sjølv segjer. Men dette er som alt sagt eit eigje Slag Uppgløding. Den kann segjast paa Lag slik: Hadde eg Magti som eg hev Viljen, so skulde eg knekkja Halsbeinet paa alle mine Motmenn.

I Tingsalen er det sjeldan, at denne Uppglødingi fær Ord. Men det hender daa. Rynning fraa Drammen og Livius Smitt fraa Breivik held av og til uppglødede Talar. Men det er aa merkja, at dei kvar Gong forbryt seg mot Reglementet, so dei maa finna seg i aa taka mot Skrubb for det av Presidenten. Og dette er so naturlegt; for det er kje Saki sjølv, dei vert uppglødde av, men av det, at dei ser Saki aat Motparten vinn seg lenger fram med kvar Dag, at Motmennerne vert fleire og fleire, og med det Motburden mot deires eigi Sak sterkare og sterkare. Difor er ogso deires uppglødde Talar berre Sneidord og Slengjeord mot Motparten. Dei kjenner det paa seg, at dei strider for ei tapt Sak, og av denne Kjensla kjem Uppglødingi.

Det var ogso den same Slag Uppgløding, som fekk Joh.s Bergh til aa fornærma Riksretten med Sneidord og Slengjeord, og at han sistpaa strauk sin Veg. Ho er sermerkt, kor ho visar seg.

Og nokor onnor Uppgløding hev kje Høgre. Naar Føraren deires i Tinget, Stang, tek Ordet, so er det plent liksom han skulde staa fram for Høgsteretten og forsvara ein Brotsmann, som baade han og Retten veit hev forbrotet seg. Denne Kjensla hev eg stødt fenget, naar eg hev høyrt Stang forsvara Regjeringi. Og ikkje er det eit lyftande Ord aa høyra av honom. Han kann stundom koma med nokot, som han sjølv lyt lægja aat, men for andre er det kje det minnste merkjelegt ved det.

Og Stang kunde alle faa seg til aa segja det, som Schøyen fraa Trondheim sagde her nokot sidan. Han var viss um, at Politikken han sjølv og Høgre stridde for, um ei Tid vilde hava Fleirtalet for seg i Thingsalen. Dette kunde Schøyen segja og vera i god Tru; for han veit vist ikkje betre. Men Stang kunde aldri faa seg til aa segja det. For honom vilde det vera Usanning. Stang hev nokk sopass Skyn paa Tid og Folk, at han veit, at Høgrepolitikken slik som den er no aldri vil faa Framgong her i Landet. Og dette er det vel, som tyngjer so paa honom kvar Gong han tek Ordet for aa tala Høgres Sak. Naar han likevel gjer det, so er det, fordi han trur, at Vinstrepolitikken vil skada Landet, og han vil gjera kva han kann for aa stengja Vegjen for denne Politikken, so den ikkje skal faa Talsmenn i Kongens Raad. For den Dagen det hender, er det ute med Høgrepolitikken. Dette veit Stang likso godt som nokon annan.

Og av dette same kjem det vel ogso, at Høgre ikkje hev nokot Program. Dei arbeider paa Vidaatta. Det dei krev av sine Menn er at dei skal arbeida mot Fleirtalet. Men eit Parti, som ikkje hev nokot aa arbeida for, det vinn aldri Framgong, fordi det hev alt imot seg.

_ m _