[Maalmannsmøtet...]

Maalmannsmøtet, som me talad um, vart haldet fyrre Laurdagskvelden. Statsrevisor H. E. Berner opna Møtet og takkad Folk fordi dei hadde møtt fram so mannsterke. Han hadde tenkt lengje paa aa faa i Stand eit slikt nyt Maal-Samlag, men no fyrst trudde han at det var rett Tid til det.
           
No var det komet so langt, at dei laut taka Arbeidet noko annleids, no hadde Saki vortet eit praktiskt Spursmaal, eit nationalt Landsspursmaal, no hadde det vakset upp Krav, som inkje lenger kunde haldast nede.
           
Det norske Samlaget hadde gjenget jamnt og godt, Stortinget hadde komet imot Kravi vaare um Bygdemaal i Skulen, Retting paa Skrivemaaten av Gards-Namn, Professorpost i Norsk, Pengehjelp til Landsmaalsbøker. Jamvæl Regjeringi hadde inkje sett seg beint imot i ymse Ting. Motstrævararne hadde tagna. L. Daae talad inkje meir um, at dei matrikelsterke Bygder hadde snudd Ryggen aat norskt Maal. Maalsaki kann mest fyrr klaga yver, at ho hev vorte for litet forfylgd i det siste. Dette Fredsstandet hev gjort sjølve Maalvenerne noko likesæle og daude og skapa Trui paa, at no gjeng det av seg sjølv utan noko Arbeid hell Offer fraa meg. - Men ogso mange Folk utanum Maalmannsflokken hev lært seg til aa sjaa annorleids paa Maalsaki enn fyrr. Soleids hadde Skulestyrar P. Voss (i Tidskrifti Vor Ungdom 1879) hevda Plassen for det norske Folkemaal, serlegt Landsmaalet, baade i den lægre og i den høgre Skulen. Maalet sjølv hev utvikla seg, det hev vortet mindre lærd, meir praktisk, det gjeng no meir paa ei demokratisk og folkeleg Leid, enn det hev gjort fyrr. Det er eit norsk Maal for heile Landet, me treng um. Det er inkje dei beste Bygdemaali, elder det reinaste Landsmaalet det fyrst spyrst um. Det er nettupp det, som er mest aalgjengd, som ligg nærast Dagligtalen fyre dei Fleste, me skal halda fram. Og daa kann det naa des vidare, for det det er det som det gjeldst um aa faa det so snart, som det er mogelegt aa faa det til aa rekkja so langt, som det er Raa, sjølve Maalreinskingi kann godt gjerast sidan.
           
Her er no ogso ein annan Understraum, som krev annleids Framferd, den folkelege Vekkjingi, Selvstændighedens Æresfølelse hev komet upp i Folk. Det er inkje bra, at Folk held paa bare med Lovparagraffar, sjølv um det so er Grunnlovs-Paragraffar. Juristeriet er ein fruktlaus Ting. Men Vetotanken kunde aldri hava voret framboret paa norskt Maalføre, for den er inkje skyld med dei djupaste Røter i Folket.
           
Ein annan Ting, Blad og Bøker er vidt spreidde yver Landet, men mest alle er paa Bokmaalet; des større Framstig det hev komet i Skulen, des meir hev Dansken vunnet paa det, difor maa her arbeidast.
           
Med alt dette trudde han at me stod ved eit gledelegt Vende i vaar nationale Maalkamp. No er det som ein Tidens Fylde for oss til aa vinna att for oss det som vart spillt i framfarne Tider. Me skal samla Krefterne vaare, organisera oss i ein ny Fylking og setja oss fast paa dei Stillingar som Tidi hev opna aat oss. Fraa slike Stellingar vil me sjaa Folket betre samla, betre upplyst, dana, sterkt, lykkelegt, meir fyllande sin historiske Mission, og ein fullnorsk Bokavl, rik paa Tankar og Kjenslur.
           
Og det er ved Hjelp av Tidsutviklingi si store Lyftestaang, Foreiningstanken og Fylkingstanken, at me kann gjera dette Framstiget for Maalsaki. Me vil difor samla Venerne av Maalsaki til ei Foreining, som skal umspenna gamle Norig med ei ny Broder- og Syster-Lekkja for aa driva ein væl organisera, trugjen Propaganda for vaart norske Maals Rett.
 
           
Som Lovar for Samlaget Maalvenernehadde han sett ihop dette:
            § 1. Maal-Venerne vil hjelpa det norske Maalføret fram.
            § 2. Maal-Venerne vel paa sine Aarsmøte eit Styre paa 5 Medlemer, som sinsimillom vel ein Formann og tek seg ein Kasserar og (Sekretær) Skrivar.
            § 3. Maal-Venerne bitalar Kr. 1. um Aaret.
           
