Fyrr og no.

I gamle Dagar galdt det for ein god og priseleg Ting, naar Borgarar friviljugt tok paa seg Bry og Kostnad for aa læra seg upp til gode Fædrelandsforsvararar.
           
Dersom norske Borgarar gjer det same no, so set den norske Regjeringi dei under Forhøyr.
           
* * *
           
Det er ikkje nokot nytt. Alt for fleire Aar sidan skreiv den norske Regjeringi, at den Ting, som ikkje turvte stydjast her i Landet, det var Interessen for det nasjonale.
             
* * *
           
Den Stangske Politiken var unasjonal. Den Selmerske hev drivet det eit Stykkje lenger og hev no vortet ufedrelandsk.
           
Dei byrjad med aa hata det norske. Dei sluttar med aa vera likesæle um Norig.
           
Dei byrjad med aa forfylgja Maalstrævet. Dei sluttar med Kielertraktaten.
 
           
Defensor finn, at det absolute Veto er eit Princip i Grunnloven vaar. Et Princip og intet mindre.
           
Ja, - kva vil du so, norske Bonde, gjeva for Grunnloven din, naar det, som ikkje stend der, skal kunna gjerast um til eit Princip?
             
* * *
           
- Me for vaar Part trur, at det er tryggare aa tru paa Grunnloven enn aa tru paa Advokat Bergh; for det ser ut til, at det gjeng med honom sommed alle Selmermenn, at naar dei kjem til Grunnloven, so kann dei ikkje lesa.
           
Dei hev politisk Dill: dei ser sine eigne Draumar dansa millom Ordi og Raderne, so dei ikkje fær Tak paa det, som stend. Dei ser politiske Flugur istadenfor Grunnlovens Ord, og difor gjeng det og so vidt, at det var ein av dei, som sagde, at han fann det absolute Veto i kvart Ord, ja i kvar Bokstav i Grunnloven.
           
Den same politiske Dilla er det, som no hev teket Defensor, so at kor han ser i Grunnloven, so ser han berre Veto, Veto, og inkje nokot annat, - og so gjeng han upp i Riksretten og fortel vaksne Folk, at Vetoet er eit Princip i Grunnloven. Det er vondt for Folk, at dei skal koma uppi slikt!