Smaaminningar fraa Gimlemoen.

[Del 2 av 2. Første delen]
 
(Kj.)
 
(Slutten.)
 
Paa Moen er ikkje stort av Fedralandskjensla. Her er ingjen lyftande og uppofrande Tankje, men den største Dagdriving og Dovenskap, som finnst. Ikkje so, at dei sløsar Tidi vekk, men Sylldaten hev Teven av, at bare Dagjen gjeng og fær ein Ende, so er alting vel. Og det kann ikkje annsleids vera; det passar i Systemet som Fot i Hose og gjeng som Smolt i gamle Sko. Her er Hauk yver Hane fraa den mindste til den største. Forholdet millom Under-og Yverbefal hev ein Kaptein i Kristianssand uttrykt: Der er et svælgende Dyb mellem en Kaptein og en Fanejunker. Soleids gjeng det vidare og allstødt i sama Duren. Det eine heng i det andre som Taggarne i eit Hjulverk. Her trengs eit nytt System, sosannt som det skal svara til sin Tankje aa styrkja aa verja Fedralandet i Naud og Faare.
           
Det er lite, ein lærer paa den lange Tidi, som venteleg er, naar alt gjeng i Tvang. Mange er langtifraa kje støe i Vendingarne. Og det er nettupp det, som Vigti er lagde paa, aa faa dei til aa eksera godt paa flate Moen, so dei kann gjera det godt paa Mønstringsdagen. Det var truleg, me maatte lærast upp til aa strida i skogutt Mark og Ulende; for me kom væl til aa bruka Fjell, Bakkar og Skog og ikkje gjeva oss til paa snaude Sletter. Her er ein Jordknause, Spikeren, og ein skogsett Fjellnabbe, Malakoff. Paa desse set nokle faae seg fast, og so prøvar Hovudstyrkjen paa aa storma og inntaka dei med Bajonettanfald. Detta dreiv me mest paa med attaat aa kunna marsera stramt i ei Line. Jau, det passar i Systemet, alt!
           
Ikkje alle vil eta ved Statens Bord. Maten var ikkje so gal, bare Jordepli var kleine paa Slutten, liksom Stompen var klissen og raa, so ikkje tolde eg eta den. Av dessa fær me tvo 5tekvar Dag, og daa der reknast 20 Øre i Brødpening um Dagjen, kostar me den 50 Øre. Naar me selde den, fekk me i Fyrstningi 25 Øre (Halvedelen), men daa det leid paa 15 Øre Stykkje. Det er Forretning i det: gjeve 50 og faa att 15! Men det som alt det andre passar godt inn i Systemet, me saag, koss det gjekk paa Graatenmoen.
           
Kvar Morgon og Kveld vert eit Salmevers sunget og Fadervor leset. Men slik Leven, som naar me skulde uppstillast til Bøn, serleg Heilagdagar, var sjeldan. Banning, Leven, ufine og hædande Talemaatar i Jag um einannan. Det lydde fyr meg som Gudsbespottelse. Kvar Onsdag og Sundag var Bibellesnad, nokso uppbyggjeleg; men paa Kommando som alt det andre. Daa me skulde avleggja Eiden, var det Spursmaal oss imillom, korleids me stilte oss til den. Men me uppfatta den som ein annan Konstitutionseid; me tarv daa ikkje lyda, naar det strider mot gjeldande Lovar. Det er nokk. Daa vita me, kvat me i kvart Tilfellet hev aa gjera 1) .
           
Ingjenting av det gode tottest trivast paa Moen. Me prøva med ei gudeleg Sangforening nei; me prøva med Samtalemøte, der me bl. a. diskuttera Skjyttarsakje, Avhaldssakje. Men so orka me kje meir. Ingjen Hug, ingjen Evne, ingji Tid 2) , so maatte det døy.
           
Endeleg leid det til den Tid, daa me kunde tenkja paa aa faa rusla paa Heimvegjen. Me talde kvar Timen og kvar Dagjen. Dagjen kom, og det gjekk fort aa levera, daa alle gjorde sin Flit. So hadde me levera alt um Laurdagjen 20 Juli, var frie, kunde tenkja paa korleids me vilde stella oss i Morgon, ikkje vera rædd Allarm, Parade, Skrubb hell nokon sodan Ting. Det var som nytt Blod strøymde igjenom Aadrunne. Same Dagjen var me i Aandalen, og etter aa hava kjøyrt som skarpaste var eg heime Maandagjen i god Tid. Her hadde dei mest gjort av med Slaatten - søla altso burt til Faanyttes Vaaronne, Hobballen, det beste av Slaatten og attaat mange Pengar. Det er Fortenesta. Eg takkad Gud, eg kom heim med Helsa, ikkje alle gjorde det.
           
Kjære, stytt inn Militærtidi. Den er burtkasta fyr Landet. Sverdrups og Hjorths Forslag gjeng forvidt. Gjer det billigare og uvandare. Dermed vil Landet vera væl tent.
           
Ei takksam Helsing til mine Kameratar, og gløym no ikkje det, som me var upplagde um!
           
26 Oktober 1883.
 
 
1) Rart nok betona Presten i den Tala, han heldt i Fyrevegjen, Kongen so sterkt, at det godt var merkjande. Tru, det ha vore trengjandes? Han kunde daa vel aldri hava den Tankje, at det var nødvendig? Me avlagde naturlegvis Eiden paa Kommando.
 
2)