Tidender.

 
Kristiania, den 18de Januar.

Fraa Riksretten. Heffermehl heldt fram Fredag og Laurdag med Folkevæpningsaki og talad mest um Sanktionsretten i Pengesaker. For Stortinget sin Del fekk Striden ei Meining, berre naar ein gjekk ut ifraa det, at Kongen hadde denne Retten, hellest vart det berre Strid um Ord. Stortinget sjølv hadde vedkjent, at det hadde inkje Rett til aa avgjera Løner og Etterløner, som inkje var søkte av Kongen. Dette var fastslegjet av Stortinget 1833. Stortinget hadde berre med Ettersynet aa gjera, men kunde inkje avgjera nye Løner aaleine. Statsraad Collet var klaga for at nokre Etterløner inkje var betalte. Men han slapp fri for Riksretten, som sagde at han inkje hadde gjort nokot, som beintfram gjekk imot Grunnloven.

Ein Ting var avgjort ved den Domen, at andre Avgjerder utom Revisionsretten laut hava Sanktion. Hellest var det tvo Slag Syn paa Bevilgninger, som hadde gjenget nokot jamsides og hadde gjort Røra. Det eine, at det var aa tenkja seg som ei Tillating berre, dette var det rette, og det andre som eit Paabod, men det var reint Misforstanding. Men Kongemagti hadde hevda det rette heile Tidi, det var berre Stortinget, som hadde tulla noko. Alt i 1816 hadde Kongemagti protestera mot aa utføra ei Penge-Avgjering. Det var berre i Aari millom 1860 og 1877, at ho inkje hadde negta noko. Aktor hadde skotet til 1824, men den Komiteen daa hadde inkje nemnt um Sanktionsretten anna enn at den vilde halda seg fritt Tilføre til aa tvila paa honom.

1833 hadde og Aktor haldet seg til. Men det var litet aa sæta, for Protokolkomitearne hadde jamt den Gjerdi, at dei vilde strida mot Kongens Retter. Og same Aaret kom Konstitutionskomiteen fram med ei annan Meining.  _ I 1845 var det Riksretts-Sak mot Statsraad Vogt, fordi han hadde utverka Negting paa ei Stortings-Avgjerd um Pengesaker, og han vart frikjend. Sanktionsnegtingi var rett etter Grunnloven berre daa, naar Kongen hadde eit aalment Veto i slike Ting. Protokolkomitearne sidan etter var varsame til aa segja noko større; dei streid inkje imot Sanktionsretten i beinframme Pengesaker, og det var fleire Tilfelde, der dei inkje noko hadde sagt aat Negtingar. Det var inkje komet noko Motmæle no i dei siste 20 Aar mot Sanktionsretten, og daa maatte væl Regjeringi tru, at ho var i sin gode Rett. Det rette Synet paa kvat ei Bevilgning var, det var greidt framme i dei fyrste Aari etter 1814.

Stortinget i 1815 _16 hadde tenkt seg, at Kongens Velde i Pengesaker berre skulde vera bundet av Skatteretten. Og no kunde daa væl ingen dømast skuldig til Straff, fordi det inkje hadde gjenget upp for honom, at ei Bevilgning no hadde skift Natur, so mykje meir som Stortinget all Tid hadde haldet fast ved det gamle. Fyrst i 1859 _60 kom Protokolkomiteen fram med den nye Læra um tvo Slag av Bevilgninger, det eine som ho var pligta til aa gjenomføra, det andre inkje. Men inkje denne Læra hell hadde dei haldet fast paa. Det einaste som kunde tala mot Regjeringi, var Avgjerdi i 1860, men ho stod aaleine og Ordskiftet der var so flokutt og ugreidt, at det var aldri noko for Regjeringi aa ansa etter det. Hadde Stortinget i 1882 meint noko større, so hadde dei daa lotet sett noko strengare Krav, sagt at det var eit strengt Paabod, og inkje berre so reint laust: paa Vilkaar at o.s.v., som det var rimelegt Regjeringi tydde so, at dersom ho likad Vilkori, kunde ho gjera det, og likad ho dei inkje, so kunde ho og lata vera.

