Til Gjenta i Vinje.

 
(Av I.T)
 
 
Her so lett og ljos
Sveiv du fagre Dros,
Rein som kløkke Blom i Skogo,
Frisk som Sumarvind;
Rosurne paa Kinn
angande imot ein logo.


Staut og rak som faa;
Og dei Augo blaa
Likasom eit Høgfjellsvatn dei blenkja.
Og det Smil eg saag,
Som um Munnen laag,
Ber hell alt hev lært meg til aa tenkja.


Rødde eg mæ deg,
Støtt so syntest eg,
Det var Aamund som eg høyrde mæla.
Og ditt Maal so reint
Var det inkje plent
Som eg høyrde Møllarguten spela.


Gutar som deg saag,
Kjem deg støtt ihaag
Av og til kanskje dei um deg drøyma.
Sume bert ei Ri,
Andre all si Tid _
Eg veit ein, som aldri kann deg gløyma.
 
I. T