Fraa ei Landsbygd.


(Del 4 av 5. Fyrste delen.)


VI.


No har me gjort fraa oss Vaaronni ogso her i Bygdi, so no fær eg Tid til aa senda Fedrah. ein liten Brevstump att.

Her hadde me ogso litt 17 Mai-Moro. Det gjekk nokso stillt og fredelegt til. Me har ingen til aa tala som det er noko Dross i, men litegrand fekk me daa høyra um 17 Mai, me og, og so ropa me Hurra fyr syttande Mai so det berre skræmde Fjellnutarne rundt ikring. Ja tru no inkje, at me gløymde nokon av dei som no sit inn i Kr.a og slit i sitt Anlits Sveitte med aa bergja Grunnlovi av 1814 fraa aa stivna til eit Stykkje Graastein elder fraa aa verta til ei Veto-Grunnlov og ei Mulegrima fyr Framgong og Vokst og politisk Liv i Landet. Aanei, me gløymde dei inkje. Men der vart, som eg sa, inkje haldet lange Talar um det, helder inkje sendt Telegram til Stortingje, men eg tenkjer inkje me kjende oss mindre uppglødde og uppliva fyr det, enn dei som hadde det meir paa den store Maaten. _ Me er no helder inkje so store paa det her i Bygdi, at me har noko Høgreparti til aa gjera Kvalm paa Friheitsdagjen. Ja bevares vel, me har tvo Prestar og ein Lensmann, men um dei tri var saman og heldt 17 Mailag, det har eg inkje høyrt noko um. _ Men paa andre Stader har det nokk vore ein Høgre- og ein Vinstre 17-Mai iaar, ser det ut til, og det er daa ogso noko nytt. Eg trudde, det var inkje Raad til aa fagna den Dagjen paa meir enn ein maate og det nettupp paa den Maaten, som den vel alle Dagar har vore fagna: med takknemlegt Minne um dei staute Gutar paa Eidsvoll den fyrste 17 Maidag og med Takk og Signing til Stortingje som til den Dag idag har verja Grunnlovi, og etter denne Grunnlovs baate Aand og Ord, ført oss fram i Fridom, Norskdom og Sjølvstøda, _ smaatt og seint kanskje, men likevel javnt og sikkert. Men no har eg nettupp høyrt fraa Hovudstaden _ og er det sannt, so er det grysjelegt aa tenkja paa, _ at Stordelen av høgre-Flokken gjekk stivt og fornemt forbi Stortingje utan aa vyrda dei so mykje som eit Leve elder eit Hurra _ ja sume var endaa so fine at dei peip aat det, fyr paa den Maaten aa leggja si Hyldning fyr Dagjen. At den fanatiske Blindska og den raa Aatferd, kunde naa eit slikt Maal, det har me vondt fyr aa tru her ute paa Lande. Men no fær me Trui i Henderne lite etter kvart.

Eg kann hugsa, at det ein Gong i Vinter kom ut eit Ord um, at der ved dei militære Upplagshusi især austpaa skulde vore gjort litt Ugagn med Gjeveri, og at Krutt og Kulor var ført til Akerhus Festning. Gjetordet kom ogso her heim, men her var det mest inkje ein Mann, som trudde noko paa det, for me kunde paa ingen Maate forklara oss, kvat slikt skulde vera til.

Det mest uforklarlege var daa det med Gjeveri. At dei førde Krut og Kulor til Akerhus Festning, kunde me endaa skjyna, for det skal no vera fælt mykje Pøbel der inne i Hovudstaden, gaar det Ord um. Men kvat det skulde tena til, at Gjeveri aat fleire Bataljonar, mange Mil fraa Hovudstaden, vart gjorde ubruklege, _ nei, det kunde me inkje skjyna. Det var mest som ei Fornærming mot oss Landsfolkje, _ jussom me skulde vera so reint ustyrlege, at der laut slike Ekstra-Tiltak til. Det kunde inkje vera sannt, meinte me. Men etter dei Upplysningar me no har fengje av Statsraad Dahll og han Munthe, ser me til vaar høgste Forundring, at det var sannt altsaman. Og so fær me attpaa Kjøpe vita, at det likavel var vaar Skuld (ute paa Lande) , at dei laut gjera det, me var det som vilde bruka Vaapni trudde Munthe, og so laut han i Hu og Hast gjera det umogelegt fyr oss aa bruka Gjeveri ved aa ta sund Laase i dei. _ Munthe maa rektig hava Takk fyr si gode Tru um oss! _ Men det ligg kanskje endaa noko meir i detta. Munthe og Statsraad Dahll var rædde Ophidselse i Landdistrikterne, naar, Riksretts-Domen skulde avsegjast, talar dei um, og trudde daa, som rimelegt kunde vera, at dei som budde nerast til vilde gaa Storm paa Hovudstaden. Men so lyt me spyrja: I kvat Tilfelle meinte dei, at Vaapni skulde brukast? Hadde t.d. Riksretts-Domen vorte frifinnande, trur nokot syndugt Menneskje, at Vinstre hadde gripe til Vaapni? Gjengje paa med blankje Bajonettar og skarpladde Gevær? Aanei, Munthe kunde vore roleg fyr det. Han viste væl det _ burde i kvart Fall vist det _ at Vinstres Aviser Gong paa Gong hadde aatvara sine Meiningsfelagar fraa aa gjera Larm korleids enn Domen vart laga. Og han burde ogso vita, at det vilde lite høva med Vinstres djupt rotfesta Agje fyr Lov og Orden i Landet, at dei bar Vaapen paa Landets høgaste Domsnemnd, største Delen sine eigne poli- tiske Vener, so snart dei fann det inkje gjekk plent som dei vilde. _ At dei kunde hava nokon Grunn fyr aa vera rædde i Hovudstaden, det kunde so vera. Ellest er dei Anstaltar som vart gjorde i Februar Maanad so krigerske, at eg tykkjer det lugtar Krut lang Veg. Det med dei 10 skarpe Patronar som Vakterna fekk utdelt og dei 3 Sabel-Sliparar fraa Kongsberg ser unegtande krigersk ut. _ Men at det skulde vera Faare paa Ferde ute paa Landet, nei det skjynar eg inkje. Den Mann maa vera rav-rusk som kann tru det. _ Elder kanskje dei var ottasamme fyr, at Høgre vilde bruka Vaapen um Domen yver Selmer inkje vart frifinnande. Daa tykkjer eg Munthe har so daarleg Tru um sitt Parti, at eg kann inkje vera einig med han. _ Men so er det enno ein Ting igjen. Hadde Regjeringi negta aa lyda Domen, kvat so? Ja daa veit eg inkje kor det hadde gjengje. Me var no komne upp i Lovløysa daa, so det kann vel henda, at ein og annan hadde set etter sine Vaapen. Men ogso bert i detta eine Tilfelle . Um daa Regjeringi verkeleg var tenkt paa aa trassa Riksretts-Domen, gjera Statskupp altso, so at ho fyr Skuld den Sak laut avvæpna Landet umkring seg, um det vil eg inkje bera nokot fram.


R
 
 
( Meir.)