Fraa Nordfjord. (Brev.)

Fyrr ei Tid sidan stod det i Fedrah. eit Stykkje um, at me Vestlendingar no er som burtkvervde me skriver inkje nokot paa Maalet og visar oss inkje som fullgode Maalmenn. Slikt er tungt aa høyra, men det er diverre sannt. Her er mange Maalmenn mest kvar Unggut yndar Maalet og Saki men naar ein snakkar med deim t. D. um aa halda Fedraheimen, so fær Bjølla ein annan Laat. Og dette er so norsk: aa hava Samhug med ei Sak, men ikkje leggja tvo Stikkor i Kross for aa hjelpa henne fram.
           
Me hev havt Heradsval her i Haust. Den gamle Ordføraren vaar var ein stiv Høgremann. Hellest var han godt likt daa dei fekk honom, so som dei vilde. Daa dei alt var samlade til Val, fekk dei vita, at han skulde hava skrivet under paa ei Selmeradresse, som nettupp var under Brygging. Eg hev inkje seinare høyrt um henne, anten no Ingstads Brev til Aalesundingarne hev skræmt dei, elder Namni hev voret so faa, at dei skjemdest for aa senda henne. - Mest mannjamt vart daa Ordføraren kastad, og fyrste Valmann ein god Vinstremann vart vald istaden som Formann. Og no er han ogso vald til Ordførar. I det heile er Folk frilynde her. Skjotarlag hev me og. Mest kvar Ungguten er med; av dei gamle er her diverre faae som er med. Mange hev Hug til aa kaupa seg Riflor, men Midlarne er smaa her paa Vestlandet. Vaart Lag kjem til aa faa minnst 3 nye Riflor i det komande Aaret. Fekk me Statstilskot, vart det fleire, som kaupte seg Rifle.
           
Indre-Nordfjord 20-11-83.
A. T.