Riksraadsandsvar og Riksretten.

[Del 3 av 4. Første delen]
 
VI.
 
Riksretten vert til av Høgsterett og Lagtinget, og Stortinget vêl Lagtinget ut or seg sjølv. Dei, som dei velja millom, er anten Høgre- elder Vinstremenn, Folk, som er valde paa eit visst politisk Program. Det er i dette Tilfelle reint umogelegt aa faa ein upartisk Domstol i den Meining, at Domararne ikkje hava nokor politisk Meining, elder at Meiningi deira er ukjend. Grunnlogi heve stellt det slikt, at Domstolen maa verta til av Partimenn, og det eine elder andre Parti vil hava Fleirtalet. Til dette kann ein ikkje motleggja: Det er sannt i dette Høve, som no er, men Eidsvollsmennerne hadde aldri tenkt seg slike strenge Partiskiljingar. Dette er eit stakarslegt Motlegg. Fyrst er det no vandt aa prova nokot ut or det, Folk hava tenkt seg fyre eit Par Mannsaldrar sidan, dinæst er det ikkje Grunn til aa tru, at Eidsvollsmennerne var so stuttsynte, so dei ikkje viste, at det, som Tidi lid, alltid hjaa eit fritt Folk vil koma upp visse politiske Parti. Dei hadde Røynslor nog um det fraa andre Stader.
           
Skulde det Høvet, at Fleirtalet i Riksretten høyrer til eit visst politisk
Parti, gjera denne Domstolen partisk, so maa han alltid verta partisk hjaa eit vakset og myndugt Folk. Han vilde verta det, anten so Lagtinget vart vald med Avsyn paa Riksrett elder ikkje. Det ligg i sjølve den Skipnaden, Grunnlogi heve gjevet honom.
           
Som du veit, er det det, Høgre mest ankar denne Riksretten fyre, at han er partisk. Er det Meiningi med denne Anken, at Domstolen er partisk, avdi ein viss Politikk heve Fleirtalet i honom, so raakar Anken sjølve den Skipnaden, som Grunnlogi heve sett fyre Riksretten. Det er umogelegt aa faa gjort det annarleids. Endaa Høgsterett vil ein ikkje kunna bruka, dersom Riksretten vart partisk av, at visse politiske Meiningar hadde Fleirtalet i honom. For Medlemerne i Høgsterett hava og som Borgarar i Landet jamnaste gjort seg upp visse politiske Meiningar. Grunnlogi heve ved den folkelege Skipnaden, som Riksretten heve fenget, meint aa gjera honom, sovidt han vinn, til eit truget Speglbilæte av dei politiske Hovudstrøymingar, som ganga gjenom Landslyden.
           
Men naar Høgre er so misnøgd med Riksretten og kallar honom partisk Domstol, tru det ikkje er, avdi det er Vinstremenn? Dersom det no var Høgre, som hadde Fleirtalet i honom, tru dei daa vilde ropa Ak oh Ve, tala um partisk Ret, Uretfærdighed, slette Tider, sædeligt Forfald og dilikt? Ingen tvilar um, at Høgre daa hadde funnet alt reidt og greidt. Men er det so, bør Høgre halda upp med Klagom sine. For det er klaart, at ein Domstol av den sakades Partifelagar vilde vera likaso partisk som ein Domstol av Motstandarar. Vil dei halda ved med Klagom, faa dei raa seg med, at dei ikkje verta vyrde som Uttrykk fyre den saarade Rettskjennsla, men som Uttrykk fyre den Vreide, som fylgier av eit Tap elder Tjon.
           
Men so segjer Høgre: Ein skulde daa aldri gjera seg fyre til aa faa Vinstre sterkaste i Retten. Det bør vera berre eit Høve og Hende, kven som skal hava Yvertaket. Lagtinget bør veljast berre fyre si vanlege Gjerd. Til det kann ein strakst svara, at hadde Vinstre berre ved eit Høve voret i Fleirtalet i Riksretten, hadde nog Høgre lika radt ropat ut um partisk Rett. Men det er ogso reint galet aa paa staa, at Lagtinget skal verta valt berre fyre si vanlege Gjerd, endaa um nokot uvanlegt er ventande. Stortinget skal velja Lagtinget slikt, at det med mest mogelegt Vit og Skyn formaar aa handla dei Sakjer, som det fær med aa gjera i dess Bil. Naar det lig frammi eit stort og vandesamt Logarbeid, maa ein tenkja paa dette i Valet til Lagting. Slikt er det og, naar det ser ut til Riksrett, og helst naar denne Riksretten heve slik Vigt og Umkverv, at alle andre Sakjer verta yverskygde av honom. Det høver, at ein ikkje kann sjaa Riksretten fyreaat, daa kann ein sjølvsagt ikkje velja med dette Avsyn. Men kann ein sjaa honom fyreaat, so er det baade Retten og Skylda aat Stortinget aa setja ihop Lagtinget med Aasyn paa Riksrett, den Saki, som framum alle hine krev Landsens Gaum. Ein kann i dette Tilfelle umogelegt lata att Augo fyre, at Lagtinget skal vera med i Domstolen.
           
Den Riksretten, som no sit, er ikkje komen uventande. Han laut koma, soframt det ikkje vart nokor betre Løysing. Han er komen av ein konstitusjonell Strid, som heve Røterne sine langt attende i Tidi, og som heve vakset fram seint, men stødt. Stortinget maatte sjaa i Aar, at Lagtinget etter all Reikning skulde verta med i Riksrett. Naar ein so minnest, at Riksretten ikkje berre skal døma, um ei Riksraadsavgjerd er logleg, men og um ho er til Riksens Gagn elder Skade, so laut Stortinget vil den Gjerdi plent faa Menn, som hava eit heilt og rett konstitusjonelt Skyn. Til aa døma eit politisk Mistak set ein aldri, naar ein kann velja, slike Menn, som ein meiner hava eit skakkt og galet politisk Syn. Naar ein vil halda uppe Riksraadsandsvaret, set ein ikkje til det Menn, som freista aa kreppa det ihop det minnste, dei kann. Det vilde vera aa slaa seg sjølv paa Munnen. Slikt fara ikkje aalvorlege Menn. Dersom ein trur paa Sanningi i si Yvertyding, er det eins Skylda aa velja inn i Riksretten dei Menn, som ein trur hava det klaaraste og sannaste Syn paa Grunnlogi. Det er denne Fyresegni, som Fleirtalet i Stortinget heve fylgt, og ho heve ikkje vortet avsannad ved Høgres Motlegg. Ein lyt alltid søkja aa faa Riksretten ihop slikt, at det politiske Synet, som ein trur er til Landsens Gagn, fær Fleirtalet i honom. Det er vondt aa skyna, kor ein skulde fara annarleids.
           
Naar dei so leggja mot, at Høgre røystad paa Vinstremenn til Lagtinget, heve dette inkjevetta paa seg. Endemaalet hadde likavel vortet, at Høgre hadde komet i Fleirtalet, og ingen tvilar um, at dei hadde nemnt dette ein upartisk Domstol. Og dersom Høgre trur paa Sanningi i si Yvertyding, hadde det ut or si Syn Rett til aa tala so. Men so faa dei gjeva oss den same Retten. Høgre maa skyna, at den Domstolen, der den frilynde Politikken heve Fleirtalet, maa standa fyre det frilynde Fleirtalet i Landet som den Domstolen, som heve beste Vilkor fyre aa kunna gjera si Gjerd paa Riksskipnadens Grunn og til Landsens Gagn. Den Domstolen ein sett, kann døma ein rettvis Dom.
 
[ Meir]