[Tidender.] Fraa Tinget.


Odelstinget hev no vedteket ein ny Kyrkjelov. Me veit alle, at Prestarne Landet rundt no i det siste hev havt det svært annsamt med aa stengja Kyrkjurne for Lars Oftedal og andre Prestar, som hev kjent større Trang til aa utbreida Guds Rike paa Jordi enn dei flest-alle Prestarne no hev. Folk mislikad mykjet Prestarne si Framferd i so Maate, og det gjorde, at nokre frilynde Tingmenn kom fram med eit Lovforslag, som skulde minka Prestemagti nokot.

Kyrkjenemndi kom so til Odelstinget med eit sovoret Framlegg:
 
1. Presten skal hava Lov til aa preika i Kyrkja andre Dagar enn nettupp Sundagen.
2. Presten kann gjeva andre Statskyrkjeprestar og Presteemne sama Retten.
3. Dersom minst 10 Husfedrar i ei Sokn kjem med skriftleg Søknad um, at Kyrkja for ein Gong skal yverlatast til ein frammand Stats kyrkjeprest, so skal inkje Presten hava Lov til aa setja seg mot det. Søkjer dei oftare um aa faa sama Presten, kann Presten senda Søknaden til Bispen og lata han avgjera, korleids det skal vera.
4. Presten kann og gjeva Lækprestar, som hev godt Vitnemål for Lære og Liv, Lov til aa preika fraa Kordøri.
5. Presten skal syrgja for, at alt gjeng lovlegt og høvelegt til.
6. Presten skal innføra i Kyrkjeboki alle dei Kyrkjeforretningar, som denne Loven nemner.
 
Dei tvo fyrste og dei tri siste Paragraffarne var dei mest samde um baade Høgre og Vinstre. Men um Paragraff tri vart der eit kvast Ordskifte. Dei glupaste Talararne paa Vinstresida var Jakob Sverdrup, Wexelsen, Liestøl, Øverland, S. Nilsen og Oftedal. Paa Høgresida talad Professor Bugge, Saxe, Bonnevie og Horgen mest.

Høgre hev teket til aa føre Saki si paa ein nokk so sløg Maate no. Er det ei større Sak, so segjer dei mest støtt, at dei er einige med Vinstre i Hovudsaki, men naar ein so kjem til det, som nettup er Hovudsaki, so vrid dei seg unda og segjer, at no gjeng det for vidt. So langt kann dei inkje ganga med. Og so reknar dei upp ei heil Horg med Betænkeligheder. Dei meinar vel med dette aa visa Folk, at dei i Grunnen er likso gode Vinstremenn dei som andre, berre det, at dei inkje vil ganga for vidt.

Dei brukad sama Framgangsmaaten her, difor hadde dei inkje stort imot nokre av Paragraffarne; men den Paragraffen, som skulde vera Trygd for det heile, den var for yderliggaaende, den sette dei seg imot av all Magt.

Det, at 10 Menn skulde kunne krevja av Soknepresten, at han let ein annan Prest faa preika i Kyrkja, det gjekk ikkje an, det vilde vera Brot paa den offentlige Orden, det vilde vera Faatalsstyre og meire slikt. Det gjekk paa ingen Maate an.

Nei, daa var det langt tryggare aa lata Bispen og Presten raada for, naar ein frammand Prest skulde tala i Soknekyrkja. Daa vilde der inkje verta nokot Brot paa den gode Orden. Daa vilde alt vera godt og vel.

Det var inkje so ille tenkt dette. Dei er vist like so vise, som Rubin Hood. Dei kjende sine.

Dei kjende vel til, korleids Bisparne hev gjevet Paabod um aa stengja Kjurkjurne for Lars Oftedal og fleire andre, og dei kjende og vel til, kor hjarteleg gjerne Prestarne var lyduge mot slike Paabod.

Dei var svært glade i Lægmandsvirksomheden, dei vilde svært gjerne, at ein Prest skulde faa preika i andre Kyrkjur, ja det vilde dei, men for at alt skulde ganga med god Orden, so skulde Presten og Bispen avgjera, naar slikt skulde skje.

Og Høgre-Kararne viste kvat dei gjorde. Dei kjende Prestarne og Bisparne og Regjeringi med. Dei viste godt, at fekk dei sitt fram, so vart alt gangande med det gamle. Folk vilde heretter som fyrr beda um Kyrkjurne til den hell den Presten, som dei hadde Hug til aa høyra, og Prestarne og Bisparne vilde no som fyrr tenkja paa den gode Orden og _ segja nei.

Høgres Framferd i denne og andre Saker fær meg til aa tenkja paa ein Mann, som heldt Fyredrag i ei Avhaldsforeining. Han talad baade greidt og hardt mot all sterk Drykk; men daa han sluttad sagde han: Det er hellest Meiningen min, at me bør halda os til det gamle. Og i det sama saag dei Hestehoven stikka fram.

Men Vinstre skynad godt, kvat Høgre tenkte paa. Liestøl og Øverland talad greidt um, at Loven var naudturveleg og at Paragraff 3 trengdest for aa sikra, at Loven vart meir enn paa Papiret. Ein Høgremann hadde sagt, at der bland dei 10, som var med paa aa faa fat i ein frammand Prest kunna vera ein elder fleire, som var ugudeleg; men Oftedal svarad, at han for sin Del vilde helst tala for slike. Han trudde, at berre Guds Ord kunna føra dei attende til den rette Vegen. Hardaste Slaget stod millom Professor Bugge og Pastor Sverdrup. Bugge heldt fyrst eit langt Fyredrag. Han var daa som vanleg stød og skraasikker. Men daa Jakob Sverdrup mælte imot spaknad han. Fyredraget hans Sverdrup var nokot av det beste me hev høyrt.

Han tok fat i den eine etter den andre av Høgretalarne. Den som for verst var Professor Bugge. Ein kunna og godt sjaa paa honom, at han kjende Slagi sveid. Han gjekk uroleg ikring her og der i Salen, og daa han etterpaa tok Ordet kunna ein godt skyna paa honom, at han kjende seg slegen. Me, som høyrde paa, fekk liksom ei Kjensla av, at det var Jak. Sverdrup, som var Professor, og Bugge og Bonnevie var _ ja, me viste inkje rett kvat me skulde tru dei var.

Loven vart vedtekjen av Odelstinget slik, som Kyrkjenemndi hadde sett han upp. Alle Vinstremenn stemde for og alle Høgremenn mot paragraf 3. Sentrum (Didrichsen fraa Flekkefjord) heldt seg til Høgre.

Me ynskjer og vonar, at denne Loven skal verta til Lukka for det kristelege Livet her i Landet.