Han tenkte seg at Maalvenerne vil gjenom Foreiningar og Underforeiningar i By og Bygd sjaa til aa
 
faa Landsmaalet (inkje berre Bygdamaalet) bruka i Skularne fyrst og fremst Folke- og Amts-Skular - baate i Fyredrag og Bøker. Her maa Fyreslag til Log inn til Storthinget, og so Bod til Skulekommisionar, Tilsynskommisionar, Lærarar og Autoritetar;
           
aa Landsmaalet inn paa Seminararne (ved Søknad til Stortinget);
           
faa ei vitenskapleg Dyrking av Norsk ved Universitetet (ved ny Søknad til Stortinget um Professorpost);
           
faa norskt Maalføre meir aalment bruka baate offentleg og privat ved aa faa det til officielt Maal, faa alle Slag Samlag til aa taka det i Bruk;
           
faa Landsmaalsbøker utbreidde, t. D. ved aa faa teikna fleire Lagsmenn i det norske Samlaget, ved aa faa Kolportørar til aa bjoda dei ut, og ved aa faa Boksamlingar til aa kaupa dei visst; verka til aa faa fleire og fleire norske Lesestykkje inn i dei brukelege Lesebøker baate i Folkeskulen og andre høgre Skular;
           
verka for aa gjera Maalsaki betre kjend ved Fyredrag, Skrifter, Bladstykkje og annat;
           
ved Søknad til Stortinget freista faa Rikspengar til Hjelp aat Forfattarar paa Norsk og til utgjeving av Skrifter paa Landsmaal;
           
i det heile etter Evne freista aa interessere den store norske Almenhed, derimillom vaare Bladskrivarar og Forfattarar, for norskt Maal og norsk Bokavl
           
og derattaat verka for Vedtaking av slike Tiljamningar av Bokmaalet, at Skilnaden millom det og det heimlege Maalføre vert so liten som det er Raa.
           
Bernervart so tekjen til Ordstyrar.
           
Hølaas var rædd for, at Folk utpaa Bygderne inkje vilde hava Godhug nokk til nye Utlegg.
           
Stortingsmann Reitan likad godt denne Samlingstanken og meinte det vilde verta ei god Lyftestong for Arbeidet.
           
Fatikforstandar Johnsonvar inkje viss paa, korleides Forholdet vilde verta millom denne nye Foreiningi og det norske Samlaget, han undrast paa um dei inkje kunde smelta saman, so det norske Samlaget vart som eit Sentralstyre for alle Maallag.
           
Berner meinte, at det var vanskelegt aa smelta dei tvo Samlagi tilsaman, for det norske Samlaget er berre eit Boksamlag, som gjev ut Bøker, og det kunde inkje magta ein slik Agitation, der var det for tungvinnt Apparat til det. Allvisst det aa verka for Forandring i Bokmaalet ogso, det laag utanfor det norske Samlagets Plan, medan dette nye Samlaget kunde hava lettare for aa faa istand ein Maalkongress som kunde verka for ei norskare Rettskriving i det heile, ein Samanjemnking av Landsmaalet og Bokmaalet.
           
Oddmund Vik hadde Tvil um det inkje var best aa røyna ut dei gamle Vegjer endaa ei Stund, fyrr ein slo inn paa nye; han meinte, at Samlaget godt kunde hava ein Sekretær til aa reisa ikringum. I Kristiania meinte han, at Folk saag noko annleids paa Maalarbeidet enn andre Stader, for der meinte dei, at noko ekstra maatte til, men denne Maalsaki er alt grunnlagd fyrr, Propagandaen er aa samla Folket ikring seg, einast aa jaga Tankarne saman til eit praktisk Utslag. Hellest er Maalarbeidet fyrst og fremst eit Upplysningsarbeid, og det maa vera fritt, so hev det voret fyrr, og Maalarbeidet hev gjenget godt, og so var det kanskje best, at det gjekk endaa. Han tvilad paa um dette Spursmaalet no var so mykje framme, at det kunde nytte aa driva nokot større, Stortinget greidde det godt nokk, det var dugelegt nokk til aa leggja Saki til rettes for Folk. Og Professorposten stod inkje paa Stortinget.
           
Han meinte hellest at det godt kunde gaa for seg, at Samlaget fekk Styresmenn paa Bygderne ogso, som kunde hjelpa til med aa driva Arbeidet.
           
