Advent-Salma.

(I Umskrift fraa Engelsk).
 
Sion, der kjem Kongen din!
Sjaa, hans Stjerna giv sitt Skin,
Sannings Stjerna, som so godt
Lyser upp den myrke Nott!
 
Alle Folkslag, fjerr og nær.
Kome, sjaa vaar Gud kjem her!
Kome, Hjarta gjer i Stand
For vaar Frelsar, Gud og Mann!
 
Sjaa, der kjem den fagre Dag!
Ljoset kjem i beste Lag.
Der, som Skuggen laag so svart,
Skiner Naadesoli bjart.
 
Syng for Morgonstjerna glad
Alle Folk i Land og Stad!
Lov vaar Konge, som steig ned
Her med Sanning, Ljos og Fred!