Ein Snartur i Telemorki.

 
_ r _


(Framhald fraa No. 6.)

(Del 3 av 6. Fyrste delen.)
 

Vegen fraa Tinnosen til Sauland var det Ruskever med Snøelingar og Vindbygar alt i eit. I millom Snøkavarne kunna eg sjaa langt upp etter Liderne, mest uppaa Bruni. Øvst uppe var Lauvtree nakne, lenger nede var det litt Islætt med gult Lauv, og ned mot Dalen var Stordelen av Lauvet paa; det meste gult; men eit og annat Bladet hadde endaa so smaatt av Grønnfargen att i seg. For kvar Vindbygen, som kom, vart Trei snaudare og snaudare, og for kvar Snøeling vart meir og meir av det nedfallne Lauvet løynt under Likklædet. Eg likar godt Hausten, for han gjerer ein snar Ende paa alt det, som hev gjort si Tenesta og er utlivt.

Di nærare eg kom mot Sauland, di vaatare vart Snøkaven, og di vaatare vart eg og; men paa Skysstasjonen fekk eg Løyve til aa leggja paa Peisen, so myket eg vilde, so Klædi mine snart vart turre.

Det er inkje med meg, som med Frøkna, eg hadde voret ilag med, at eg treng ein Prest elder ein annen dannet Mandfor aa faa ei Samrøda igang. Eg fær Selskap kvar eg fer, stundom godt og stundom klent; men oftaste forvitnelegt. Her hadde eg Husfolket og ein frilynd Lærar til aa røda med utyver Kvelden.

Um Morgonen, daa eg kom ned i Stova, sat der ein Mann og susla med ei Ølflaske. Han baud meg og eit Glas, og eg tok imot. Eg brukar jamt aa røda med fulle elder halvfulle Folk, for ingen talar meir truskuldugt og likefram enn den, som hev litt i Toppen.

Kor me no rødde elder ikkje, so kom Mannen inn paa Religionen. _ Det var no hellest inkje korkje fyste elder siste Gongen paa Turen, at eg høyrde Folk tala um det Emnet ved Ølglaset. Det var mest jamt, og eg hev merkt meg det sama fraa andre Landslutar og. _ Han tok fyst til aa snakke um Samvitet sitt. Det var no Gud inne i honom. Hadde han no inkje havt Samvitet, so hadde han no inkje komet langt i Verdi; men dette Samvitet var no slik ein god Ting. Det fortalde honom, kvat som var godt, og kvat som var vondt. _ Um det hadde sagt honom, at det var godt aa drikka seg full elder inkje, det nemnde han inkje nokot um. So spurde han etter, um det var sannt, at inne i Kristiania var so mange Sekter og vantruande. Ja det var daa det. Ja var inkje slikt syrgjelegt. Han hadde Barnetrui si aa halda seg til, og det var nokk for honom. Religionen var det fagraste og beste, han viste, og han kunna inkje skjyna, at den Vonde kunna faa so stor ei Magt yver Folk, at dei sleppte den. Ja Tiderne var vonde, Gud betre oss. Mannen hadde no drukket so myket, at han laut hikse allt i eit Men De, sagde eg, det er nokot ved Religionen, som er nokot leidt. Nokot leidt ved Religionen? Eg var vel inkje galen. Kvat var det no, som var leidt ved Religionen daa? Jau, sagde eg, det er leidt med det, at det skal vera so streng aa liva etter honom. Aa, det var no inkje so leidt endaa. Det var inkje so nøgje med det, for me veit alle, at Jesus hev løyst oss. Me magtar inkje aa gjera annat enn vondt me; men Jesus tek alt dette paa seghan, so me inkje vert dømde for Synderne vaare, sagde han. Eg snudde meg vekk; eg hadde høyrt nokk av dette. Mannen hadde i all Truskuld preikat det same kristelege Livssyn, som me ser for Augo kvar Dag. Det er desverre so, at mange talar myket fagert um Religionen, og so skjyt dei seg inn under Jesus, naar dei tykkjer, det skal for myket Stræv til aa liva kristelegt. Vinje han raakad Spikerhovudet godt, daa han sagde:

Me dyrka Gud med Munnen trutt;
men naar me godt skal gjera,
daa er det med det gode slutt,
og vonde maa me vera.

Det er liti Æra for det norske Presteskap, at so skjeive Syn paa Religionen, som Mannen, eg hev nemnt, preikad, skal halda seg i ein stor Deil av Folket no etter at Landet hev voret kristnat i over 800 Aar.

