[Tidender.] Ein skal inkje tru dei for snart.


Morgenbl. kom braasetjande her um Dagen med slike merkjelege Tidender, um at
Regjeringi hadde strakt Gevær og vilde gjeva seg, Vinstreforeiningi hadde sett Vilkor til Kongemagti um, anten aa faa Regjering med Broch _ hell so Riksrett; og Kongen skulde koma hit straks for aa nemna ut Broch.

Lite hell inkje er sannt av dette. Kongen kjem inkje til Byen, og det skal inkje vera gjort nokor Raadleggjing med Broch.

Men at det likevæl er nokot i dette her, det er sikkert. At til Dømes Schweigaard kjem til aa ganga av er haldet for vist av alle. Men um det skal verta eit reint nytt Ministerium hell berre skøytt atti det gamle, det er endaa uvist. _ Johanson hev no alt gjenget.

Det er greidt at det vert umogeleg for Schweigaard aa standa lenger, no han skynar at det vert Aalvor med aa kalla honom inn for Tinget; og so faa seg ein Riksrett til paa Halsen kanskje, det vil han vist helst sleppa, for han kunde væl inkje daa venta seg so mild ein Dom, som den han fekk sist.

Men um det vert snakka og smeikt for oss aldri so mykjet, um dei gyller sine Lovnadsord for oss, det er aldri verdt aa ansa, før me ser noko sikkert fyri Augom. For det er inkje Vinstre, som hev nokot med aa bøygja seg og lempa seg, vaar Yvervitning skal vera uruggeleg, og me skal bruka alle lovlege Midlar, som me hev for aa faa Avslutning, um dei og vert strenge. Me hev inkje Rett til aa vikja av det Grand for lause Ords Skuld.

Men hev Høgre ei Aalvors Meining, so er det dei som lyt gjera Upphavstaket, Vinstre hev tøygt seg altfor langt før, me hev vortet brende i den Leiken.

Solenge ingen Ting er visst, maa Vinstre ganga fram som um ingen Ting var.

Det krev Folket.