(Fraa Øyfjor, Haranger ved Johs. Tvedt).

Paa Lægrei budde fyr inkje mange Aar sia to Gutar, Knut og Nils, som baae fridde te sama Gjento. Sigrid hadde ingenting lovt, dei hadde helder inkje spurt henne so likafram; men da saag ut til, at ho inkje sjøl rigtigt viste kem ho skje velja. I Dansar og Lag va da alti Ugreia imydlo dei og stundo harde Slagsmaal. Um Sumaren, daa Sigrid va Budeia paa Stølen, og da va ho so oftaste, va da inkje sjelda aa sjaa stundo Knut og stundo Nils koma smettande upp tilfjells um Kveldane. Fylgjas kunde dei inkje, so ventande va, og dei hadde held inkje Hug til aa møtas, fyr dei viste gott, at da inkje va mykje aa tena paa nukun taa Kantane. Men ei myrk Natt slumpa dei til aa møtas mitt paa Stølsvegjen tett ne fraa ei Kleiv so dei kalla Kungskleiv. Likasom dei baae hadde sama Ærinde, sveiv da dei og baae inn, at dei her møttes fyr sista Gaangje. Dei vart snart einige um, at her skje da vetta avgjort, kem som skje ha Gjento, og at dei vilde kjempa til da yste og so lata da koma an paa Lukko. Naar Slagsmaale va paa da heitaste, Knivane blenkte og Bloe rann, fekk dei sjaa ein liten graaklædd Mann med langt Skjegg, som sat paa Kungskleiv og stilte paa ei Fela. Dei kvakk, slepte Takje og vart staaande dyrgande stille. Rett som da va, kom da strukande ein Laus-Slaatt, so da kvein i Kungskleiv og tviljoa seg langs-ette Valeggjæ.

Da va eit Spel, so dei aldri hadde haurt Makje til; Føtne begjynte til aa flytta seg ette Takten, da hjelpte inkje aa stri imot, og snart bar da laust i ein skjøytaslaus Dans mæ Spøting og Kast so Torvona fauk. Mannen spelte og Gutane danste, so Sveiten rann, og dei tenkte da aldri hadde tekje Slutt. Mæ ei Gaang helt han upp, nikka ne te Nils og sa: Du Nils danste rigtig gott; men du Knut, du danste som ein doven Slok. Han Nils, han skal ha Gjento! Knut reiste heimat; men Nils reiste bort paa Stølen te Sigrid, og um Vaaren ette sto Bryllaupe deirans. Naar da lei, so dei va begjynte aa laga te Bryllaups, spurte Sigrid, kem Nils vilde faa te Spelare, svarte han i Spøk, at han vilde snakka mæ Spelaren, som spelte paa Kungskleiv. Nils hadde tinga Kjøgmeistar, Kjellermann og Spelare; dei to fyste va komne, Bryllaupsfolkje begjynte te aa samles, men naar alt va samla, mangla Spelaren.

Um Kvellen kom ein fremmande Spelare te Bryllaupsgaren, som bau seg te spela, naar han haure, dei va uppraadd.

Um Morgoen, naar dei klædde Bruæ, sat Spelaren paa Bore i Dansestovo, og Ungdomen danste alle som ein. Dei sente mange Bo fyraa faa Danselage mæ til Kjyrkja, men ingen kom. Brur og Brugum kom ut paa Tune, Bruæ med Kruna paa, og dar sto dei og venta, men ingjen kom. Dei maatte tilsist bort fyr aa faa dei ut. Brurgomen bleikna, naar han fekk sjaa Spelaren og høyra Felataakjæ, men fyrr dei viste Ore taa va baade han og Bruræ og alle som fylgde mitt uppi ein strjukande Vals. Naar Presten, som hadde venta i mangje Timar, kom fyr og sjaa, kva, som var ivegjen, gjekk Dansen lika vilt og da va nær paa eit Haar, at Presten sjøl hadde vorte mæ i Dansen, men so fekk han Tak i Døraklinko og helt seg fast, og dar sto han og trampa Takten, mæ Klokkarn flaug baade Bor og Benkjer som ein Hare. Fyrst daa Medhjelparen gjekk avsta og ryngde mæ Kjyrkjeklokko vart Spelaren borte og Dansen helt upp.