[Tidender.] Kvi maa dei spotta!


Var det To i oss, so torde dei aldri koma seg til med det. Var det i eit annat Land, millom Folk som heldt paa æra si, so fekk dei inkje vaaga seg ut paa Gata.

Det er Fridomsdagen vaar den 17de Mai, at dei fær med dette, midt i Gaturne i Kristiania gjeng dei og eggjar, uthengde med eit annat Lands Fargar.

Me hev ein Dag i Aaret, som me skulde daa faa hava for oss sjølve, ein Dag som me skulde daa minnast, at me var eit sjølvstendugt Folk. Men ogso dette er formykjet.

Ein Dag for Aaret er formykje aa hava for oss sjølve. Det gjekk væl inkje an, Utlendingar kunde tru, at me var eit Folk, og det er ingen Ting me blygjast for som det. Det er inkje nok med, at me heile Aaret hellest maa liva under ærelause Vilkor, men ogso paa denne Dagen skal det endeleg synast, at me endaa inkje hev Manndom i oss.

Aa det var mange av dei den 17de, fine i Klædi, men simple i sine Tankar: dei fornegtad vaart norske trileta Merkje og bar store gule (svenske) Band utapaa Trøya og paa Halskluten, allstad der det kunde synast.

Det hev eg aldri set før, eg tenkte at Kjærleik til Fridomen og Vyrdnad for sjølve seg skulde veksa, men her ser me at han hev komet i slik Nedgang, som han aldri hev voret i før. Det er den nationale Raaskapen, som hev vakset millom slike Folk.

Det er sagt, at det var Bokhandlar Cammermeyer, som dreiv Handel med slike Merkje.

Det var daa sume Stader likevæl, at Trykkjet hadde vortet for sterkt, so at dei torde inkje øsa upp Folk med aa heisa det svenske Flagdet ved Sida av det norske. Soleids paa Univesitetet. Men mange Stader var det svenske sett ved Sida.

Paa Lysthuset Tivoli var det soleids 3 svenske Flagd millom 3 norske, og hellest var det mest av svenske Fargar ein saag.

Hadde dette her hendt i eit annat Land, i Paris t.d., so var det væl det fyrste Folk vilde gjort, naar dei vart var det, aa riva ned slike Flagd. Og dei som hadde rosat seg ut med gult paa Bringa, hadde dei før plukkat Klædi av, før dei vilde sjaa slikt.

Men her _ her fekk desse sviva i Fred i tjukkaste Mannahopen, eg saag inkje, at nokon lagde so mykjet som ei Haand paa dei.

Og paa Tivoli _ strøymde Folk som dei var galne.