"At bevare Grundloven, slig som den er".

[Del 1 av 2]
 
Dette hev lenge voret Programmet fyr Høgre, og me ser, at det er det endaa. Baade paa Kodals-Møtet og paa Gjøvik-Møtet hev Yngvar Nielsen og andre Høgretalarar sagt det.
           
Programmet er i seg sjølv umogelegt, for det er Uraad i Lengdi aa halda paa ei Grunnlog i alle Maatar slik som ho er. Høgre meinar det ikkje so aalvorlegt helder, for det hev sett fram Forslag um aa forandra, eg hugsar ikkje no kor mange Paragraffar i Grunnlogi, men eg trur det er umkring Fjordeparten. Det ser fælt ukonsekvent ut det, at det same Partiet vil hava Grunlogi forandrat slik, og at det same Partiet vil halda paa ho, som ho er; men det høver godt ihop. For den største Forandringi, ein kann gjera i Grunnlogi, det er aa lata ho vera, som ho er, til alle Tider. Høgre vil hava Forandring, kor som er, det er berre Maaten, det spyrst um. Og daa det skynar, at Folket aldri gjeng med paa ei endefram Forandring av Fjordeparten i Grunnlogi, so lyt dei velja den andre Maaten; for so fær dei alle truskyldige med seg.
           
Ja, det er mange, som trur, at det er det beste aa halda paa Grunnlogi og paa alt annat med, slik som det er.
           
Eg hev sjølv eingong voret so konservativ som Spikeren i Veggen, men daa var eg ikkje stor Karen. Daa eg var so ei 10-12 Aar, las eg i ein Kristomati um Nordmennerne paa lag detta: Undersøger man Historiens Aarbøger, vil man finde, at Nordmændene nu er de samme som for Aarhundreder siden. Detta totte eg dengong var den største Ros, ein kunne koma med um oss, og eg totte me laut vera det gjævaste Folket i Verdi. Eg minnest og, at eg vart harm, fyr di me ikkje hadde plent same Maalet som i gamle Dagar, og fyr meg stod det som det store Mynster, at Maalet skulde halda seg slik som det var i alle Maatar, fraa Tjodolv fraa Kvin radt til Andreas Munch.
           
Eg visste ikkje dengong, at Harald Haarfagre baade i Maal og Aatferd var ein Mann paa Nymaaten imot slike gamle Kultar som Starkad og Fridtjov den frøkne. Etter Harald Haarfagre forandrad det seg smaatt um Senn, og Olav den heilage vilde visst synast, at Harald Haarfagre var fælt gamaldagsleg av seg. Og kjem me so langt som til Sverre, daa fyrst fær me sjaa Maalet, som me kjenne det i Kongesogurne, for slik talad dei paa hans Tid.
           
Vøre det ikkje meiningslaust aa segja som so: Slik som Maalet var paa Sverres Tider, soleids skal det no vera heretter i all Æva? Det norske Maalet som alt annat norsk, baade Bunad, Loger og Tankeliv hev havt den Gjerdi i seg, at det hev forandrat seg fraa dei eldste Tiderne og til Kong Sverres Tider, men so stopp! Sidan maa det ikkje forandra seg! Eg trur helder det, at det høyrer med til det norske Maalet aa forandra seg, og kann det ikkje faa Lov til aa forandra seg, so kann det ikkje liva helder.
           
Alt som liver, utviklar seg, og naar det sluttar med aa utvikla seg, so døyr det. Og detta gjeld likso mykje fyr den norske Grunnlogi, som fyr det norske Maalet.
           
Lat oss sjaa, korleids det gjekk med Maalet. Me veit, at etter Sverres Tider vart Bokmaalet paa Lag, som det hadde voret, ei lang Stund frametter. Bygdemaali gjekk sin eigen Veg, og Bokmaalet, som ikkje fylgde med, kunne ikkje halda Bygdemaali ihop. Kvat det kom seg av, at Bokmaalet slik vart liggjande etter, kann me ikkje greida ut um no, men kor som er, Enden vart, at Bokmaalet paa Slutten laag etter som ein tom Orme-Ham, medan dei livande Bygdemaali var komne langt undan; mange hev trutt, at i det 14de og 15de Aarhundrad vart Bygdemaali med eit Slag forandrat, men Sanningi er vel den, at dei utviklad seg jamt fraa dei eldste Tiderne til vaare, Bokmaalet fylgde med i Norigs Vælmagt-Tid, so daa Aandslivet visnad burt, vart Bokmaalet ein daud Ham, plent liksom Selmer-Mennerne no vil hava Grunnlogi.
           
Daa dei so skulde hava Bibelboki paa Norsk, kunne dei ikkje hava ho inn i den gamle Hamen, og i den Forfalls- og Nedgangs-Tidi kunne dei ikkje laga seg ei ny Form; so kom Bibelboki paa Dansk.
           
Ja so gjeng det, den største Forandringi, ein kann gjera, det er aa halda paa det gamle slik som det er.
           
Eg skal nemna nokot annat, som er lettare aa skyna. Daa Harald Hardraade for til England, hadde han 240 Herskip, og denne Floten kunne slaast med kven det so skulde vera i den Tidi. Dei norske Leidingsskipi var sidan i fleire Aarhundrad slike som dei var under Harald Hardraade, og so leid det frametter, til Haakon Magnusson den yngre vart Konge, 1355- 1380. Daa fekk Norig Ufred med Tyskararne. Dei norske Leidingsskipi var daa paa Lag som i gamle Dagar, og ein kunne paa ein Maate segja, at Nordmennerne hadde haldet paa Floten sin slik som han var. Men i Røyndi var det ikkje slik. Hine Folk hadde gjenget fram, medan Nordmennerne stod paa same Flekken, og Tyskararne bygde Skip so store, so dei norske Leidingsskipi mot dei tyske var berre som Hyttur imot ei Kyrkja, og Tyskararne hadde Kanonur og. Paa ei Vis var ikkje den norske Floten forandrad, men i Røyndi var det den største Forandringi, som tenkjast kunne, for i det 11te og 12te Aarh. kunne den norske Floten te seg med Æra, kor det skulde vera, jamvæl i Konstantinopel, og i det 14de var Norig reint verjelaust, og Sjøbygderne fraa Gjøtaelvi til Bergen fekk kjenna, at det er ikkje altid godt aa halda paa det gamle, slik som det er.
 
( Meir.)