Riksraadsandsvar og Riksretten.

[Del 4 av 4. Første delen]
 
VII.
           
Det er ein annan Ting som veg nokot her. Anten er det lika hendt, kvat Politikk heve Fleirtalet i Riksretten, og daa heve Høgre ingen Grunn til Anke, elder og er det ikkje lika hendt. At det ikkje er lika hendt, hava baade Parti synt. Men er det so ikkje rettaste, at baade Parter standa i det same Høve mot einannan i Riksretten som ute i Landslyden. Ingen kann krevja meir. Men slik som no den endelege Daamen aat Riksretten heve vortet, svarar Styrken aat dei ymse Parti i Retten til Styrken deira i Stortinget og i Landslyden. Ein framand vilde segja: Riksretten svarar til Landsens politiske Dam i det heile. Med det bør baade Parter lata seg lita.
           
Men so legg Høgre imot, at Lagtinget er sett ihop slikt til aa domfella Riksstyringi. Dette er tilslutt den stutte Meiningi av den lange Røda. Nei Lagtinget heve ikkje fenget nokor Fyresegn, det heve den fulle Fridomen. Det krevst berre, at det dømer ein retferdig Dom etter beste Yvertyding. Landsens Fleirtal vil bøygja seg fyre Riksrettens Dom, han gange paa kvat Leid, han vil. Stortinget heve sett Vinstremenn i Lagtinget ikkje til aa domfella, men til at Sakjerna skal verta røynde ut or det, som fyre Stortinget stend som Riksskipandens Ord og Aand. Det er vaar Skylda aa tru, at baade Høgsterett og Lagtinget vil døma, som det sømer Fagnamenn, som kjenna Andsvaret sitt. Nokot annat bør ein ikkje ein Augneblink tenkja.
           
Framleides segja dei, at Riksretten skulde voret sett i fyrre Valbolken, og at so ikkje vart gjort kjem av, at Vinstre ikkje hadde Lagtinget etter Ynskje daa. Dette er ikkje den sanne Grunnen. I 1880 var det sterkt umrødd aa velja Lagtinget med Tanke paa Riksrett. Stortinget hadde daa og havt Magt til aa setja ihop Lagtinget so, at Vinstre hadde fenget Fleirtalet i Riksretten. Naar ikkje so hende, var Grunnen den, at dei ikkje vilde nokot, som kunde sjaa ut som Eggjing elder Trugsmaal, og so vilde dei berre fyre Naud Skuld ganga til Riksrett. Dei vonad, at dei nye Vali skulde løysa Knuten, ei Von, som vart styrkt ved den sterke Appel, som baade Storting og Kongsmagt gjorde til Landslyden. Difyre vart Riksretten sett ut. Og heve Stortinget tekjet i Mist i dette, so ligg Mistaket i, at dei leit for mykjet paa Vali. Det tenkte aldri, at det politiske Faatalet, naar det so klaart saag Folksens Vilje, kunde halda ved med sin gagnlause og upprivande Strid. Dei kunde ikkje orsaka seg med, at dei ikkje til Fulnads kunde lita paa, at det var den visse Folkevilje. Kor tidt skal ein spyrja Folket, dersom det ikkje i denne Saki er spurt tidt nog?
           
Imot Riksretten føra dei endelege fram det, at mange av Medlemerne er ugilde Domarar, avdi dei hava Deil i 9 Juniavgjerdi. Dette Motlegg burde aldri voret reist. Det er umogelegt annat, Lagtingsmennerne ofta maa vera med i Avgjerder, som gjeva Tilhøve til Riksrett. Logi byd deim aa gjera det. Skulde dette hava gjort deim ugilde, maatte det vera endeframt Bod um det. Men eit slikt Paabod finnst ikkje. Hadde det voret eit slikt Bod, vilde det voret vandt aa faa Riksrett sett. Dette heve denne Riksrettsprocedure vist. For aa hjelpa seg med aa skjota ut etter Bokstavarne nokre Domarar som ugilde og lata andre likaso ugilde verta sitjande er ein Utveg, som aalvorlege Menn aldri kunna godkjenna.
           
Denne som mange andre av Høgres Ankar raakar ikkje den Riksretten, som no sit, men sjølve den Skipnaden, Grunnlogi heve sett fyre denne Riksens høgaste Domstol.
           
                                   
VIII.
           