So tok me til aa røda um Gjenturne i Telemorki. Mannen fortalde daa, at han hadde ei slik oversleg lugum Dotter. Ho var baade ven og vitug, og so var ho so flink til aa sauma og til aa laga Mat, sagde han. Det var ingen, som bakad betre Braud enn ho. Eg sansad etter, so godt eg kunna, og sagde, at det var meir enn trulegt, at slik ein Mann, som han var, hadde gjevet Borni sine god Upplæring. Ja han trudde daa det, at han hadde gjort sitt Beste. Eg hev prøvt aa læra Borni mine upp i Tukt og Herrens Formaning, sagde han, og han hadde set gode Frukter og. Ja, sagde eg, dette treffer reint heppeleg, for eg hev nettupp reist til Telemorki for aa finna meg ei Kjering, og eg vilde gjerne hava eit skjikkelegt Menneskje attaat meg, naar eg fyst skulde forandra meg . Kanskje De no var so snild, at De let meg faa denne Dottri Dikkons. _ Han saag fyst paa meg, so saag han ned mot Golvet og sat ei Stund i Tankar _. Hm ja, tok han fram i, Gud veit det du; hev du mange Peningar? Aa nei! Gud betre meg, eg hadde no inkje det. Ja det var ille, for skulde ein Mann som han gjifta burt Dotter si, so vilde han no inkje gjeva henne til ein, som svelte henne. Men du, sagde han, du ser ut til aa vera ein bra Gut, hev du inkje nokot aa gjera, so du tenar Pengar? Jau, eg hadde daa det. Ja kor myket kann du tena um Dagen? spurde han, ein Dalar um Dagen? Ja det maa vel vera nokk. Jøss bevari kon, det vert myket mat til Dagen for ein Dalar. De kann greida dikkon godt med det, allvist so lengje de er berre tvo eine. Men hev du inkje noko Pengar liggjande t.d. nokot Arvegoss? Nei, eg kunna inkje rosa meg av det. Han sat tagall ei Stund, so tok han fram i: Ja ja, det fer vera det sama, kann du skjikka meg svart paa kvitt for, at du tenar ein Dalar Dagen, so kanskje du skal faa Dotter mi lel; men utan det nyttar det deg inkje, det kann du lita paa. Nei, det er no so rimelegt det, sagde eg. So fekk me ei Ølflaske til og vart svert gode Bussar, som ventande var. Han bad meg daa koma heim til seg Dagen etter, so skulde me nærare talast ved, og daa skulde eg faa sjaa Dotter hans og. Du veit du lyt spyrja henne og, men dersom du kann skjikka meg det eg sagde, so skal det nokk gaa, for daa hev du megmed deg, sagde han. Med det skjildest me, og sidan hev inkje eg set korkje honom elder Dotter hans.

Paa liknande Vis gjeng Trulovingarne i Telemorki ofte for seg, allvist i austre Luten av Fylket. Det er nokk meir hell ei fager Dros der, som hev vortet burtfest ved Ølglaset, og som sidan hev lotet lita seg med det. Foreldri trur seg hava Rett til aa gjifta ihop som dei vil, og Borni fær fyst vita det etter at alt er avgjort av dei gamle. Det kann daa treffa, at det vert litt Sparketak millom Borni og Foreldri; men det endar jamnaste med, at Borni lyt gjeva seg. Det siste Foreldri tyr til i slike Tilhøve, det er Bibelen. Dei les upp alt som handlar um Borns Plikter mot Foreldri, og held Lokking og Truging attaat, til dei endeleg fer Viljen sin fram. I Aust-Telemorki skal liva gjifte Folk den Dag idag, som vart trulovde medan dei laag i Vogga. Det er no jamnaste Pengarne, som ved slike Avgjerder er det vegtugaste, og Foreldri vil gjerne stella det slik, at Rikdomen vert verande i Ætti, difor er det ofte at Mann og Kjæring er svert nærskjylde. Eg vil senda ei Helsing til dikkon, som er unge deruppe, og beda dikkon, at de av all Magt arbeidar mot slik Griseskap, som er vorten ei Natur hjaa dei gamle. Gjifting utan Kjærleik og Gjifting millom for nære Skyldfolk i Slekti er meir øydeleggjande for Folkeslaget, enn de kanskje trur.


( Meir.)