Paa Vestlandet var det vanskelegt aa reisa Vinstresamlag jamvæl, og daa endaa verre aa faa istand Maalsamlag, der var mange upptamde til aa tala Maalet, men faa til aa strida. Slikt Samlag som dette var han rædd kunde skjemma Arbeidet istadenfor aa gagna.
           
Bernermeinte at det norske Samlaget inkje kunde tola Samanblanding med Politikken, det var han rædd kunde skjemma Arbeidet. Han trudde, at den Maaten som no er aalgjengd i all Ting, som skal drivast fram, aa slaa seg ihop i Samlag, inkje skulde miskjennast, daa kann det verta gjort det, som Folk inkje magtar, naar dei stend kvar for seg aaleine. Han trudde ogso, at Lovarne for det norske Samlaget var til Hinder for aa bruka Pengarne til slikt, som her var ætlat. Kvart Samlag vilde nokk faa Hyre med sitt.
           
Chr. Bruun hadde ogso fyrst havt Tvil; han var rædd, at det skulde ruva for mykje dette. Men daa han hadde tenkt yver det, fann han, at her var Ting av stor Vigt: Det var bra det kunde verta sendt Folk umkring i Bygderne for aa ruska litevetta upp i Folk og faa Vener av Saki, for det trengdest sanneleg; soleids som i Gudbrandsdalen var det altfor faae, som verkeleg gjorde nokot for Saki. Det skulde daa ventast, at dei iminsto kunde driva Fedraheimen upp, so han kunde verta eit Blad av Rang, og faa Raa til aa løna Medarbeidarar. Likevæl maatte han gjeva Gudbrandsdølen det Lovordet, at Ungdomen inkje knotad der slik no som fyrr, men det var faae, som umfatad Maalsaki med fullklaar Kjærleike.
           
Det norske Samlaget meinte han var litet dugande til slikt Arbeid som her var paatenkt.
           
Det var vigtugt aa faa Pengar av Stortinget aat dei, som var gode til aa skriva, men som inkje slepp til for Skuld Matstræv; det skulde vera gildt aa faa norske Forfattarløner. Aa faa Landsmaalet inn paa Seminaren skulde au vera gildt, endaa det var inkje so greidt aa faa det gjort med det same.
           
Det skulde daa vera Moro aa freista, um det inkje fannst Folk, som vilde offra noko for aa faa denne Saki meir kjend og kjær for Folk.
           
Berner heldt fram som nokot som var aa gjera, aa faa Skuleloven umstelt slik, at Undervisningen meddeles paa det norske Maalføre.
           
I. Lavik lagde imot det, at Foreiningi skulde driva ein unyttug Agitasjon; fyr Maalet skulde veksa seg fram med det aalmenne Upplysningsarbeidet var det sagt. Men Tingen var den, at Upplysningsarbeidet laut gjerast paa sjølve Maalet. Det maatte Maalvenerne krevja, og i den Vegjen var det inkje so glupt, som Oddmund Vik meinte. Det var vel knapt ein av 10 Lærarar, som med Dug brukte Maalet paa Skulen. Fyrr me kunde krevja, at Læraren skulde bruka Maalet, laut han daa fyrst kunna bruka det sjølv. Men det kunde dei færraste gjera so det var nokot tess. Dei kunde bruka det um dei mest heimelege Ting, som dei hadde kjennt ifraa Born. Men trast dei skulde gjeva Borni aalmenn Upplysning, kom de danske Vendingarne og Ordi, som dei hadde lært i Bøkerne og paa Seminariet. Han totte det beste Framsteget, me kunde gjera, var aa faa eit Umbrigde her. Men daa laut Bonden staa fram aa krevja sitt Maal brukt baade paa Folke- og Lærarskule. Um me no kann faa dette til utan aa gjera nokon Agitasjon, so vil han berre, at dei skulde syna oss Vegjen, og han skulde vera viljug til aa lata den velsigna Agitasjonen sova. Men Maalet skal inn i Skulen, og so helder Agitasjon og Maalet i Skulen, enn Dansk (elder Knoting) i Skulen utan Agitasjon. Trass all den Glansen, Hr. Vik legg ut yver Bondebygdarne, veit me no det, at dei flestalle Staderne, søv Bonden so fagnalegt og let Borni sine pugga dei danske Bøkerne, og Læreren knota dei. So det var inki liklegt, at me skulde vera Maalmenn utan aa vera aktive i den Vegen, anten dei vilde kalla det Agitasjon elder nokot verre.
           
