Tidender.

Kristiania, den 22de Desember.
 
Korlangtkann ei Kvinna gaa fyrr ho misser Kvendelaget sitt? Eg trur ikkje ho kann gaa solangt, som te aa vera Medlem av Storthing, Formannskap elder dilikt, som eg saag ei Gudbrandsdalsgjenta i Fedraheimen for ei Tid sidan trudde. Naar det hende, daa trur eg Kvinna vilde missa Kvendelaget sitt, som skulde vera det ho fyrst aa fremst verjad um, aa vera Kvende i rett Forstand. Men so er det mange Meiningar um kvat Maal Kvinna daa hev i Live, sume trur det, aa sume det. Ja det som eg trur er Kvendemaal aa Kvendeverk, er aa breida Liv og Hyggje yver Mannens Yrkje i godt som illt, aa uppdraga sine Born i sann kristeleg Aand aa Tru. Fyrst naar Kvendi heve stillt dei Krav eg ovanfyr hev nemnt, uppfyller ho den Plass, som Vaarherre hev gjevet henne i Samfundet, i det store Verdenssamfund, aa ho vert alder arbeidslaus. Aa fordi trur eg, ho godt kann halda seg burte fraa det meire offentlege Stell, der som me hev Mannen, i slikt Stats- og Komunestyre. Det er helder slett ikkje Kvendeverk, endaa eg vil ikkje nemna Dugleiken, den kunde nokk ei Kvinna hava.
           
Det kvendelege skiftar med Tidi, segjer ei Gudbrandsdalsgjenta. Ja det kann so vera. Men det kvendelege som ligg i Uppdragargjerningi, aa dei Krav som kviler paa henne som Ektemake, tru det skiftar med Tidi? Det trur egikkje. Kvinna hev vist sama Maal, kor fort aa godt eit Folk utviklar seg, ho hev vist sama Grunnlag aa byggja paa, det skiftar ikkje.
           
Men i det maa eg vera einig med ei Gudbrandsdalsgjenta, naar ho vil alle Vegjer skal opnast for Kvendi, so ho kann faa utvikla seg. Kvinna treng likaso væl Kunnskap som ein Mann, for aa vera ei rett Kvinna.
           
Aa um Kvendi vil lesa Avisur, aa fylgja oss i vaar Fridomskamp, so trur eg, at det er berre bra. Ho vil staa bakfor Mannen som ei manande eggjande Aand, som gjev honom større Mot aa Kraft til aa draga Lasse fram.   
                                               
P. J. K.