[Tidender.]


Tinget hev gjevet Styringi Lov til aa taka upp eit Laan paa 25,000,000 Krunur. Pengarne er aa faa hjaa ein Bank i Hamburg for 4 Prosent aarleg og skal brukast til aa løysa inn gamal Statsskuld med. So billegt Laan hev me inkje havt paa lenge.


71 Tingmennav Vinstre hev sett fram Forslag til ei Endring i Matrikulloven. Meiningi med det er aa tyna Myrmannsstellet. Dei er og tenkte paa aa koma med Forslag mot falske Borgarbrev.


Vinstre i Odelstinget heldt Møte no Onsdagskvelden. Johan Sverdrup kom daa med Forslag um, at Schweigaard skal innkallast for aa greida ut, korleids det hadde seg med Avskilssøknaden hans Selmer, og um Styringi vil retta seg etter alle tri Avgjerderne i Riksrettsdomen. Forslaget vert sent til Protokolkomiteen, og derifraa kjem det vel til Tinget.


Deter inkje sannt, som Morgonbladet segjer, at Vinstre hev komet med nokot Kompromisforslag. Vinstre hev inkje nokot annat aa bjoda paa enn det, som ligg i Avgjerdi av 9de Juni og i Riksrettsdomen. Og dette fær me nokk fram, naar me berre er uthaldne og støde.


Fædrelandet No. 61 hev ein politisk Samtale. Det er ein Høgre- og ein Vinstremann, som trættar. Høgremannen freistar paa aa vera myket vitug og rettvis; men Vinstremannen hev dei vrengt um, so han er svært toskutt. Fædrelandet burde fortalt, kor det hev treft slike faakunnige Vinstremenn, so andre og fekk røda med dei.

Elder tenkjer Bladet paa aa faa Diktarløn kanskje?


Ein Mann er ute i Bergens Tidende og lovar ut Kr. 10.00 i Præmie til det Høgrebladet, som er duglegt nokk til aa finna og bruka eit so grovt Skjellsord mot Stortinget og Riksretten, at Justitsdepartementet set det under Tiltale. Me t ykkjer, han kunna lovt meir enn 10 Kronur til eit slikt Fyremaal, for Høgre eig inkje so store Flogvit, at dei fær Tak i Pengarne kor som er.


Ved Seminareni Asker hadde dei Fest 17de Mai. Der heldt dei Tale og ropad Hurra for Maalsaki. Det burde Folk gjort andre Stader og. Minnast altid kvat Wergeland sagde:

Eit nyt norsk Maal, før Aarhundradet gjeng til Kvile .


Natttil Torsdag Kl. millom 12 og 1 høyrdest ein fæl Smell her i Kristiania og so tvo mindre. Det var Krutmylla ute ved Ljan, som gjekk i Lufti. Tri Hus gjekk i Lufti, og tvo Mann, som heldt Vakt fylgde med. Den eine Mannen og paalag Halvdeilen av den andre fann dei att ikring tjuge Alner fraa der dei heldt Vakt.

Dei Husi, som laag i Nærmunom vart ille medfarne. Mange av dei vart sundslegne av Smellen og av Stein og Timber, som var dit slengt fraa Mylla. Glasruturne var innslegne og mange Folk vart styggt skorne av Glasstykkje som flaug ikring. Allt, som inne var, vart kastat hit og dit, og mange baade Born og voksne for svært ille. Folk trudde, at det var Domedag, som var komen.

Jarnvegsbrui, som inkje ligg langt ifraa er uskadd.


Fraa Elverom(Øysterdalen). No i Bededagshelgi var Presten Lars Oftedal paa desse Kantar og preikad. Bededag talad han i Hovudkyrkja her, og ho var stappandes full av Folk. Det er nokk Sanning, det, som er sagt um honom, at han er ein av dei beste Prestarne her i Landet. Eg kann inkje skyna, korleides dei Folk er, som stengjer Kyrkjurne og Bedehusi fyr ein slik Mann. Er dei rædd han skal tala Politikk? elder kvat er det som gjer, at dei kann fara slik fram? Hev inkje han den sama Kristendom aa forkynna, for det um han er Vinstremann? Nei Oftedal talar nokk inkje Politikk i Kyrkja; han hev nokk nokot større og høgare aa fortelja oss um der enn Politikk.