Heyerdahl tok so Jarnvegsaki. Der hadde Regjeringi berre freista aa finna ut Meiningi til Stortinget og utføra den so langt daa som det gjekk an etter Grunnloven. Naar ho inkje hadde vyrdt det med dei stortingsvalde Menn i Sentralstyringi, so sagde dei, at ho hadde teket seg Rett til aa dela sund Stortings-Avgjerder. Men det var greidt, at Regjeringi inkje hadde tenkt seg, at denne Avgjerdi skulde hengja so fast ihop i alle Delarne sine. Det var inkje paatydt, at Stortinget heldt den Delen um tingvalde Styrarar so vigtug, at det helder vilde hava alt ugjort, naar inkje det kunde koma med. For det var vedteket, at A og B skulde vera endelege Avgjeringar, og C var berre som ein Attpaasleng, som inkje var sett sam naudsynlegt Vilkor for A. Og daa kunde væl inkje Regjeringi lastast for det, ho hadde gjort. Hadde ho faret galet her, so var Skuldi hjaa Tinget, som inkje hadde sagt Meiningi si greidare. Men sjølv um Meiningi til Tinget hadde voret den, at C skulde vera bindande Vilkor, so hadde Regjeringi inkje kunna gjort etter det likavæl. For det var imot Grunnloven § 3, det vart eit Grep i Kongens Velde, han som hev Eineretten til aa nemna ut Embættsmenn. Ved Banken var det væl altid so, at Tinget valde Styrarar, men der var det so si Sak, der var det for aa tryggja seg mot, at Kongen skulde kunna bruka Bankens Midlar som han sjølv vilde. Alt i Einevaldstidi hadde dei ansa paa det. So var det Hypothekbanken, der Tinget ogso valde, men der var det Hensigtsmæssighedshensyn og med Forbehald, at det vart godkjendt. So var det Loven um Bodsfengslet, men der var det Kommunestyret i Kristiania og Aker, som valde Tilsynsmenn og inkje Stortinget. Daa Eidsvollsbanen skulde leggjast i 1841, var det Framlegg um, at Stortinget skulde velja Styrarar, men det gjekk inkje igjenom. I 1883 daa Stortinget valde 2 Mann til Jarnvegsstyringi, var det jamvæl derein stor Del Tingmenn, som heldt det for aa vera so imot Grunnloven, at dei vilde inkje vera med aa velja eingong. Kunde so Regjeringi lastast, kunde det kallast landsskadelegt aa hindra noko som var imot Grunnloven, spara Pengar for Statskassa og innføra ei Ordning, som Folk lenge hadde ynskt?

So vilde  Bergh hava Ordet igjen for aa koma med Paastandet, men det vart motsagt, han kunde inkje hava Lov til aa tala no att.

So vart Paastandet leset upp av Sekretæren. Det lydde soleids:

Paastand:

At H s. Ekscell.Statsminister Selmer for Odelstingets Tiltale frifindes.
Underdanig
Joh. Bergh. I. K. S: Heffermehl.
N. R. Heyerdahl.

Der attaat vilde dei hava Utgifterne sine betalte or Statskassa tilsaman Kr. 2538,67.

Aktoratet tok i med Tilsvaret sitt Onsdagen den 16de.  Blehr talad. Han gjekk inn paa Riksrettar, soleids som dei er i andre Land og viste, at etter vaar Forfatning, som gav Folket so stor Magt, var det fullt ut høvelegt, at gjenom Riksretten ogso det Rettssynet, som er hjaa Folket, fekk trengja igjenom. Og § 86 sjølv i Grunnloven synte greidt, kvat Slag Forfatningar som hadde voret Mønster for oss i so Maate. Som no i Amerika, der var det politiske hevda so sterkt i Riksretten, at han berre kunde døma til aa missa Embætte hell til aa setjast av, alt anna som vedkom det juridisk-kriminelle høyrde til andre Domstolar. Han meinte paa det, at ein Riksrettsdom maatte løysa Striden, den var bindande alt til desse at ei ny Utvikling kunde gjeva Spursmaali ei annan Stelling.

