Leiv Dali.

[Del 2 av 3. Første delen]
 
(Av Hermod Hejmdal.)                   
 
(Framhald.)
 
 
Ut paa Hausten det same Aaret kom ein Høgskulelærar til Bygdi. Han skulde halda eit Fyredrag og vilde manna Ungdomen til aa søkja Høgskulen. Meir enn eit Fyredrag hadde han kje Tid til; han var beden um aa koma paa so mange Stadar. Det stod Gjetord av Læraren som Talar. Slik som han talar er ei Bisn, vart det sagt. Mange Folk møtte. Sume kom ei lang Stund i Fyrevegen. Men ingen var so tidleg ute som Leiv Dali. Fyredraget varde i tvo Timar. Dette vart hosta drjugt for sume; dei var kje vande med aa fara Fuglevegen, som han sagde Steinar Stigen. Og desse hadde butt seg til aa gaa. Nokre eldre Menn med Maaaneskin i Skolten var alt gjengne. Men Leiv vaknad upp som av ein Draum, daa Folket byrjad aa styrma fram mot Døri. Det var daa kje Raad det var slutt endaa. Heile Natti hadde voret høveleg, totte han.
           
Paa Heimvegen var kje Leiv sjølve seg lik. Og den Natti fekk han kje Svevn paa Augo.
 
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
 
Andre Dagen sagde Leiv til Far og Mor sine, at han vilde paa Høgskulen. Og fjorten Dagar etterpaa reiste han.
           
 * * *
           
Det var midt i hardaste Vaaronni. Gunnar og Aase balad paa Aakeren heile Dagen. Dei brukad kje lang Kvildetidi, einsmalle som dei var med alt Onnearbeidet. Dei hadde bergja seg utan Hjelp fyrr, det same kunnad dei vist dette Aaret og. Og so hadde dei daa Leiv, som no var heimatt komen fraa Høgskulen. Han var trøytt etter Heimreisa og heldt seg inne dei tri fyrste Dagarne. Men den fjorde var han med paa Aakeren. Han hjelpte Mor si med aa fylgja Fori, medan Far hans braut. Ho bad honom aa inkje forleita seg fyrste Dagen. Det var so svint gjort, uvand som han var med Arbeidet. Men dei gamle gaadde snart, at det var kje faarlegt i so Maate. Leiv klarad kje aa fylgja den Stubbefori, han hadde. Mor hans laut hjelpa til rett som det var, endaa ho hadde dubbelt so langt Stykkje som han. Og so merkte dei nokot annat og. Leiv var so underleg av seg, so tankemykjen liksom. Rett som det var sette han Krafsa fraa seg og gav seg til aa staa og stira uti lause Lufti. So var det plent, som han vart kvefsestungen att; han tok til aa grava, so Moldi sprutad. Men stundom subbad han ihopes alt det uppgravne Ugraset og lagde det midt i Fori. Naar so Far hans kom attende med Arden, laut han stana Hesten og sparka det or. Slik gjekk Arbeidet for Leiv Dag etter Dag.
           
Um Kveldarne gjekk Leiv høgst uppunde Nuten. Der sat han paa ein stor Stein og saag utyver Bygdi, burtigjenom Lidarne og yver dei lange Skogaasarne. Og so song han, inkje høgt, men laagt og sakte. Mor hans stod ofte ned i Tunet og lydde paa. So tunge og lengtande Tonar hadde ho aldri høyrt, totte ho. Leiv hadde utifraa godt Maal. Og so var det Visa hans Arne Kampen, han song:
 
            Undrer mig paa, hvad jeg faar at se
            Over de høie Fjelde.
 
Han song den uppatter og uppatter. Men belimillom sat han med stirande Augo og saag burtyver Langfjelli. Leparne bibra, Bringa bylgja upp og ned, han drog Pusten langt og tungt og let den gaa utatter som ein tung, skjelvande Sukk. Naar Augo vart vaate, seig han bakyver paa Steinen med ihoplagde Hendar, og stirande ende upp mot Himelen sukkad han saart og ankande: Gud, gjev meg eit stort Vengjepar, so eg kann fljuga yver dei høge Fjelli! Han sat som tidaste deruppe til langt ut paa Kveldarne. Stundom kom han kje nedatter, fyrr dei gamle hadde lagt seg. Og daa let han upp Glaset, sette baae Olbogarne ned mot Karmen, studde Hovudet i Hendarne og einstirde burt i Himelsynet. Og so smaasong han: Undrer mig paa o. s. v.
           
Slik sat han ofte, til Fuglarne byrja aa syngja i Lunden um Morgonen.
                                               
( Meir.)