[Tidender.] Ho tek til aa skjemmast...

 
sjølve Regjeringi ogso no.

I lange Tider hev Statskuppmenn fenget rasa i Bladi fritt. No endeleg hev det dregjet etter dei, at det nok inkje var so rett. Og dei sette væl fyre seg, at dei vilda taka det fyrste som vart sagt i so Maate, maa ein tenkja. At det var ein paa Vinstresida, som fyrst vart teken fær ein væl berre kalla for eit Hende, naar ein hugsar paa, at dei sama Tankarne hev voret mykje hardare innpaastyrde fraa Høgre. Aa tenkja, at dette skulde vera anna enn eit Hende vilde vera aa saara Rettferdskjensla aat Regjeringi. Og ein skal inkje saara Kjenslurne deira for mykjet no i denne Tidi, som maa vera saar nok i seg sjølv, der dei gjeng og ventar paa Domen sin.

Det kom ut eit litet Skrift, som heitte: Giv Akt!!!Det stod Bilæte av Stortingsbygnaden og ein tett Riflering, paa fyrste Sida og hellest handlad Bladet um, kvat Soldatar og Skyttarar skulde gjera, i det Tilfelle at det vart Statskup.

Bladet vart selt ein Dags Tid, men so tok Politiet det.

Det stend der, at efter Tidens Tegn at dømme det politiske Partiet, som talar um Forfatningsbrot, staar paa en fortrolig Fod med Kongen.

Dette finn dei no endeleg er skjemmande for Kongen, at Folk skal tru, at slike fæle Karar som Professor M. J. Monrad og andre staar paa en fortrolig Fod med Kongen. Og det er godt og væl. Det kjem no væl inkje til aa vara so lenge fyrr baate Friele og kanskje M. J. Monrad sjølv vart teken, kann ein tenkja.

Men dei er vist so fortulla no, at dei veit inkje kven dei helst skal byrja med, dei hev so for mykjet aa velja i maa tru. _ No tok dei fyrst Boktrykkjar Olsen og sette fast, daa han hadde trykt Skriftet, og ingen Forfattar var nemnt. Sidan fekk dei Greide paa han, slepte so Olsen og tok att Forfattaren, som var Materialforvaltar Hol, ein som er i Tenesta til Kristiania-Komunen. Han sit fast no; det hev voret Forhøyr um Dagarne, og det skal leggjast Sak. Friele, som fyrst burde sopa for si eigi Dør, hev alt dømt han for Majestætsbrot og Uppmaning til Uppreist. Men han vert vistnok frikjend. Det var berre Støkken som kom paa dei. Skriftet var væl nokot kvast paa det og utidugt kanskje, og noko uppøsande for sume Folk, men noko lovlaust vert det vist vanskelegt aa faa ut av det.