Tidender.

Kristiania, den 4de August.
 
Talemaatar. Hule Talemaatar segjer Budstikken, at Sverdrup fer med. Den, som inkje hev rolegt Samvit sjølv søkjer stødt aa faa det rolegare ved aa ljuga paa andre. Den, som stødt hev faret med hule Talemaatar desse Aari, er inkje Johan Sverdrup, han hev kjempat som ein Mann, men det er Høgre, som aldri hev havt nokot annat aa greia seg med. Dei hev hengjet paa desse Talemaatarne so lengje no, og det er inkje aa undrast paa, at det teiknar til, at dei snart vil rjuka i Morki. Sanninggrunnen lyt faa standa, og eg trur det vil visa seg, at det som vert bygt paa han inkje er Talemaatar, men nokot, som stend, um ein med hule Talemaatar freistar aa støypa det aat Morki.                        
 
W . ..
 
           
Berre Politikk.Kristendomsvenerne hev no sendt ut tvo nye kristelege Bøker. Den eine er um det radikale Parti og Myrmannsstellet, den andre um det radikale Parti og Bevilgningsnegtelserne.
 
           
Morgenpostener no sett under Forhøyr for Fadervaaret sitt. Fædrelandet er no att; men Justitsdepartementet vil kje ændsa det, fortel Høgrebladi.
 
           
Sakimed Thommessen og Rustad er no uppteke itl Doms. Dei vil hava Thommessen dømd til 40 Dagars Arest, fyrdi han sagde ifraa um Rustads Gudshæding. Men Rustad sjølv skal sleppa med ei Peningbot.
 
           
Oftedal vert i eit Høgreblad kalla en Herrens Tjener, slagen med Blindhed.
           
           
Selmer hev no fenget 78 Adressur, fortel Morgbl. Godt so, tenkjer det vel, endaa Landet hev 450 Valkrinsar.
           
           
Selmeradressa i Nidaros er det no Staak med att. Dagsposten hev lagt fram Utsegner fraa 14 Menn, at det inkje var med deira Vitande og Vilje, at Namni deira vart sette under Adressa. Dei byd seg til aa gjera Eiden paa det. No vil Høgresamlaget, som stelte til Adressa, faa Stiftamtmannen til aa upptaka Forhøyr, so Saki kann verta utgreid. Han, som bar Lista umkring Byen, hev stadet til, at han uspurt hev skrivet fleire Namn paa Adressa. Han vil dei no hava dømd for Falskneri.
Gjilde Greider!