[Statsrevisor H. E. Berner...]

Statsrevisor H. E. Berner hev teket Upphavstaket til aa faa i Stand eit nytt Samlag til aa arbeida for Maalsaki. Han hev tillyst eit Møte og bed alle Maalvener koma saman for aa raadleggja.
           
Berner var med og fekk det norske Samlaget i Stand, me vil ynskja, at dette her Tiltaket maa røyna den same Framgangen.
           
Me trur, at det inkje er berre ein Manns Paafund, men det møter eit Krav, som hev vokset seg ut av heile Maalstellingi no for Tidi.
           
Det som hefter Maalsaki no, so ho ikkje gjeng so fort fram, som ein skulde venta det er den Likesæla, at Folk trur Maalsaki no gjeng av seg sjølv - og det er den Burtgjevingi av heile Hugen til Politikken.
           
For Skuld baae desse Ting treng me no eit kraftigt Itak. Kravet vaart maa haldast sterkare fram, so det vert livande i heile Folket, og Bløygarne vaare maa me slaa hardare og tidare, skal dei inkje siga attende millom kvart Slaget.
           
Fyrr hev det voret nok med aa gjeva ut Bøker og gjera Maalet kjendt.
           
No maa det Arbeid til og Agitasjon.
           
Og til det maa me vera samstelte, for hellest vert det ingen Ting med oss. Me maa nytta dei same Midlar, som hellest er brukelege for aa faa nokot fram, skipa Samlag, faste, trauste Ringar.
           
No er det Tidi: Gjer me inkje nokot no, domnar det mykjet av, og Maalsaki vert yvergrodd. Men tek me i no, so kann me vinna langt.
           
Til dette Møtet, som kjem til aa haldast uti den andre Vika fraa no 1) , vil me beda Folk koma mannsterke. Folk utanfor Kristiania, som kann naa til, bør ogso koma.
           
Det gjeldst aa kunna semjast, so det kann koma noko utav det.
           
Um Kravet og Arbeidet vaart, slik som det gjev oss Grunnlaget til ei Samstelling, kann dette vera ei Rettleiding:
           
Storthinget maa
1)      gjeva oss ein Professor i Norsk;
2)      innføra Norsk ved Seminarskulen;
3)      faa istand ei ny Lesebok for Skulen med minst Helvti av Innhaldet paa norsk;
4)      stydja Utgjevingi av Bibelen og andre vigtige Bøker;
5)      hava Augo med, at Skulestyret ikkje gløymer den Reglen, som er vedteken av baae Statsmagterne, at alle Lærarar saavidt muligt brukar Folkemaalet i Skulen.
            Dette maa Storthinget gjera. Og kvar Mann, som hev Røysterett, elder som paa annan Maate kann hava nokot aa segja, maa gjera sitt til, at det til kvart Thing vert valt Menn, som vil hjelpa til med dette.
           
* * *
           
Me sjølve maa arbeida kvar paa vaar Kant og kvar paa vaar Maate; og det me serleg hev aa gjera er:
1)      tala og skriva Maalet;
2)      kjøpa og lesa alt, som kjem ut paa Maalet;
3)      halda Maalsaki fram for Folk, kor me ferdast, og iser
4)      faa Maalsaki fram i alle Vinstresamlag, so desse kann vita kva det gjeld og i alt sitt Arbeid sikta paa, at den kjem med i vaar Politikk som ei Sak av fyrste Klasse.
 
 * * *
 
Kvart Vinstresamlag, kvart Lærarsamlag, og alle andre slike Lag bør forhandla um Maalsaki og vedtaka Resolusjonar um,
1)      at me vil hava ein norsk Professor;
2)      at me vil hava Maalet inn paa Lærarskularne (Seminarskularne);
3)      at me vil hava Maalet meir og meir gjenomført som Undervisningsmaal i Folkeskulen, og at me serleg vil hava norske Lære- og Lesebøker;
4)      at me so snart som Raad er vil hava Bibelen paa norsk.
 
Desse Resolusjonarne (Vedtaki) skal Samlagi setja inn i Bladi og dessutan senda dei serskilt inn til Storthinget.
             
* * *
           
Me maa visa, at me vil nokot, og at me vil det for Aalvor. Ingen trur, kot mykje det gjerer. Kvar Maalmann bør leggja Merke til dette; og er du med i eit Vinstresamlag elder Lærarsamlag elder nokot annat sovoret Lag, so faa Saki fram der so som her er sagt. Og er der ikkje nokot Lag fyrr i di Bygd, so faa eit slikt Lag istand, elder haldt Folkemøte.
           
 * * *
           
Vinstrepolitikken er og maa vera nasjonal Politikk; daa aaleine vil han slaa uslitelege Røter i Folkegrunnen. Maalsaki og Fridomspolitikken hev same Grunntankarne:
            at Nordmennskal raada i Norig;
            at Folket skal hava sin Rett.
           
Korkje Vinstrepolitikken elder Maalsaki kjem til si rette Utvikling og si fulle Magt, fyrr dei veks ihop til ei einaste stor Sak: den norske Folkesaki.
 
 
1) Sjaa nærmare i næste No. av Fedrah.