Men det skal desverre finnast Prestar i vaart Land, som dreg Politikken inn i Kyrkja. Dei talar paa den Tidi, daa det i Preikurne inkje var vondt fyr aa faa høyra um Aakerbruk og slikt; men eg veit inkje um desse Preikur var stort verre enn dei politiske. Me hev Politikk nokk og meir enn nokk um Kvardagen, so eg synest, at me i Herrens Hus skulde vera fri fyr den. Folket gjeng dit for aa faa tala med sin Gud i Ro, og naar dei so au herfær Politikk, ja _ daa verkar Kyrkjegonga nokot annat, enn ho skulde.

Ein Bonde sagde eingong, daa Talen var um politiske Preikur: Skal det finnast nokon Stad paa Guds grøne Jord, som skal vera fri for Politikken, so synest eg det skulde vera Kyrkja. Og eg er einig med Bonden i dette.

Det er nokk au her Folk, som er imot Oftedal; men det er no av dei, som inkje hava viljat høyra honom. Ja det skal ein Dag hev gjenget so vidt, at dei hev negtat Tenaranne sine aa faa høyra honom. Og slike Folk som gjer det, vil vera dei mest upplyste i si Bygd, og jamvel høyra til Kristendomsvenerne attaat. _ Jau _ Jau. _

Den 25 _5 _84.

M. T........... n .


Pastor Ebbesenhev voret Kallskapellan paa Baklandet i Trondheim. Han hev lengje arbeidt paa aa faa Baklandet til ei serskild Sokn, og det fekk han endeleg fram. Han søkte so paa Kallet, og Soknefolket vilde hava honom, men Styringi tok ein annen. Ebbesen hev voret ein god Visntremann og det er trulegt det, som er Grunnen til, at han no stend paa snaude Bakken. Han hev no søkt Tinget um Ventepengar og Kyrkjenemndi vil, at han skal faa 1600 Krunur Aaret til han fær Kall att.

Folk bør tenkja yver det, som Styringi hev gjort mot denne Presten. Skulde det inkje snart vera paa Tidi, at Folk kravde aa faa velja Presten sin sjølve?


Det serut til, at James G. Blaine vert den, som Republikanarne i Amerika kjem til aa stemma paa ved neste Presidentval.


I Amerikahev der fraa gamalt av voret ein Lov mot, at store Landsdelar skulde samlast paa ein Manns Hand. Men det er lenge sidan Loven vart brukat, og fleire Pengemenn _ mest fraa England og Skotland _ hev jamt brotet den. No ser det ut til, at Amerikanarne inkje vil, at Loven skal sova lenger.


Fraa Tysklandhev Folk teket til aa reisa til Amerika svært no i det siste. I 1879 reiste 30,000 i 1880 200,000 og i 1882 for det heile 250,000 Tyskarar over Havet.

Grunnen skal vera den, at Innførselstollen i Tyskland er so stor, at det er vondt for Smaafolk aa greida seg der.


Misjonsprest Borchgrevink hev no reist ikring i Amerika ei Tid. Han preikar ofte og Folk likar honom godt.


Nokre Amerikanarar , som driv med Kretursavl hev leigt inkje mindre enn 40 Milionar Akres Land i Indiana til Beite. Leiga gjeld 5 Aar og dei skal bitala 3 Cents for kvar Akre aarleg. Dei hev nokk baade Kretur og Penger dei Kararne.


Ruslandog Kina ser det ut for skal ruka i Haari paa kvarandre. Kinesarne tenkjer nokk aa faa under seg ein Landslut, som Rusland kallar sin. Mange Kinesarar hev flutt dit, og dei hev i stutt Tid folkat store Vidder, som før laag øyde. Um desse innflutte kjem til aa høyra til Rusland elder Kina fær Framtidi visa.