Til Hardingarne.

Eg hev høyrt gjetet, at Haukanæs hev atlat seg til aa samla ihop og gjeva ut i Trykkjen gamle Segner og Sogur fraa Hardanger, og at han vil taka aat med Ulvik.
           
Dette er gildt, og ettersom eg ser han skriv, maa det verta ei stor Bok berre um Ulvik.
           
Ei slik Samling vil verta baate til Moro og til Æra for Bygdi, soframt ho vert gjort paa rette Maaten.
           
Til det reiknar eg fyrst og fremst, um ho vert gjort paa rett Maal.
           
Vert ho det, so er det stor Mun i ei slik Bok baate paa ein og annan Maate.
           
Det er ingen Ting det norske Maalet hev slik Studnad i som slike Segner paa Bygdemaal, for ingen Stad er Stilen so god og rein som der, der renn Form og Innhald betre ihop, enn ein Diktar kann gjera det, det er Folkelivet fraa gamle Tider utigjenom som hev født det or seg, og det gjeld berre aa faa nedskrevet det plent paa den Gjerdi, som dei beste kann fortelja det. For Maalsaki trengst det verkeleg aa faa sjaa noko god livande Stil der vestifraa, me hev so reint for lite av honom.
           
Heve De Vissing for, at Boki kjem paa rett Maal, so skal De hjelpa henne fram. Men heve De inkje det, so er det betre, at ho inkje kjem. For slike Segner umsette paa Dansk, det er som um du drog Hudi av eit Beist og so sende det paa Utstellingi millom andre Dyr. Sjaa paa dei Segnerne, som Prof. L. Daae hev gjevet ut paa Dansk, og samanlikn med Segnerne fraa Hallingdal og Valdres, som er paa Bygdemaal. Endaa det er meste berre Bønder, som hev sett ihop dei, so vert Daae sine ingenting imot dei. Nei det gjeng inkje an no lenger i desse Tider aa vera so umyndug at han ein skal endeleg laana Dasken jamvæl til sine eigne Segner. Det vart ei Skamm for Hardanger. Den trur eg visst det um Dykk, at De inkje vil vita av.
           
Dette her segjer eg, fordi eg hev høyrt sume meina, at Boki kom til aa verta paa Dansk. Men det segjer eg uppatt, det skal De passa paa, inkje vert noko av. Heller ingen Ting enn paa Dansk.                              
 
I. M.