Av desse Utgreidingar vil du skyna, at naar Odelstinget sette Riksrett, var det i Kraft av ei Syn paa Paabodet i Grunnlogi um Riksraadsandsvar, som er all Æra verd. Ein kann døma, kvat ein vil, um den Syni, men ein kann aldri neitta, at ho er utsprotti og djupt grunnfest i det konstitusjonelle System. Denne Syni er klaar og fylgjestreng og heve det Endemaal aa faa Riksraadsandsvaret til aa verta Sanning, Aalvora og Røynd og dermed gjenomføra ei av dei vigtugaste Trygder i Grunnlogi fyre Folksens Fridom. Nokot annat Maal heve Landsens frilynde Fleirtal ikkje. Dess Arbeid gjeng ikkje imot Kongedømet elder Unionen. Heve det i heitaste Striden fraa ein elder annan fallet Ord, som ein kann tyda paa den Leidi, so heve dette ingen Studning i den aalmenne Folkemeiningi. Fleirtalet i Landet ber ikkje Andsvar fyre det. Unionen vil berre verta styrkt ved, at Folkefridomen veks fram paa baade Sidor av Kjølen. Og Kongedømet vil ved eit fullt gjenomført Riksraadsandsvar verta lyft upp or Dagsens Strid og samna um seg Landsens beste Krafter. Lat alle deim, som sysla med Landsens Styr og Stell standa heiltupp andsvarlege fyre det Folk, dei tena. I dette Andsvar vil me hava den beste Trygd fyre ein jamn og stød Framvokster. Ja det vil ikkje verta eit idyllisk Fredstilstand. Dei meir gamallkjære og dei meir umvølingskjære Meiningar vil halda ved aa brjotast og prøva Magti mot einannan, - det vilde ikkje vera godt hellest - men Striden vil verta løyst utan Valds-Skakingar. Ymse Synsmaatar vil til ymse Tider hava Yvertaket, naar dei vinna den aalmenne Folkemeiningi. Men ved soleids aa standa Prøve i det røynelege Livet, vil dei retta og fylla ut kvarandre. Det vert ein praktisk Politikk. For eit politisk Parti vil fyrst vinna Folkemeiningi daa, naar det heve ein kraftig Talsmann i det røynelege Livet og i ei Torv, som Folket aalment kjenner. Det norske Folket krev berre aa faa styra i Fred sine eigne Riks-Greidor med all den Myndugskap, som høyrer til eit fritt og upplyst Folk. Men alt, som smakar av Formynderskap, vil det strida imot, og det alt meir og meir, som Upplysningi veks.
           
Det, me stræva fyre, er ikkje annat enn, at dei Ordi i Grunnlogi: Ansvarligheden paaligger Raadet skal verta Røynd og Sanning. Dette kann aldri kallast eit Umstøytingsarbeid. Daa er det mykjet meir Strævet med aa veikja Riksraadsandsvaret, setja det i Skuggen og rengja det, som inneheld Faare fyre den jamne og gode Framvokstren. Det kann ein vera viss um, at dersom det i eit fritt Land finnst Institusjonar og Magter, som ikkje standa Landslyden til Andsvars, vil ei slik Veila seint elder tidleg føra med seg Villa og Strid. Aa stydja ei Veila, aa forsvara og festa henne, det er til Røyndar aa velta Steinar i Vegen fyre den fredelege Framvokstren. I andre frie Rike strida dei um mangt og mykjet, men um aa gjera full Aalvora av Riksraadsandsvaret er alle Parti, Høgre som Vinstre, samde. Skulde ikkje dei ymse Parti her hjaa oss og semjast um dette. Det hjelper ikkje her aa leggja mot, at me ikkje hava parlamentarisk Styre. Riksraadsandsvaret er eit naudturvelegt Stykkje i kvart einaste til Røyndar fritt Rike, anten det heve parlamentarisk Styre elder ikkje. Kunde me semjast um dette, vart me strakst samde um, at det i eit velskipat Rike alltid maa finnast dei Organer, som i kvart Tilfelle halda Riksraadsandsvaret uppe. Kann ein ikkje til dette bruka reine parlamentariske Midlar, som vistnog er det beste, er det ikkje onnor Raad enn aa bruka ein Domstol, soleids som Grunnlogi heve skipat det, ein Domstol, som er juridisk og politisk med ein Gong, so han kann døma baade, um Rikshandlingarne er loglege, og um dei er til Gagn elder Skade fyre Landet. Eg tek ikkje i Mist, naar eg segjer, det er i Kraft av denne Synsmaate, at Odelstinget no heve sett Riksrett. Det heve viljat halda uppe § 5 i Grunnlogi. I Truskap mot det Folket, som det skal bata og handla fyre, kunde det vandt gjera onnorleids, naar ei greidare parlamentarisk Løysing ikkje var naa-ande.
           
Men kvat vil Riksretten hjelpa? segja dei. Høgre ropar høgt og lydt, at det vil halda fram med Striden i same Faret, som fyrr. Det er mogelegt, at Høgre vil taka Andsvaret fyre eit Framhald med denne Striden. Det endelege Utfallet vil likavel ikkje vera tvilsamt. For Høgres Politikk kann ikkje verta gjenomført. Høgre trur snaudt sjølv, at den Dagen kjem, daa det norske Folket godkjenner, at det absolute Veto er skrivet inn i Grunnlogi, og at Riksraadsandsvaret berre er juridisk. Men fyre Riksretten er det naturlegt fyre Høgre aa tala um aa halda fram, men etter Riksretten er det tvilsamt, um dei vil tala i same Tonen, dersom det vert Domfelling daa. Den Voni bør ein ikkje sleppa, at alle tenksame Menn av baade Parter vil semjast um aa finna ei Løysing, som sømer ein fri Landslyd, fører Riksraadarne inn i Tingsalen og skapar Vilkoret fyre det Samarbeid millom Riksmagtom, som er Livsbrodden i det konstitusjonelle Styre.
           
Men um denne Voni enno eit Bil skal veta ufyld, so vil daa Riksretten vera det kraftigaste Vitne um, at Stortinget ikkje vil lata Riksraadsandsvaret vera berre ein daud Bokstav, men fulle Alvora. Han vil vekkja og styrkja den Yvertydingi, at Riksraadsandsvaret hjaa oss er det same som i andre frie Rike. Og det vert alt ein stor Bate.