[Blackstad held paa med sine Sladdersogur...]

Blackstadheld paa med sine Sladdersogur, endaa han meir og meir vert driven til Veggen, og det no av ein Høgremann som Konsul Jebsen fraa Bergen.
           
Det er baade leidt og løglegt aa sjaa paa. Heile Spursmaalet er no, um Blackstad hev talat ein elder tvo Gonger med Rektor Steen um det eine og same Spursmaalet, og for aa koma etter det, skriv dei no med Redaksjonstrykk i Storbladi um, kor dei stod elder sat den elder hin Gongen, um dei var i Bladsalen elder i Forsamlingssalen, um dei stod med Ryggen til Vindaugat elder med Ryggen til Omnen osfr., - og dette skal daa hava politisk Vigt, ja skal kunna brukast av Defensor i Riksretten.
           
Selmer var ingen stor Mann fyrr; men etter det Forsvaret, han fører for Riksretten, vert han berre mindre og mindre. Det skulde Defensor skyna; men Defensor skynar det ikkje helder. No snakkar Folk um, at Defensor skal vilja hala Saki ut heilt til Februar, og so vil dei byrja paa att med Kompromisforhandlingar . . . eit Aar for seint. Stakkars norske Statsmenn, som altid skal koma for seint! -
           
Men Blackstad, - han stend der med Sladdersogurne sine. Han hev nokk ikkje helder vortet større sidan sist; den Mannen, han no er komen mest paa Jamhøgd med, er, trur me, Gregersen.