Er me Maalmenn, so er det vel fyr aa arbeida. No er det so, at det er eit undarleg litet Faatal av Menn som hev gjort noko verkjelegt Arbeid, og dei som arbeidar, dei vinn lite Stydjing og kjenner seg mykje aaleina. Me vantar inki Maalvener, men dei møtast inki i sams Arbeid, dei tuslar fornøgde elder motlause kvar sin Veg. Iminsto er det so her i Hovudstaden. Det tenkte han daa, at me gjorde vel i aa prøva bindast meir saman. I allt Arbeid som lukkast, vert der faa fyrr elder seinare Organisasjon. Me kunde daa iminsto kannhende driva dei Bondegutarne, som gjeng Skularne herinne, til aa vera aktive Maalmenn, naar dei kjem heimatt i Fritidom.
           
Men han kjende seg inkje stød um, at ei Foreining etter dei framlagde Statutar vilde verta stort aktiv. Styret syntest koma til aa ljota gjera allt, som skulde verta gjort. Men det maatte vera liti Hjelp i aa laga eit Apparat til aa fabrikera magtlause Upprop til annat Folk um aa hjelpa oss.
           
Lasse Trædal hadde mykje Tvil, han var rædd at Statutarne berre vart Papir, han hadde lite Tru til Samlag, det kunde inkje nokon naturleg Framgang gjerast gjenom Foreiningar. I Sogn var det inkje so galet, som Lavik hadde skildra det paa Vestlandet, der var det 8 av 10 Skulmeistrar, som brukad Norsk i Skulen, sume Stader syng dei paa Norsk alt det dei syng i Skulen. Forandringar i Skuleloven var han og rædd berre skulde verta nokot paa Papiret og inkje koma til aa gjera fult Gagn. Um ein skulde trengja 3 Aar paa Seminaren for aa faa Norsken inn, so vilde han inkje vinna Norsken paa den Maaten, det vart daa berre ein framand Tanke.
           
- Mest Verkning gjorde det, naar kvar Mann talad med sine um Saki, Vekselverkningi maatte gjerast i Friheit.
           
Oddmund Vikheldt paa, at Saki inkje var dømd, fordi ho fekk mindre Motstand; han var leid av aa diskutera Maalsaki, det var som aa strida med Daudingar, dei vilde han helst lata sova. Arbeidet i det stille meinte han var det som vog mest, inkje unyttug Strid; det som ein hev gjort ifraa seg, skal vera fraaseggjort. Beste Maaten aa arbeida for Maalet var aa bruka det. Folket vaart er inkje laga til aa gaa med mange Arbeid isenn, no er det Politikken, som er Hovudarbeidet. Lat Maalsaki ganga saman med Vinstrearbeidet hellest, lat Bladi tala um henne. Lat det verta Maalsamlag paa Seminararne, lat dei unge faa bruka Vengjerne sine. Arbeidet skal gjerast nedanifraa, inkje ovanfraa. Det er det beste aa bruka dei Krefter som finnst, Arbeidet maa spreidast fyrst.
           
Berner laut undrast paa det, korleids Folk kunde segja, at det inkje var bra med Foreiningar. Det norske Samlaget var daa ogso ei Foreining. Naar Skulelogi paabyd Landsmaal, so meinte han, at det hadde mykje paa seg, ja sjølv um den inkje vart lystra av alle ogso. Um Striden um Landsmaalet skulde koma upp att no, so vilde det inkji vera so galet, som Vik hadde sagt, for no vilde han koma i andre Former, og daa kunde det bera gode Frukter.
           
Aasumb fortalde at han inkje viste, kvat det norske Maalet var for nokot.
           
Lavik var noko uklaar um beste Maaten til aa faa fremja dette Arbejdet.
           
Hølaasmeinte, at det kanskje kunde draga Folk nokot ifraa det norske Samlaget, naar dei skulde betala ei Kruna her, endaa det nokk kunde tenkjast, at sume nye kunde koma til ogso. Norsk laut inn paa Seminarskulen fyrst og fremst, anten ein skulde leggja paa nokre Timar hell taka nokre av fraa Dansken. I Ungarn der lyt dei paa Seminarskulen (paa 4 Aar) læra 3 Maal, som sinsimillom er som Eld og Vatn. Um det vart liti Tid her, so kunde det daa so godt lærast Grunndragi.
           
Stortingsmann Reitanheldt fram Dialektarne ogso.
           
Asbjørn Olavson totte denne Saki her var komi for braatt og uventa paa, det var reint som ei Overrumpling, ho skulde voret umhandla meir i Bladi fyriaat. Han heldt ogso paa det friviljuge Arbeid, som gjeng stillt.
           
Arne Garborg hadde gjort Framlegg um Utsetjing av Saki, han totte det heile var uklaart.
           
Etter eit Ordskifte um den høvelegste Tidi vart Saki tilslutt utsett til sist i Januar.