Maalvener


ved Seminararne! Ja, for eg vil so innerleg gjerne tru, at det er Maalvener ved alle Seminarar i Landet, sjølv um me høyrer so litet til einannen.

Korleides gjeng det med Maalstrævet dykkar?

De hev vel so mykjet annat aa tenkja paa, at denne her Maalsagen fær hjelpa seg sjølv. Det er nokk altfor mykjet so, alt so lengje norsk Maallæra inkje vert Skulefag ved Seminararne.

Helder inkje kann ein daa venta, at det gjeng so fort fram med Maalarbeidet vaart, som ynskjelegt og naudturvelegt kann vera. Nokot lyt likavel me, som elskar vaart Maal og vil kallast Maalvener, gjera, sjølv um me er paa Seminaren og ellest hev so mykjet Arbeid.

Me maa skipa Maalvenarlag . Ved Seminaren paa Stord er, som De hev set i Fedraheimen, eit Maalvenarlag, og ein fær vona at det er til inkje so liten Framgong fyre Norskdomen. Det kann vel vera, at de hev sovorne Lag ved andre Seminarar og; um so er, trur eg likaeins, at Maalvenerne gjerer kvat dei kann for aa vekkja Elskhugen til aa framhjelpa Bruken av Maalet hjaa kvarandre.

Hev de inkje Maalvenarlag so sjaa til aa faa skipat slike .

Gjer det de Gutar, som hev Elsk til det norske Maalet, og de gjerer ei god Gjerd. Lat oss likaeins sjaa til aa faa meir Kjennskap til kvarandre og kannhenda meir Samarbeid og.

Fedraheimen vil vist gjera vel aa taka inn nokre Ord fraa Maalvener elder Maalvenarlag ved Seminararne, so me paa den Maaten kann faa høyra litetvetta fraa kvarandre¹).


Lukka med Maalstrævet, live Norskdomen!


Stord 17de Mai 1884.

Peter Engesæt.


¹) Ja, det vil Fedraheimenmeir enn gjerne. Bladstyret.