Mliss.

 
(Av Bret-Harte.)

(Del 6 av 9. Fyrste delen.)
 

III.


Enda Mliss no var vorti mindre trassig i Lag med andre Born, viste ho seg daa stendig byrg i si Aatferd mot Klytemnestra. Kanskje det var ein Kjeim av Aabrye som endaa ikkje var svævd til Ro i hennar vesle heite Barm. Elder kanskje dei runde Vodvar og Bylgjor hadde Broddar som kunne stinga so mykje kvassare. Men desse Girur kunne daa Læraren temja, medan hennar Vondska stundom tok ei ny og styrlaus Leid.

Ettyr si fyrste Gransking av Huglyndet hjaa Mliss, kunne kje Læraren tenkja seg at ho nokotsinne hadde aatt ei Dokka. Men Læraren, likesom so mange andre sjølvsagde Huglynde-Skynarar, var sikrare i aa døma etteraat enn fyreaat. Mliss hadde ei Dokka; men so var det ogso heiltupp Dokka hennar Mliss, _eit mindre Bilæte av henne sjølv. Hennar usæle Tilvera hadde voret ein Løyndom, som ved eit Hende vart updagat av Fru Morpher. Ho hadde voret Stallsystri aat Mliss paa hennar Utferder i gamle Dagar, og bar synlege Merkje av aa hava slitet vondt. Rette Fargen hennar var longe sidan avsliten av Veeret elder yversmurt med Søyleslim. Ho saag ut mykje nærpaa som Mliss i gamle Dagar. Den einaste Kjolen hennar, av falmat Ty, var lortutt og fillutt, som Kjolen hennar Mliss hadde voret. Ingjen hadde nokotsinne høyrt Mliss bruka Syrgjenamn aat henne som andre Born. Ho tok henne aldri fram, naar andre Born var tilstadar. Ho vart utan Naade lagd i si Seng i eit innholat Tre attved Skulehuset, og fekk ikkje koma ut, utan naar Mliss var paa Vandring. Ho var streng mot si Dokka, som mot seg sjølv, so ho kjende kje til Vellivnad.

No hadde Fru Morpher fenget den rosverdige Inngivnad aa kjøpa ei onnor Dokka aat Mliss. Barnet tok imot Gaava aalvorsamt og forvitneleg. Daa Læraren ein Dag saag paa denne nye Dokka, tykkte han aa finna ein Svep av Likning med Klytemnestra i hennar raude Kjakar og blide blaa Augo. Det viste seg snart, at Mliss og hadde lagt Merkje til same Likleiken. So vart det ikkje lengje fyrr ho hamrad Vakshovdet hennar sundt mot ein Stein, daa ho kom fyr seg sjølv, og stundom drog henne etter ei Snor um Halsen til og fraa Skulen. Til andre Tider lagde ho henne paa Pulten sin, og brukte hennar tolmoduge meinlause Kropp til Naaleputa. Um no detta var gjort fyr aa hemna seg, fyrdi Klytis Briknor soleids andre Gongen var prakkat paa henne, elder um ho hadde ei medfødd Skynsemd fyr Skikkerne hjaa sume andre Heidingar, som trur, at naar dei piner og tyner Bilætet av ein Fiende, so skal han sjølv med koma til aa talmast ut og tilslutt døy, _er eit filosofisk Spursmaal som eg ikkje no skal innlata meg paa aa utgrunna.

So lei han var desse Utvokstrar, laut daa Læraren leggja Merkje til i hennar ymse Svar ein Verknad av eit gløggt, kvikt og traust Næme. Ho kjende kje nokot til den Tveking og Tvil som vanleg fylgjer med Barndomen. Hennar Svar i Skulen hadde altid nokot djervt ved seg. Sjølvsagt kunne ho taka imist; men hennar Mod og Djervskap til aa støypa yver sitt eiget Djup og dei Smaaflundror som symde kring henne, vog i deira Tankar upp mot alle Mistak. Born er ikkje i dette Stykkje betre enn vaksne Folk. Og naar den vesle raude Handi skaut upp yver Pulten, vart det ei undrande Stilla umkring, og Læraren sjølv kom ofte i Tvil um sin eigen Gløggskap.

Endaa var det ymse Ting som han i Fyrstningi hadde funnet snaalt og trøysamt, som no tok til aa tyngja honom med aalvorleg Tvil. Han kunne kje halda att Augo fyr det, at Mliss var baade hemnhugad, uvyrdsam og sjølvraadug. Det var berre ei Dygd ved hennar halv-ville Natur _ Heilhug til aa vaaga seg og bjoda seg til; og so ei onnor, som daa ikkje altid er eit Sermerkje ved den edle Villmann _ Truskap. Mliss var baade urædd og ærleg _ tvo Eigenskaper som hjaa Folk av hennar Haatt kanskje kjem paa eit ut.

Læraren hadde havt det hart med aa tenkja yver dette Spursmaal, og var komen til den Slutnad, som ikkje er uvanleg hjaa Folk som tenkja ærlegt, at han ofte var Træl av sine eigne Fyremeiningar, og so tok han det Raad aa lydast inn til Mc Snagley og spyrja honom. Det var ikkje fritt fyr dette Raadet var daarande fyr hans Sjølvyrdnad, daa han og Mc Snagley ikkje var dei beste Vener. Men han tenkte paa Mliss og Møtet med henne fyrste Kvelden, og attaat gjorde han seg vel den Tanken _ ikkje so ulikleg helder _, at det var ikkje berre Tilfellet som hadde ført hennar sjølvraaduge Føter til hans Skulehus; og ved den ljuvlege Tanken paa slikt sjeldsynt Edelmod av Mc Snagley, døyvde han Motviljen sin og gjekk til honom.

Den verdige Herre fagnad honom vel, og var endaa so naadig aa ytra, at Læraren saag apartisk godt ut, og haapast han var fri fyr Nauvalgi og Rheumatiste¹). Han sjølv hadde voret plagat av den dumme Kuldfeber sidan sist; men han hadde lært at bie og bede. Og so gjekk han yver til aa spyrja etter Syster Morpher. Ho er ei Pryd fyr Kristendomen; og hennar unge Fameli teikner til det sama, lagde Mc Snagley til. Sjaa no berre denne dannede unge Pie, Jomfru Klyti, _ so velsedad. Verkeleg saag det og ut til han var reint fjetrad av Dygderne hennar Klyti; for han vart sitjande ei lang Stund og breida seg berre um dei. Læraren var i dubbel Knipa. Fyr det fyrste var det høyrande, at mykje i all denne Ros yver Klyti var meint paa Mliss, Stakar, som Motstykkje. Fyr det andre var det noket uhyggjeleg fyrtruande i hans Maate aa tala um Fru Morphers fyrstefødde. So at Læraren, etter nokre faafengde Tilsprang til aa segja nokot vetugt, fann det rettast aa venta til betre Tilhøve, og tok Farvel utan aa spyrja um den paatenkte Raadleiding, som han seinare i sine eigne Tankar var so uvetug aa skulda den verdige Mc Snagley fyr aa hava forhaldet honom.


( Meir.)


¹) Reumatisme, Ikt; Neuralgi, Nerveverk.