Og han skynad inkje kvat Def. for med, naar han dreiv so hardt med aa gjera ein Riksrettsdom so lite verdt som mogeleg i det politiske.

Soleids som det no var, skulde ingen segja, at det kom for braadt paa. Dei hadde sagt, at ein maatte venta, at Tidi og Utviklingi skulde greida Striden. Ja det hadde Odelstinget i 1881, som sette det ut med Riksrett, ogso litt paa. Men korleids hadde det gjenget, Regjeringi hadde berre fløkt det meir ihop og vist, at ein ingen Ting kunde vona av Tidi.  _ Han laut undrast paa, at Def. og Høgrebladi hadde klaga paa, at det var ulikt Parti, med det at berre ein Mann fekk verja Regjeringi her for Retten, men det var ein heil Skokk imot; han laut undrast paa, at Def. kunde segja slikt so hugheilt, daa det var aalkjent, at Def. hadde mykje meir med Helparar enn Aktionen, for Def. hadde alle Departementi aa taka Folk or.

System-Doms-Læra var det noko Def. kallad, har freistad aa faa det til aa sjaa ut som om det inkje galdt aa faa Dom yver Regjeringi for serskilde Gjerningar utan for Styremaaten i det heile. Men det var nok i so Maate at visa til Innstillingi fraa Protokolnemndi. Def. hengde seg fast ved Ordet Forbrydelser i § 86 i Grunnloven og meinte, at Styremaaten til Regjeringi aldri kunne kallast so. Men § 86 tok inkje for seg aa setja Reglaa for Minister-Andsvaret. Kvat det var meint med dette Forbrydelser gav inkje Loven nokor Greide paa, det maatte finnast ut paa annan Maate. Men dette Ordet meinte paa noko straffskuldigt i det heile utan aa ansa um det kunde vera mindre lastande hell umoralskt i seg sjølv.
Hellest so var det her inkje berre Spursmaal, um Gjerningarne var rette etter Loven, men ogsaa um dei var gagnlege for Landet, og daa kunde det lett henda, at Ting som serskilt ein for ein inkje vert so storlastande, kunde verta heller faarlege, naar dei alle stilad mot eit vist Maal.

Styre-Maaten var væl inkje dregen med inn i Klaga, men han laut daa faa sin Plass i Saki lel til aa gjera det einskilte klaart. Det var det som var Regjeringi sin Styremaate, at ho ved Stortings-Avgjerderne inkje hadde tenkt paa Landsens Bate, men berre paa dei kongelege Prærogativer (Serrettar). Denne Styres-Maaten hadde ført fram Samanstøyten. Inkje skulde nokon kunna segja, at det var Stortinget, som hadde byrja Striden, for det hadde voret spakt og ettergjeve all Tidi, og jamvæl latet Kongen bruka Rettar, som det aatte sjølv, for inkje aa hefta Sakerne. Men Regjeringi hadde berre sett kvast imot. Og slikt kunde inkje ganga strafflaust.  _ Def. hadde teket Fotstaden sin i sjølve Grunnloven og inkje i lause Lufti, men det var ei rar Lære han hadde fu nnet ut og det ei, som var reint ny, ho gjekk ut paa det, at Grunnloven berre kjenner Tilfelde der Sanktion trengst, og der han inkje trengst, det finnst inkje Millomtilfelde, der Kongens Avgjering hev ei mildare hell mindre avgjerande Verkning.  _ Det var rart med Vetolæra, jamt lautho takast paa ein ny Maate, skulde dei faa ho til aa standa. Men denne Læra var det hardaste Aagrep, som nokon hadde gjort mot Grunnlovens Prinsip, med di at ho skaut ut det suspensive Veto som eit  Prinsip i Grunnloven, likesom ho ogso streid mot  Ordi i Grunnloven, som Aktor daa gjekk igjenom etter §§ 77 _79.