Lykkjefolket.

[Del 1 av 3]
 
I. Olav i Lykkjun.
 
So nær uppunder Bitihorn
dei ligg dei Lykkje-Gardar;
der vaks kje kvart Aar moget Korn,
men der vaks staute Karar.
 
Der har dei nog av Smør og Ost
og mange feite Stutar;
der ol dei upp paa kraftig Kost
so mange gjeve Gutar.
 
Ja der fanst Folk, som hadde Hug
til gjilde Verk aa gjera;
Ja der fanst Folk, som hadde Dug
til tunga Byrder bera.
 
Sterk Olav han var ein av deim;
han kunde draga Plogen;
og Stove-Timber bar han heim
paa Herdom utor Skogen.
 
Rask for han yver Stok og Stein
i alraverste Rekslom;
i Bygdis-Fjellom skaut han Rein
og bar deim heim paa Ekslom.
 
Av denne Styrkje stod det Ord
rundt um i alle Grendom
i Aust og Vest, i Sud og Nord,
den heile Bygd til Endom.
 
Paa Joledag vil Olav gaa
til Kvidin heim, til Kjyrkje.
Ein Ungdomsflokk der tenkte paa
med honom prøva Styrkje.
 
Med Glis og Laatt dei synte fram,
dei honom ei vil vyrda.
Dei toko paa, til Spott og Skam,
den sterke Mann svivyrda.
 
Daa vart nog Olav harm i Hug;
dei unge Gutar maatte
faa merkja greidt, kvat Magt og Dug
og Styrkje Mannen aatte.
 
Han Hest med Slede lyfte opp
og etter Hopen kastad;
daa skalv nog mangein Ungdoms Kropp;
med Skam dei burt seg hastad.
 
Tidt gjeng det so den byrge Mann,
naar han vil kaater vera;
han skjemst, naar han ej magta kann
det Verk, som andre gjera.
                                               
( Meir.)