[Tidender.] 17de Mai.


Alt gjekk stillt av seg, som det no hev gjenget i mange Aar. So var det inkje i gamle Dagar, daa Kongsmennerne sette seg imot at Folk gledde seg i Fridomen. I 1829 hadde Politiet fenget Paalegg um aa sjaa vel etter, at der inkje vart haldet nokot Gledeslag den 17de Mai. Men mange av dei mest brennhugad Fridomsmenn kunde inkje halda seg. Dei gjorde eit Lag og gjekk ned til Bryggja daa der kom tillands eit Eimskip, som het Konstitutionen. Der ropad dei Hurra for Konstitutionen og so song der nokre paa Sønner af Norge. Inkje meire skulde der til. Politikmeistaren kom ridande med Fjødrbusk i Hatten og guldglimande Klædebunad. Folk styrmde til for aa sjaa paa denne løglege Mannen og so las han upp Upprørsloven og let ridande Soldatar fara imot Folketorparne for aa jaga dei heim atter kvar til seg. Folk gjekk rolege og stilt og inkje vondt gjorde, men endaa var det mange, som fekk Støytar og Sabelhogg. Daa det leid paa Kvelden, tok kvar til seg, so Politiet og Meistaren med Fjødrhuva si vart aaleine.

Daa skulde Statshaldaren hava sagt, at det norske Folket var so stillferdigt av seg, at det inkje var Raad med aa faa eggja det upp.

Sidan vart det Forhøyr og Politiet og dei høge Herrar stod med Skam og Spott.

Likeins er det no fyrst dei høge Herrar vil til aa eggja upp Folk.

Det var nok dei, som tenkte at den 17de Mai i Aar inkje vilde ganga stilt. Men det gjekk snilt og stilt. Fraa tidleg um Morgonen var Folk ute, det var Røre og Liv i alle Gatur.
Der var Musik og Song og Ferder det eine vekslande med det andre all Dagen. Smaagutarne var det vent aa sjaa paa, kvar med sitt Flagd, heile Karljohans Gata vart full, daa denne Heren kom, som eit byljande Hav, blakrande og leikande.

Det gamle 17de Mai Styret vilde raada aaleine.

Men so var det 17de Fanelag, som inkje vilde lata seg styra paa vanleg Vis. Ifjor fekk dei høyra ein full Høgretale og det vilde dei inkje vita av iaar. Fyrst kom det gamle Styret med ei lange Skreid etter seg. Dei for framum Wergelands Stytta. Der ropad dei Hurra. Daa dei kom til Stortinget, stansad dei for aa sjaa um der kom Folk med derifraa, men der kom berre 3 Mann.

I den Ferdi var mange, som inkje vilde ropa Hurra fyr Stortinget. Det var dei fine og fornemme Hovudstadsfolk. Mengdi i Stortinget er Bønder. Det var hellest vent aa sjaa den uhorveleg lange Folkerekkja med mange glimande og gloande Fanar. Gaturne var stappad med Folk, dei skreid nedigjenom som Vatn i eit Slok og ut paa Festningsplassen. Det var eit Folkehav. Den gjæve Hermannen Schnitler heldt ein Tale, som var høveleg og snildvoren.

Ei Stund etter kom den andre Ferdi med mange Fanar. Dette var og ei lang Rekkje.
Dei stanad med Wergelandsstytta og ropad Hurra, og daa dei kom til Stortinget var det Hurrarop av kvar Mann so det durad. Det liksom lyste brennande Eldhug av denne Ferdi. Det kunde sjaaast paa Augnelaget og Gaangelaget og heile Draget, at kvar Mann hadde liksom same Hugen og same Tanken. Det var som det veksande Liv. Skreidi tok den gamle Vegjen fraa Wergelandstidi burt til Krogh-Stytta. Advokat Meiddell heldt ein Tale, og Gledesrop fyr Fridom og Fedreland for som Toreslag yver Dal og Fjell.

Det var Folkefest paa Festningi um Kvelden. Ei endelaus Myrje, Musik og dansande Folkekrullar heile Vollen burtetter.